Anmeldelse

Monster Hunter

Om du har ein indre fantasi om å brutalt slakte ned alt frå fredelege planteetarar, til enorme dragar, bør du halde auga oppe for Monster Hunter.

Side 1
Side 2

Enormt og vakkert
Dei første stega du tar i Monster Hunter si verd, er likevel noko som kan få deg til å gløyme alle negative tankar om spelet. Det ser heilt fantastisk ut. Det er imponerande kva Capcom har prestert å putte inn av detaljar i Monster Hunter, utan at det går ut over bildeoppdateringa. Ta det aller første området du bevegar deg inn i. Det du ser er ein enorm open dal. Ved ei elv går nokre store "monster" (veldig inspirert av parasaurolopusar, for dinosaur-kjennarar) og et gras. Over elva ser du enorme fjell, og fleire dinosaurar som går fredeleg omkring. Synsvidda er ubegrensa, og det mest imponerande er at det ser ut som om du kan gå dit. Noko du ikkje kan, for Monster Hunter sine kart er delt inn i soner, og kvar sone er ikkje veldig stor i omfang, men likevel stor nok til at du kan få gjort ein del.

Det blir nesten litt paradoksalt at du i dette fredelege landskapet kun har eit mål, å drepe desse stakkars dinosaurane. Eg fekk lyst til å melde meg inn i dyrebeskyttelsen på flekken der eg brutalt slakta ned forsvarslause planteetarar. Dei gjer kanskje litt motstand, som å svinge med halen mot deg, men det tar ikkje lang tid før dei ligg på bakken i dødskramper. Eg har aldri fått ei så sterk kjensle av å gjere noko heilt feil. Livet går likevel vidare, og snart forflyttar vi oss inn i ein tett jungel. Om du ser for deg ein jungel, er det nok stor sannsynlegheit for at Monster Hunter viser deg det du vil sjå. Skogen er tett, det er eit enormt planteliv, og det er ofte vanskeleg å sjå det du jaktar på.

I tillegg er det ei fryd å sjå så stor variasjon i karakterane. Kven har vel ikkje innsett dei enorme begrensningane du finn i store MMORPG-spel når det gjeld å skape ein karakter? I Monster Hunter kan du kun velje mellom mann og kvinnne, og utvalet i ansikt og hår er ikkje verdas største, men er likevel av respektabel størrelse. Det som skiljer Monster Hunter frå ein del andre spel er kva du kan gjere med hårfarge og utstyr. For å velje hårfarge har du tre val; grøn, blå og rød. Med desse kan du velje akkurat den fargen du vil, kjekt for dei som likar litt individualitet. Samtidig er det eit heilt enormt utval med rustningar og våpen. Det er godt gjort om du finn nokon som i det heile tatt lignar på deg sjølv. Allereie tidleg i spelet vil du byrje å merke at folk har heilt forskjellige utstyr.

Det er klart at litt lyd fungerar som ekstra krydder i dei fleste spel, og du blir definitivt litt ekstra forsiktig når du høyrer lydane frå vingeslag i Monster Hunter. Det er for det meste god kvalitet på lydane i spelet, men eg har ein mistanke om at Capcom har tatt den enkle vegen, og plukka lydar frå det enorme lydbiblioteket svært mange utnyttar. Med andre ord har du nok høyrt ein del av dette før. Musikken er mange hakk betre. Den gir akkurat den storslagne kjensla musikken i eit slikt spel bør gi. Den eliminerar all tvil om at du er i noko anna enn i ei enorm fantasy-verd.

Konklusjon
Monster Hunter er på mange måtar vanskeleg å seie seg opp ei klar meining om. Det kan vere enormt god underhaldning, men det kan også vere det stikk motsette. I eit spel som dette er kommunikasjon alt, og kommunikasjonen i Monster Hunter er dessverre heilt forferdeleg. Har du eit USB-tastatur tilgjengeleg, er du godt rusta for ei god oppleving, men du er ikkje sikra god kommunikasjon likevel. Er du den einaste med tastatur, blir snakkinga uansett veldig einsidig. Reint bortsett frå dette er Monster Hunter god underhaldning. Det er moro å jakte på monster, og gleda over å endeleg få seg eit våpen dobbelt så stort som det du hadde før er stor. Monster Hunter er eit veldig tøft spel med mange gode idèar, men det fungerar dessverre ikkje optimalt.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden