Anmeldelse

Hyrule Warriors: Age of Calamity

Eit fyrverkeri av eit spel

Masseslagsmål i Hyrule har aldri vore så moro.

Hyrule Warriors: Age of Calamity

Strengt tatt er det ganske imponerande å sjå korleis Dynasty Warriors-serien har gått frå å vere ei noko obskur nisje-greie for spesielt interesserte, til å snike seg inn i eit mylder av ulike spelunivers, og gradvis finne innpass verda over. Frå starten med spel om legendariske kinesiske krigarar, har dei vida ut, og laga spel om anime-seriar som Gundam, Berserk og One Piece og snirkla seg inn i kjende spelunivers som Dragon Quest, Persona og ikkje minst The Legend of Zelda.

Hyrule Warriors: Age of Calamity er det andre Musou (som serien/sjangeren kallast på fint)-spelet basert på Nintendos spissøyra helt. Det første spelet gav oss ei samling med figurar og heltar frå ulike Zelda-spel for å skru saman ei original historie, men Age of Calamity tek ei heilt anna tilnærming.

Stormen for stilla

I Hyrule Warriors: Age of Calamity får vi sjå Hyrule før fallet.
Nintendo

Hyrule Warriors: Age of Calamity tek utganspunkt i Breath of the Wild, men kastar oss hundre år tilbake i tid. I spelet får vi sjå og delta i det som skapte den øydelagde, men vakre verda vi møter i Breath of the Wild. Vi får sjå Hyrule før fallet, og vi får gjere iherdige forsøk på å redde landet frå den visse undergang. Vi veit jo naturlegvis korleis det vil gå, men det er likevel veldig artig å sjå denne verda slik den ein gong var. Store slott og byar er no å finne der det før berre var grøne sletter og ruinar, men elles er det meste svært likt. Den visuelle stilen er den same, og dei ulike områda er lette å kjenne seg igjen i.

Det som derimot er heilt annleis er, for å seie det enkelt, alt anna. Du får ikkje springe rundt i ei enorm, opa verd denne gongen, men bryner deg i staden på oppdrag du vel frå eit verdskart som stadig blir krydra med nye ting å gjere. Har du spelt eit Musou-spel, har du på sett og vis spelt dei alle, og du veit kva du går til. Kart av ulik storleik byr på eit hav av fiendar, og din jobb er å springe frå klynge til klynge, svinge sverdet eller det våpen din valde krigar måtte bruke, og få fiendane til å fly som gras for ein ljå. Her og der finn du små fort du kan ta over for å sikre deg punkt på kartet, og ein og anna ekstra sterk fiende dukkar òg opp.

Det er i korte trekk oppskrifta alle desse spela følgjer, og Hyrule Warriors: Age of Calamity prøvar ikkje å rote med den. Det Hyrule Warriors: Age of Calamity byr på over andre spel i same sjanger, er naturlegvis Zelda-faktoren. Dette spelet fortel ei historie eg vil tru mange Breath of the Wild-fans gjerne vil suge til seg, og det gjer det ved å by på den kanskje beste krigarstallen serien har sett.

Age of Calamity framstår både kjappare og spenstigare, og ikkje minst meir leikent enn serien har gjort på lang tid. Kampsystemet i Breath of the Wild framstår mest som ein ettertanke samanlikna med dette. Det er kjapt, intenst og du virvlar deg rundt på skjermen som ein tornado gjennom fiendar medan du her og der brukar nokre overdådige spesialangrep, eller herjar med fiendane med ein forenkla variant av runane frå Breath of the Wild. Det er alltid eit snev av galskap i slike spel, men Age of Calamity gjer ein spesielt god jobb i å gje deg kjensla av å vere overmektig der lys og fyrverkeri sprakar på skjermen medan du jagar fiendane.

Eit mylder av heltar

Heltane som skal redde verda.
Nintendo

Hadde du berre fått spele som Link hadde eg strengt att vore glad nok, eit godt Musou-spel er av og til nøyaktig det eg treng for å omkalibrere hjernen litt. Å meie ned store flokkar med fiendar er stor moro, men som vanleg i eit Musou-spel samlar du etter kvart saman ein haug med krigarar. Dei aller fleste vil vere kjende for dei som har spelt Breath of the Wild, og blant dei mange krigarane vi får bryne oss på finn vi blant anna Impa, Zelda, Mipha og Daruk.

Dei har alle svært ulike måtar å krige på, noko som gjer det ekstra moro å prøve dei ut. Zelda brukar til dømes runer til å kaste rundt seg med alt frå tunge metalliske objekt til bomber, medan Impa raskt blir eit inferno der ho manar fram kopiar av seg sjølv som virvlar over fiendane i det som mest framstårsom eit ukontrollerbart kaos inntil meistringa smyg seg inn på deg. Kontrollsystema på dei ulike krigarane er i utgangspunktet det same, men det er likevel nok av små forskjellar til at dei ofte erfarast radikalt ulike.

Det er òg veldig lett å byte mellom heltar medan du spelar. Som regel har du tre eller fire spelbare karakterar med deg på oppdrag, og eit knappetrykk byter mellom kvar. Dette er spesielt praktisk når du har fleire mål som skal nåast. Då kan du gi dei andre på laget ditt ordre om å springe til ein gitt stad, medan du går laus på fiendar, og så skiftar du mellom dei ulike krigarane i tur og orden.

For å eskalere kaoset enda nokre hakk kan du til og med spele saman med ein ven på delt skjerm. Dette er stor, kaotisk moro, og det einaste ankepunktet er eigentleg at biletefrekvensen får seg ein støkk.

Det er litt greit å påpeike at dette ikkje er eit spel der du møter mykje stor motstand. Fiendane er dumme som stein og står stort sett berre og ventar på at du skal ta dei av dage. Unntaka er sterke sjefs- og mellomsjefsfiendar, samt fiendar som skyt eller kastar ting på deg. Dette kan kanskje høyrest ut som noko negativt, men når du kan ta knekken på ei tosifra mengde fiendar med eitt slag, blir det tydeleg at om kvar og ein av dei skulle by på mykje motstand, hadde det blitt heilt håplaust. Dette er ikkje Dark Souls, og takk og lov for det.

Moblinslakt er stor moro.
Nintendo

Våpen, der dei høyrer heime

Som i Breath of the Wild vil du i Age of Calamity plukke med deg ein haug med våpen. Den store forskjellen er at ingen våpen går i knas etter bruk i dette spelet. I staden vel du deg våpna som er sterkast, og kan bruke alle dei andre til å forsterke våpna du brukar. Eg skal ikkje prøve å leggje skjul på kor mykje betre eg likar dette systemet enn alle dritvåpna du plukka og kasta i Breath of the Wild. Det følest nesten som eit lite spark til Breath of the Wild å kunne bruke ei grein til å gjere eit sverd sterkare, men det lev eg heilt fint med.

Dette er ikkje den einaste forbetringa Age of Calamity byr på i forhold til Breath of the Wild. Musikken i dette spelet er i ein klasse for seg. Ikkje at den på nokon måte var dårleg i Breath of the Wild. Det spelet er fullt av nydeleg musikk, men om du er som meg, blir det litt for stille store delar av spela. Eg likar ikkje spel der det eg høyrer mest er lyden av hovudpersonen som spring. Eg vil ha spel som fyller kvar scene med musikalske tonar, og det er nettopp det vi får i Age of Calamity.

Det er naturlegvis langt meir pomopøst og dramatisk enn i Breath of the Wild, men det seier seg nesten sjølv når vi har med eit spel som utelukkande går ut på kamp. Borte er dei rolege, stemningsfulle melodiane, og igjen står dramatiske strykarar, blåsarar og pulserande musikk som gjer alt den kan for å dra deg i gong. Spelet dreg i langt større grad enn Breath of the Wild inn gamle Zelda-melodiar, og sjølv om dette ofte er subtilt og kanskje vanskeleg å leggje merke til, kjenner du det. Og personleg får eg langt større kjensle av å spele eit Zelda-spel enn kva eg ofte fekk i Breath of the Wild, og det er i hovudsak musikken si forteneste.

Konklusjon

Zelda har ein ganske unik måte å handtere fiendar på.
Nintendo

Hyrule Warriors: Age of Calamity gjer det Warriors-spel alltid gjer. Det lar deg springe rundt på slagmarka og denge folk og hytt og pine nesten utan motstand. Det er verken spesielt djupt eller komplekst, men det er stor, lettbeint moro. Spesielt moro er det òg at vi får ei historie som er knytta direkte opp mot The Legend of Zelda: Breath of the Wild. Her får vi forteljinga om kva som skjedde før det spelet, og sjølv om det ikkje er stor forteljarkunst, er det spanande nok, og glir saumlaust inn side om side med historia i Breath of the Wild.

Det som løftar dette spelet over andre liknande spel er først og fremst det fantastiske persongalleriet. Omega Studio har verkeleg tatt dei ulike personane frå Breath of the Wild og skrudd saman kreative og sprudlande kampstilar som sørgjer for at alle er unike og interessante å spele. Det er verkeleg verdt å prøve ut alle for å sjå kven du likar best, og det er få som er like.

Som med alle Warriors-spel så er det veldig smak og behag om ein vil like det eller ikkje. Det er litt hjernedaud underhaldning, og om du forventar og krev djupe og komplekse kampsystem er ikkje dette staden. Her skal fiendar meiast ned for fote i eit høgt tempo, og på akkurat det punktet gjer Hyrule Warriors: Age of Calamity ein knakandes god jobb. Med fantastisk musikk som bakteppe, er det duka for mange timar med moro.

8
/10
Hyrule Warriors: Age of Calamity
Masseslagsmål i Hyrule har aldri vore så moro.

Siste fra forsiden