Manhunt 2 bannlyst i Storbritannia

Oppfølgjaren til eit av dei grovaste spela i spelhistoria blei for sterk kost for britane.

Det britiske filmtilsynet BBFC (British Board of Film Classification) har vurdert Manhunt 2 for Wii og PlayStation 2, og har kome fram til at det er for grovt for britiske kundar. Valden i spelet er av ein så brutal sort, både fysisk og mentalt, at BBFC ikkje ser nokon anna utveg enn å bannlyse det. Dette betyr at det blir ulovleg for butikkar over heile Storbritannia å selge spelet. Det har heller ikkje blitt aldersmerka i Irland.

Se teaser fra spillet

Vis større

Teaser: Manhunt 2 #2

Stikkord:
  • action
  • skrekk
  • spill
  • wii
  • psp
  • playstation 2
  • manhunt
  • Manhunt 2


– Å forkaste eit arbeid er alvorleg, og ikkje ei oppgåve vi tar lett på. Der det er mogleg, vurderar vi å fjerne eller modifisere dei detaljane som motarbeidar retningslinjene våre, men i Manhunt 2 sitt tilfelle har ikkje dette vore mogleg, fortel David Cooke, sjefen for BBFC i ei pressemelding.

Han forklarar kvifor:

– Manhunt 2 er forskjellig frå nyare spel på grunn av sin konstante kjølege og kjenslelause natur. Spelet oppfordrar deg heile tida til brutale drap med eksepsjonelt få avbrekk og lite distansering.

Forrige gong BBFC bannlyste eit spel i Storbritannia var i 1997, då det blodige bilspelet Carmageddon blei avvist. Eit døme på spel som har blitt sensurert tidlegare, er Ninja Gaiden til Xbox. Halshogging blei fjerna frå den europeiske versjonen sidan dette blei for grovt for dei tyske retningslinjene.

I det originale Manhunt spelte du ein fange, og blei beordra til å utføre brutale drap av ei forteljarstemme medan skjulte kamera filma det heile. Det var eit klaustrofobisk spel der du brukte alt frå plastposar til balltre for å ta livet av fiendane dine med bestialske metodar.

I følgje BBFC er Manhunt 2 sin fokus på brutale mord, det totale avviket av andre former for speleglede, samt den dystre forteljarteknikken svært forskjellig frå det originale Manhunt. Difor set dei foten ned i staden for å gje det 18-års aldersgrense. BBFC ser på det som ein betydeleg risiko å sleppe spelet på marknaden, sjølv om det kun blir tilgjengeleg for vaksne.

ELSPA, spelbransjeforeninga i Storbritannia støttar vedtaket i ei pressemelding:

– Ei slik avgjersle frå BBFC demonstrerar at vi har eit effektivt aldersmerkingssystem i Storbritannia. Det viser at systemet fungerar, og at det fungerar bra, seier ELSPA-sjefen Paul Jackson.

Rockstar reagerer

Rockstar Games er ikkje like oppglødde over avgjersla til det britiske filmtilsynet:

Skjermbilde fra Manhunt 2.

– Vi er skuffa over vedtaket til BBFC om å nekte å aldersmerke Manhunt 2. Sjølv om vi respekterar autoriteten til tilsynet, og vil følgje reglane, er vi ueinige i denne avgjersla.

Les også
Igor blir spill

Sjølv om Manhunt 2 inneheld ekstrem vald, finn vi dette i alle former for underhaldning. Rockstar Games er av den oppfatning at dette er noko målgruppa for spelet forstår, og at det difor er synd at BBFC hindrar dei frå å kunne gjere opp sine eigne meiningar.

Som om det ikkje er nok for Rockstar Games å få spelet bannlyst i Storbritannia, har spelet fått ei «Adults Only»-merking av ESRB (Entertainment Software Raiting Board) – organet som bestemmer aldersmerkingane i USA. Det betyr at det kun er lov å selje det til personar over 18 år. Sjølv om amerikanarane ikkje har tatt det drastiske steget å totalforby spelet, betyr ei slik aldersmerking likevel betydelege salstap. Store kjedar som Wallmart, Blockbuster og Best Buy nektar konsekvent å selje produkt med denne merkinga.

Å få denne aldersmerkinga i USA har langt større betydning enn om eit spel får 18-års aldersgrense i Noreg. Blant dei 13.000 spela ESRB har vurdert for aldersmerking, er det kun 23 av dei som har fått «Adults Only»-merkinga. Inntil no har kun The Punisher fått merkinga grunna vald. Resten av spela har i hovudsak fått merkinga grunna seksuelle tema.

Rockstar har rett til å anke avgjersla til BBFC. Kva som skjer med PSP-versjonen er ikkje kjent. Manhunt 2 har enno ikkje blitt vurdert av PEGI – organet som vurderar spel for skandinavia og fleire europeiske land.

Siste fra forsiden