Nyversjonen av musikkspelet Amplitude er utsett

Og Harmonix sonderer terrenget for eit nytt Rock Band-spel.

Før dei blei kjende for plastgitarar og rock 'n' roll med spel som Guitar Hero og Rock Band, bygde Harmonix eit namn for seg sjølve med spel som til dømes Amplitude. I dette spelet får du som i Guitar Hero og Rok Band servert notar som flyg mot deg, men i staden for å spele på imitasjonar av ekte instrument, brukar du kontrollaren for å halde rytmen. Musikken er i tillegg av det elektroniske slaget.

I fjor hadde Harmonix suksess på Kickstarter for å lage ein ny versjon av Amplitude. Planen var å lansere spelet i mars, men frå Eurogamer får vi høyre at det ikkje lenger er tilfelle. Spelet er no utsett til sommaren.

Grunnen til utsetjinga kjem blant anna av at dette er første gong teamet jobbar med PlayStation 4, men òg fordi dei ikkje har ein utgjevar som pustar hardt ned i nakkane deira om å innfri ein låst lanseringsdato. Dette gjev utviklarane meir rom til å optimalisere spelet utan å uroe seg over om det blir ferdig i tide.

Nytt Rock Band på veg?

Får vi eit nytt Rock Band?

Sjølv om Amplitude byr på elektronisk musikk, betyr ikkje det at Harmonix har gjeve opp rocken. Via Twitter har det musikalske studioet oppmoda folket om å delta i ei spørjeundersøking om musikkserien Rock Band. Her kan du svare på kor mykje du har spelt spela i serien, kva spel du spelte mest, om du har nokre instrument, og ikkje minst om du er interessert i å førehandsbestille eit nytt spel i serien.

Om dette betyr at eit nytt Rock Band-spel er i vente er sjølvsagt for tidleg å seie, men sjansane ser i alle fall ut til å vere høge for at det er det Harmonix sjølv vil.

Det har vore stille frå både Guitar Hero og Rock Band dei siste åra, men det betyr på ingen måte at gitarspela er døde. Ubisoft har gjort solid suksess med sine herlege Rocksmith-spel der målet er å lære deg å spele gitar. Rocksmith 2014 som er den førebels siste utgåva i serien, blei lansert på PlayStation 4 og Xbox One i haust.

Siste fra forsiden