FEATURE: Desse spela gler vi oss til i mars
Feature
(Foto: Montasje Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i mars

Denne månaden blir det fullt av fanatiske rotter på bøljan blå.

Dei sa det skulle bli vår, men med Sibirkulda over oss er det vel ikkje stort anna å gjere enn å krype ned i godstolen med nokre saftige spel. Vi både håpar og trur mars kjem til å bli ein betre månad enn februar. Vi hadde håpa på mykje, men fekk litt mindre.

Vi fekk kanskje nokre solide strategiopplevingar i Age of Empires: Definitive Editions og Rise and Fall-utvidinga til Civilization VI, men lenge etterlengta Kingdom Come: Deliverance skuffa stort, mest av alt grunna masse teknisk tull. Vakre Fe var ikkje like moro som det var stemningsfullt, og det viser seg at fisking i Barentshavet ikkje er så moro som ein skulle tru.

Vi slettar med det februar frå harddisken, og ser framover mot (forhåpentlegvis) litt grønare jaktmarker.

Warhammer: Vermintide 2

Har du rottefellene klare? Bilde: Fatshark

Plattform: Windows
Ute: 8. mars

Warhammer: Vermintide blei ein solid suksess for svenske Fatshark, og som seg hør og bør med ein suksess, kjem det ein oppfølgjar. I spel nummer to blir vi lova eit langt meir komplekst spel der du ikkje berre vel deg ein rollefigur å spele som, men samtidig kan leie denne figuren ned tre forskjellige spesialiseringsvegar.

Det overordna gameplayet ser derimot ut til å bli relativt uforandra. Vermintide var eit Left 4 Dead-inspirert Warhammer-spel, og det blir oppfølgjaren òg. Her skal du slakte rottefolket skaven til den store gullmedaljen, men for å gjere det heile ekstra klissete har skaven no rotta seg saman med kaosfolket for å byr på ekstra mykje gugge. Om du har nokre vener som har lyst til å jakte skadedyr, er dette spelet for deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Warhammer: Vermintide 2

Sea of Thieves

Femten mann på daud manns kiste! Bilde: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows
UTe: 20. mars

Etter mange år med eit noko snevert fokus på spel for Kinect, er det endeleg tid for noko heilt nytt frå det legendariske spelstudioet Rare. Sea of Thieves er eit sjørøvarspel der du kan rotte deg saman med nokre vener for å leggje ut på sjørøvartokt. Spelet ser spesielt lovande ut med tanke på dei lekre vanneffektane som gjer siglinga til noko heilt spesielt. Vi såg mykje potensiale etter å ha testa det, sjølv om vi hadde nokre ankepunkt:

«Det er ei fryd å sigle på det praktfulle havet utviklar Rare har animert, og veldig morosamt å ferdast med vener. Det blir spanande å sjå korleis Sea of Thieves endar opp med å bli, men for at det verkeleg skal vere eit spel som ikkje gir slepp etter berre nokre timar, treng det å tilby mykje meir enn det eg har vore med på så langt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sea of Thieves

A Way Out

Samarbeidsmoro for to. Foto: Electronic Arts

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 23. mars

A Way Out er det andre spelet frå den svenske regissøren Josef Fares som står bak filmar som Kopps, og spel som Brothers: A Tale of Two Sons. A Way Out er eit spel som er laga for å bli spelt saman med nokon, helst via delt skjerm. Vi følgjer to menn som skal rømme frå fengsel, og slikt blir det dramatikk av. Vi likte det vi så i vår sniktitt:

«Lysta til å få kloa i det fulle spelet har berre økt etter den vesle demonstrasjonen vi fekk saman med Josef Fares. Valmoglegheitene og lineære, filmatiske sekvensar om kvarandre verkar svært lovande, spesielt når ein tenkjer på arbeidet som er blitt lagt ned i å skape ei forteljng, figurar og omgjevnader som verkar så truverdige og verkelege som mogleg.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på A Way Out

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom

Lekkert japansk rollespel på veg. Foto: Level 5

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 23. mars

Japanske Level 5 har mange flotte rollespel bak seg, men Ni No Kuni var noko heilt spesielt. Her samarbeida utviklarane med teiknefilmstudioet Studio Ghibli om å lage eit moderne eventyr. I oppfølgjaren skal du i rolla som unge Kong Evan byggje opp igjen eit heilt kongerike. Med eit lovande nytt kampsystem, og fantastisk grafikk er det all grunn til å glede seg. Det gjer i alle fall vi, etter å ha tatt ein nærare kikk på spelet:

«Eg er jamt over imponert over dette spelet. Med meir fokus på magi-verda opnar utviklaren opp for meir omfattande historier og figurar, og med nye system som Kingdom Mode trur eg spelet vil følast som ein oppfølgjar, samtidig som det renner over av sjarmen som fekk folk til å forelske seg i det originale spelet i utgangspunktet.»

