FEATURE: Desse spela gler vi oss til i oktober
Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Nokre av årets aller største titlar veltar over oss denne månaden.

Kjære vene for ein månad vi har lagt bak oss. Så mange ufyseleg dårlege spel at ein nesten kjenner brekningane velle opp i halsgropa.

Neida, september har gått over all forventning. Sjølv om eg sannsynlegvis aldri heilt kjem til å forstå fascinasjonen for nakne menn i kroppsmåling, er det verkeleg i vinden for tida. Spider-Man scora høgt hos oss, og det er det faktisk ikkje aleine om. Det herlege Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age gav oss òg eit fornøyeleg eventyr. FIFA leverte som vanleg godsakene, medan The Gardens Between gav nøtteknekkjaren noko å tenkje på.

Nokre nedturar ser vi likevel i bakspeilet. NBA 2K19 var ikkje bra, og Shadow of the Tomb Raider var ikkje så bra som vi hadde håpa det skulle vere.

Med det ser vi framover mot ein travel månad med nokre av årets største spel.

Forza Horizon 4

Lekker racing i Forza Horizon 4. Bilete: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 2. oktober

Årets Forza-festival tek oss med til våre vener over dammen i Storbritannia. Her skal du få bryne deg på ei rekke nye bilar, i lekre miljø fulle av sol, regn, vind og alt anna vergudane skulle ha å by på. Dynamiske årstider vil gjere det visuelle interessant, medan ein ny online-del skal by på eit jamt løp med nye utfordringar. Vi har allereie rukke å få ut vår vurdering av spelet, og vi var mektig imponerte over kva Playground Games har levert:

«Det revolusjonerer ingenting i bilsjangeren, men utviklarane har sett kva som fungerte med Forza Horizon 3, lagt til ein online-del med sesongar som verkar spanande, og gitt meg ei ny leikegrind med ein miks av sjuke superbilar og vakre klassikarar. Kva er vel betre enn å putre langs kysten i ein Lamborghini Gallardo, sjå på solskinet og ta ein kopp te?»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Horizon 4

Assassin's Creed Odyssey

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 5. oktober

Ein dag, blir alt dette ditt. Bilete: Ubisoft

Enkelte vil kanskje påstå at vi har fått nok Assassin's Creed-spel no. Eit kanskje meir vesentleg spørsmål er om vi har nok spel om det antikke Hellas. Med Assassin's Creed Odyssey tek Ubisoft med tilbake til ei tid som har vore inspirasjon for mykje av fantasien vi godtar oss med i dag. Du får velje om du vil spele som mann og kvinne, og vi blir lova ei rekke andre nyvinningar attåt. Vi likte det vi såg i vår sniktitt:

«Antikkens Hellas dannar eit interessant bakteppe for spelet, med krigen mellom spartanerane og athenarane som ei god drivkraft for historia. Det gir også Ubisoft moglegheita til å lage nokre heilt nydelege område å utforske. Dei første timane av spelet gir inntrykk av eit Assassin’s Creed som har mykje meir å by på enn på lenge. Interessante figurar, mange nye mekanikkar og ein betre balanse mellom fokus på historie og kamp gjer at interessa mi definitivt er vekka før spelet kjem.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Odyssey

Call of Duty: Black Ops 4

Battle Royale kjem til Call of Duty. Blete: Activision

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 12. oktober

At det kjem eit nytt Call of Duty i år òg kjem vel strengt tatt ikkje som ei bombe. Det som kanskje vil slå ned som ei bombe blant enkelte spelarar, er den totale mangelen på ein einspelarkampanje. I staden ligg fokuset utelukkande på sosiale slagsmål på nettet, og introduksjonen av ein særs tidsriktig Battle Royale-modus. Akkurat denne har vi fått testa, og den ser ut til å levere varene:

«Det å kopiere dei tilfredsstillande skytemekanismane og det jamne rørslesystemet frå Call of Duty og lime det inn på eit Battle Royale-kart er eigentleg heilt genialt. Enkelt, og steikande moro. Det einaste som irriterer meg akkurat no er at me ikkje har hatt dette spelet tidlegare. Då hadde eg spart meg veldig mykje frustrasjon over alle dei tekniske problema til PUBG. For ikkje å snakke om all dødtida.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Black Ops 4

SoulCalibur VI

 

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 19. oktober

Slåssespel har vi ein del av, men få stikk seg ut så grundig som SoulCalibur-serien. I denne skal du ikkje berre kjempe med armar, bein og diverse magiske og eksplosive angrep. Her har du våpen, og med dei kan du ikkje berre hakke laus på motstandaren, men òg øydeleggje det dei måtte ha på seg av rustning. Utviklarane hos Namco Bandai har introdusert nokre nye knep for å gjere forsvar litt enklare, blant anna eit kraftig motangrep som sender oss ut i fyrverkeri i sakte kino.

Tradisjonen tru vil serien by på i alle fall ein gjestekarakter. Tidlegare har alt frå Link til Spawn, Darth Vader og Yoda dukka opp i serien, men denne gongen er det ein ringare ennn Geralt frå The Witcher-serien som trer inn i ringen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på SoulCalibur VI

Red Dead Redemption 2

Red Dead Redemption 2 ser ut til å ose av stemning. Bilete: Rockstar

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 26. oktober

Det herskar vel reint lite tvil om at Red Dead Redemption 2 er eit av årets aller, aller mest etterlengta spel. Det første western-spelet frå Rockstar blei ein massiv suksess blant både kritikarar og publikum, og forventningane er naturlegvis høge for oppfølgjaren. I Red Dead Redemtion 2 tek vi turen ut i den mest ambisiøse opne verda Rockstar har skapt nokon gong, og vi blir med ein noko lovlaus gjeng på tokt gjennom det ville vesten. Våre timar med spelet gav absolutt meirsmak:

«Med fokuset på å stifte bekjentskap med dei ulike figurane i Van der Linde-gjengen får vi kjensla av at vi har ein slags «road trip» i vente, der ein grev seg stadig djupare og djupare inn i kvar enkelts personlegdom medan ein brettar ut ei større historie om jakta på ein lovlaus fridom frå myndigheitene. Kor langt dette går, og om det lukkast er det vanskeleg å spå. Men grunnlaget er heilt klart der.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Red Dead Redemption 2

Meir enn du har tid til

  Bilete: Capcom

Vi får særs mykje å gjere på i årets utgåve av oktober. Visste du til dømes at Capcom diskar opp med eit flunkande nytt Mega Man-spel? Mega Man 11 er på veg, og her får vi sideskrollande action  med litt meir moderne grafikk enn pikselgrafikken i tidlegare spel har bydd på.

Meir sideskrollande action får vi i det godt namngjevne spelet The Missing: J.J. Macfield And The Island Of Memories. Dette nye spelet frå Swery (mannen bak kultklassikaren Deadly Premonition, samt D4: Dark Dreams Don't Die) introduserer oss for ei dame som skal finne veninna si på ei aude øy. Litt i same gate som Limbo må du førebu deg på den eine makabre og grufulle døden etter den andre.

Langt meir lettbeint blir det når Mario, Yoshi og alle venene deira samlast til fest i Super Mario Party. Dette er berre eitt av mange spel som kjem til Switch denne månaden. Det populære DS-rollespelet The World Ends With You kjem ut i ny og oppussa utgåve. I tillegg er både Valkyria Chronicles, Syberia III og Dark Souls: Remastered på veg til Nintendos konsoll. Nintendo 3DS får òg litt kjærleik denne månaden, i form av ein ny versjon av GameCube-spelet Luigi's Mansion.

Thronebreaker gjev litt historie tilkortspelinga. Bilete: CD Projekt RED

Ubisoft prøvar seg på «toys to life»-sjangeren denne månaden. Med Starlink: Battle for Atlas vil dei du skal utforske verdsrommet i romskip du monetrar sjølv, og festar til kontrollaren din. Korleis dette vil slå an gjenstår å sjå, men at det sikkert blir populært blant ungar som ikkje forstår at ting kostar pengar, det er det gode sjansar for.

Om vi tek turen tilbake til landjorda finn vi nokre spel heilt blotta for romskip. I Fist of the North Star: Lost Paradise skal du denge deg gjennom mengder med fiendar, og det same skal du strengt tatt gjere i Warriors Orochi 4 òg. Denging blir det også i Castlevania Requiem: Symphony of the Night & Rondo of Blood, som let PlayStation 4-publikummet nyte eit par gamla klassikarar.

Ein anna klassikar som kjem i ny utgåve denne månaden er eitt av mine absolutte favorittspel dei siste ti åra; Resonance of Fate. Galskapen lenge leve.

Galskap blir det heilt sikkert og når superheltar møtest i LEGO DC Super-Villains, men om vi skal vere heilt sikre på å fullstendig miste siste rest av mental stabilitet, er definitivt Call of Cthulhu vegen å gå. Det som er daudt, og så vidare.

Heilt til slutt tek vi med at spelet du garantert har spelt ei stund allereie omsider får offisiell lansering. Vi snakkar naturlegvis om The Witcher-kortspelet Gwent. For dei spesielt interesserte lanserast spelet saman med den frittståande kampanjen Thronebreaker: The Witcher Tales.

Det var alt vi fekk plass til denne gong, god speling.

Kommentarer (9)

Black Week

tirsdag

Følg alle tilbudene på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen