Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Vi får eit nytt eventyr med krigsguden, og kan prøve Nintendos nye papputstyr.

Montasje Gamer.no

Blir det varmt snart? Som dei fleste andre oppegåande menneske veit eg å setje pris på gode unnskuldningar for å halde meg inne med noko godt på skjermen, men til og med eg har grenser. Den kulda russarane har gjeve oss i gåve i år kunne dei hatt for seg sjølve.

Det er bra vi har ein sterk spelmånad bak oss. Vi har fått dei herlege strategiperlene Hearts of Iron IV: Waking the Tiger og Surviving Mars, glitrande action i Far Cry 5 og Warhammer: Vermintide 2, samt eit nydeleg rollespel i Ni No Kuni 2: Revenant Kingdom. Ikkje alle spela har innfridd. Storsatsinga Sea of Thieves viste seg å vere litt tynt, medan samarbeidseventyret A Way Out sleit med å engasjere.

April ser derimot ut til å bli noko heilt spesielt.

Extinction

Skal det vere eit massivt beist til frukost?
Iron Galaxy

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. april

Slåssespelveteranane hos Iron Galaxy har funne ut at det er på tide med noko nytt, og har tatt med seg alt dei har lært for å lage actionspelet Extinction. Her spelar du ein einsleg mann som er den einaste i heile verda som kan redde, vel, verda frå den visse undergang. Med eit sverd som einaste hjelpemiddel må du ta opp kampen mot ei lang rekke skyskraparar av nokre monster, før dei et alt som er igjen av menneska.

Iron Galaxy lovar fri navigering der du kan springe opp veggar, gli gjennom lufta, og hogge både armar og bein av dei digre beista og dei mykje mindre lakeiane som følgjer dei. Extinction byr på fargerik grafikk og ser ut til å by på noko litt utanom normalen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Extinction

Yakuza 6: The Song of Life

I Yakuza gjer du alt med stil.
Sega

Plattform: PlayStation 4
Ute: 17. april

Yakuza-serien ser ikkje ut til å nokon enda ta, og det er godt nytt for dei som har fylgt serien sidan PlayStation 2-dagane. I kapittel 6 av den populære gansterserien startar det heile med at Kazuma blir sendt i fengsel etter eit opphald på sjukehus. Etter nokre år i kasjotten vil han aller helst bruke tida si på å gje dei yngste blant oss ei trygg framtid, men fullt så lettvindt kan livet sjølvsagt ikkje vere.

I rolla som Kazuma kan vi vente oss meir av seriens kjenneteikn. Her blir det eit solid fokus på historie i ei opa verd der du kan gjere alt frå å gå på bar til å pryle kjeltringar i mørke bakgater. Om du ikkje heilt veit kvar du skal byrje med serien, gav Sega ut nye versjonar av dei første spela i fjor.

Les også
Anmeldelse: God of War

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yakuza 6: The Song of Life

God of War

Kratos møter norrøne beist.
Sony

Plattform: PlayStation 4
Ute: 20. april

Ein av dei største i viktigaste seriane på PlayStation er tilbake, men ikkje slik vi kjenner den. Kratos er ferdig med å trykke auga lengre inn i skallane på greske gudar, og har no vandra lengre nord for å sjå kor godt han klarar seg i møtet med norrøn mytologi. Som om det ikkje var nok, har han no fått seg ein liten gut å passe på. Vi likte absolutt det vi såg i vår sniktitt:

«Til sjuande og sist er det kanskje dette, Kratos og Atreus' personlege historie, som foreløpig virkar mest forlokkande ved det nye God of War. Kampane, gåtene og utforskinga framstår alle som bunnsolide (både kvar for seg og som èi kollektiv spelpakke), men det er handlinga, og den mystiske tilknytninga til dei originale spela, som tirrer meg aller mest akkurat no.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på God of War

Frostpunk

Kan halde denne forfrosne byen gåande?
11 bit studios

Plattform: Windows
Ute: 24. april

Frostpunk er det nye spelet frå gjengen bak This War of Mine, og det i seg sjølv burde vere grunn nok til å glede seg. Med Frostpunk vil vi igjen få mange vanskeleg val å bryne oss på, men denne gongen skal du ta vare på ein heil by. Året er 1886 og iskaldt vêr har øydelagt både maten og liva til millionar av menneske.

Som sjef for byen må du handtere prekær matmangel, og vanskelege avgjersler som om du skal tillate barnearbeid eller ikkje når konsekvensane ofte kan vere fatale. I kjerna av Frostpunkt står konflikta mellom å ha nok ressursar, og kva som er moralsk riktig. På toppen av det heile står behovet for å bryne seg på å ta turen ut av byen, for å finne ut kva som eigentleg skjer i verda.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Frostpunk

Nintendo Labo

Endeleg ein moped utan den fordømte lyden!
Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 27. april

Nintendo har alltid likt å gå sine eigne vegar, og det gjer dei i aller høgste grad når dei lanserer Nintendo Labo denne månaden. Dette er ei samling med produkt der målet er å bygge alskens ting ut av papp. Ideen bak er så enkel som at du bygge ei leike av papp, puttar Switch-konsollen eller Joy-Con-kontrollarane inn i konstruksjonen, og byrjar å leike. Du kan lage alt frå fungerande leikebilar til fiskestenger, eller motorsyklar og piano.

Labo er langt meir avanserte enn å til dømes dytte ein Wii-kontroll inn i eit plastratt. Både gyro og IR blir nytta til det fulle for å la deg bygge alt frå enkle konstruksjonar, til svært avanserte og komplekse byggverk som vil kreve både tid og tolmod.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nintendo Labo

Litt attåt

Snart kan du oppleve Senuas traumer på Xbox One.
Ninja Theory

Sjølv om det er fleire spanande spel på tapeten i april, er det ein litt rolegare månad enn vi kanskje er vande med. Det er svært få storspel, noko som kanskje skuldast at folk er redd for Kratos, men kva veit vi.

Det som står igjen utover det vi allereie har trekt fram, er med to hederlege unntak gamle spel på ny. Minit er eit snodig lite eventyrspel der du berre spela i 60 sekund om gangen. Det heile er i svart kvitt, og minnar ganske mykje om korleis spela såg ut då eg var ung. Hakket meir avansert er Urban Trial Playground. Her skal du køyre motorcross på strendene i California.

Og med det er det over på gammalt nytt. Actionrollespelet Ys Origin lanserast på Xbox One, og det same gjer det eineståande actionspelet Hellblade: Senua's Sacrifice.

Om du treng litt MMO-moro, kan det kanskje freiste at det godt etablerte spelet Tera lanserast på Xbox One og PlayStation 4 i april. Skyrim VR tek på si side hoppet frå PlayStation 4 til PC.

Heilt til slutt kjem South Park-gjengen for å lage promp, fis og skarp poplistisk satire på Switch.

Vel bekomme.

Siste fra forsiden