Sjå bilete, les artiklar, og finn beste pris på Ni No Kuni II: Revenant Kingdom

Far Cry 5

Klar for kamp mot religiøse fanatikarar? Bilde: Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 27. mars

Far Cry-serien har bevegd seg temmeleg langt frå kva den starta som i hendene hos tyske Crytek, og har gått frå kampar mot mutantmonster, til gloheite kampar på den afrikanske savanna, og no til ein bitande kamp mot religiøse fanatikarar i USA. I tillegg til eit spanande utgangspunkt, lovar utviklarane ei rekke forbetringar til formelen, og etter å ha kika nærare på det, kan vi ikkje gjere stort anna enne å glede oss:

«Med ein ny komponist som ikler Montana-settinga stilfulle country- og rock ’n roll-tonar, og spelmekanikkar som fungerer like godt som i forgjengarane, er Far Cry 5 eit svært attraktivt spill. Når det i tillegg har blitt gjort ei omstrukturering i form at både historie og verdenskart er opnare – det vil ikke lengre vere nokon avsperra område atterhaldne seinare delar av historia – er nysgjerrigheita rundt dette spelet komplett.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Far Cry 5

Strategi, dinosaurar og leiremonster

Final Fantasy XV kjem endeleg til PC. Bilde: Square Enix

Ingen månad er komplett utan nokre gamle spel i ny drakt, og mars 2018 er på ingen måte eit unntak. Denne månaden er det to gamle Nintendo 64-klassikarar som først skal i ringen. Dinosaurjegaren Turok er tilbake i dei to første spela i serien. Turok: Dinosaur Hunter imponerte stort då det demonstrerte kva Nintendo 64 var i stand til, og no kan du sjølv sjå kva oss gamle kara sikla etter tilbake i 1997. Når du er ferdig med det, kan du kaste deg over Turok 2: Seeds of Evil.

Eit hakket yngre spel er Assassin's Creed Rogue, som denne månaden blir lansert på Xbox One og PlayStation 4. Det same blir kunsttjuvspelet The Raven, som i tillegg blir pussa opp på PC.

Ein PC-versjon mange har sett fram til er Final Fantasy XV som endeleg dukkar opp i det som for mange sikkert blir den definitive versjonen. Her skal sikkert mange få køyrt riggane sine.

Eit knippe heilt ferske spel skal det òg bli denne månaden.

Surviving Mars er eit strategispel der du, vel, skal overleve på Mars med alle dei utfordringane du møter der. Golem er noko heilt anna, og er eit lovande spel for PlayStation VR med musikk frå ingen ringare enn Halo-komponistenh Marty O'Donnel.

For dei som hugsar dei gamle Fear Effect-spela blir mars ein heilt spesiell månad. Denne månaden kjem serien tilbake i det isometriske eventyret Fear Effect Sedna. Dette spelet er laga saman med originale utviklarar, og blei til gjennom Square Enix sin folkefinansieringsinitiativ The Collective.

Det kanskje mest spanande spelet denne månaden er likevel Super Seducer. Dette er spelet for deg som ikkje har draget, og treng hjelp frå ein ekspert i kunsten å forføre. Her får du sjå både korleis det skal, og korleis det definitivt ikkje skal gjerast.

Med det takkar vi for oss for denne gong. Nyt kulda.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Sea of Thieves

Surviving Mars

Assassin's Creed Rogue Remastered

A Way Out

The Raven Remastered

Far Cry 5

A Way Out

Far Cry 5

Far Cry 5

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom

The Raven Remastered

A Way Out

The Raven Remastered

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom

Assassin's Creed Rogue Remastered

Final Fantasy XV Windows Edition

Fear Effect Sedna

Warhammer: Vermintide 2

Fear Effect Sedna

Golem

Surviving Mars

Super Seducer

Surviving Mars

Super Seducer

Turok 2: Seeds of Evil

Sea of Thieves

Sea of Thieves   Les mer »

Surviving Mars   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 237,-
Nedlasting 279,-
På lager 279,-
Forventet lagerdato 297,-

Assassin's Creed Rogue Remastered   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 234,-
Nedlasting 246,-
På lager 249,-
Ikke på lager 249,-

A Way Out   Les mer »

The Raven Remastered   Les mer »

Far Cry 5   Les mer »

A Way Out   Les mer »

Far Cry 5   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 416,-
På lager 479,-
Nedlasting 549,-
Nedlasting 579,-

Far Cry 5   Les mer »

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom   Les mer »

The Raven Remastered   Les mer »

A Way Out   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 249,-
På lager 299,-
På lager 299,-
Forventet lagerdato 335,-

The Raven Remastered   Les mer »

Ni No Kuni II: Revenant Kingdom   Les mer »

Beste priser

På lager 223,-
Nedlasting 569,-
Nedlasting 579,-
På lager 998,-

Assassin's Creed Rogue Remastered   Les mer »

Beste priser

Forventet lagerdato 234,-
På lager 249,-
På lager 288,-
På lager 299,-

Final Fantasy XV Windows Edition   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 303,-
Nedlasting 415,-
Nedlasting 473,-
På lager 499,-

Fear Effect Sedna   Les mer »

Warhammer: Vermintide 2   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 207,-
Nedlasting 212,-
Nedlasting 265,-

Fear Effect Sedna   Les mer »

Golem   Les mer »

Surviving Mars   Les mer »

Beste priser

På lager 279,-
Forventet lagerdato 297,-
På lager 321,-
På lager 379,-

Super Seducer   Les mer »

Surviving Mars   Les mer »

Beste priser

På lager 378,-
På lager 379,-
Forventet lagerdato 400,-

Super Seducer   Les mer »

Turok 2: Seeds of Evil   Les mer »

Sea of Thieves   Les mer »

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen