Anmeldelse

Cold Winter

Nokre gongar er det strengt tatt ikkje nødvendig å finne opp hjulet på ny. Av og til er det nok med ein britisk agent og ein molotov cocktail.

Side 1
Side 2

Våpen for einkvar smak
Det er ikkje alltid granatar og bomber er tingen for å få deg vidare. Eit solid utval våpen sørger for at du kjem til å kose deg uansett kva du vil gjere. I nokre oppdrag byrjar du kanskje med lyddempa våpen, og kan velje å gjere ting i det skjulte om du vil. Om du ikkje er redd for å lage litt bråk, kan du eventuelt plukke opp det første og beste våpenet du finn. Utover det du startar med, er det ikkje så mange andre våpen å finne på eit brett. Sjølv om kvart brett gjerne har eit begrensa utval med våpen, inneheld spelet over tredve våpen. Dette talet er kanskje i høgste laget, men resultatet er at spelet ofte kjennest nytt og spanande. Du finn ofte eit våpen du ikkje har prøvd før, og dette hindrar på mange måtar spelet i å ende opp som forelda allereie etter nokre timar.

Den kunstige intelligensen er veldig god, og kan ofte by på ei utfordring. Som regel bevegar fiendane seg i grupper, der leiaren er den mest inteligente. Ved å drepe han, kan du lettare ta ned resten, sidan dei raskt blir uorganiserte. Ein standard soldat vil gjerne springe mot deg utan tanke for eige liv, medan ein leiar ser situasjonen an, og byr på mykje hardare mostand. Sjølv om den kunstige intelligensen er over gjennomsnittet hindrar ikkje det spelet i å ha sine litt mindre imponerande augeblikk. Sjølv om fiendane finn ting å gøyme seg bak, innser dei aldri at det kanskje er ein idè å finne andre måtar å ta deg på. Ofte kan du berre ligge på lur medan du plukkar dei ned, ein etter ein.

Cold Winter er eit veldig blodig spel. Det skal ikkje meir enn ei kule til for at folk skal miste hovudet, og både armar og bein flyr i alle vinklar. Det kan nesten virke som om Andrew Sterling har mykje kraftigar våpen enn alle andre. Å drepe ein fiende er tilsynelatande realistisk, i og med at det ikkje er så mange kulene som skal til. Derfor er det litt ekstra rart at det skal så enormt mykje til for å drepe deg. Realisme blir ikkje eit kraftig ord i eit spel som inneheld kanskje den beste fysikkmotoren PlayStation 2 kan by på. Fysikken er eigentleg det einaste ved grafikken i Cold Winter som hevar seg over normen. Teksturane er uskarpe, og det er få ting som er spesielt godt detaljerte. Designen på bretta er derimot av veldig høg kvalitet.

Det har praktisk talt blitt påkrevd med fleirspelar-modusar den siste tide. I Cold Winter kunne vi like godt greid oss utan. Fleirspelar-modusen i Cold Winter er skuffande uoppfinnsom og kjedeleg. Den er ikkje direkte dårleg, men vi har sett det før, mange gongar og mykje betre. Designen på dei forskjellige bretta er også mykje dårlegare enn kva den er i historia. Når du då ser for deg at mange brett er veldig store, medan det kun er rom for åtte spelarar, er det ikkje alt som fungerar. Det er veldig lett for nokon å finne seg ein trygg plass dei kan ligge på lur, berre for å plukke ned alle som måtte kome i vegen. Moro for han kanskje, men kjedeleg for alle andre.

Konklusjon
Cold Winter kjem ikkje til å gi deg noko som helst om du forventar å finne eit spel som gjer det same for sjangeren som Halo gjor ved lanseringa av Xbox. Det er ikkje eit revolusjonerane spel som tar alt til nye høgder, og derfor når det nok aldri heilt til topp heller. Cold Winter er derimot eit veldig morosamt spel. Det har ei god historie, og spelmekanikkane fungerar glimrande. Som sagt er det ikkje noko som vil rokke ved røtene til sjangeren, men måten det er tilrettelagt for deg på, er noko andre burde ta notis av. For lett, men fantastisk god underhaldning med solid action og ei god historie, er Cold Winter eit veldig trygt val. Det er moro å spele om du har fem minutt, eller fem timar til rådigheit, og det er definitivt eit av dei beste skytespela på PlayStation 2.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden