FEATURE: Desse spela gler vi oss til i september
Feature
(Bilde: Kollasj, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i september

Sport og eventyr pregar årets første haustmånad.

Sorry Mac! Sommaren er over. Det er berre å innsjå det. Kvardagen er tilbake og gleda over å kunne gjere så lite som mogleg i vekevis ligg no eit nytt år unna. Som vanleg har vi overlevd atter ein ustabil sommar full av skiftande vêr og skiftande spelkvalitet.

Spela som har blitt lansert i sommarmånadane har strengt tatt vore av uhyre varierande tyngde. Det særs etterlengta romspelet No Man's Sky blei ein av årets store skuffelsar, medan skyterollespelet Deus Ex: Mankind Divided absolutt leverte kybernetiske varer til folket.

Meir rollespelmoro fekk vi i vakre I Am Setsuna, eit japansk rollespel inspirert av 90-talets største perler. No skal vi derimot sjå framover mot kva årets første haustmånad har å by på.

Earthlock: Festival of Magic

Earthlock: Festival of Magic er utvikla i Noreg.
Earthlock: Festival of Magic er utvikla i Noreg. Bilde: Snowcastle Games

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 1. september

Earthlock: Festival of Magic er noko så uvanleg som eit japansk rollespel, laga i Noreg. Så veldig japansk er kanskje spelet ikkje, men det er i alle fall derifrå utviklarane i Snowcastle Games har henta det aller meste av inspirasjonen sin frå. Med Earthlock satsar dei på å gje spelarar verda over ei spanande reise gjennom ei fargerik verd full av utfordringar og fantasifulle område. Dette skal ein ikkje sjå bort frå at dei lukkast med, sidan spelet blir eit gratisspel på Xbox Live denne månaden.

Ved sidan av turbaserte kampar som krev kløkt for å hamle opp med, byr Earthlock òg på ein liten hagemodus der du kan dyrke planter for å produsere ingrediensar du seinare kan lage våpen av.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Earthlock: Festival of Magic

Pro Evolution Soccer 2017

Fotball til folket!
Fotball til folket! Bilde: Konami

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 15. september

Sjølv om EA strengt tatt styrer skuta kva fotballspel angår, stoppar ikkje det Konami frå å gjere sitt beste. Med Pro Evolution Soccer 2017 har dei fått enda fleire lisensar å leike med, og du vil kunne ta styringa over lag som blant anna Barcelona og Liverpool. Denne gong òg er det FOX Engine som blir brukt for å byggje spelet, noko som burde sørgje for at det ser rimeleg bra ut.

På den tekniske sida har utviklarane skrudd ned tempoet eit par hakk sidan førre spel. I tillegg vil spelet få kontinuerlege oppdateringar som sørgjer for at spelet ikkje blir utdatert i forhold til kva som skjer i den verkelege verda.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pro Evolution Soccer 2017

ReCore

ReCore ser ut til å kunne bli eit spanande eventyr.
ReCore ser ut til å kunne bli eit spanande eventyr. Bilde: Microsoft Studios

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 16. september

Med ReCore har Microsoft prøvd å finne på noko heilt nytt i sin katalog med førstepartispel. Dei tok kontakt med Mega Man-skapar Keiji Inafune, samt Metroid Prime-veteranane hos Armatur Studios, og resultatet har blitt eit actioneventyr der vi følgjer ei ung dame og robothunden hennar. Denne hunden kan utviklast til å handtere mange ulike situasjonar. Vi tok ein kikk på det under årets E3-messe:

«ReCore var eit av spela eg hadde størst forventningar til frå fjorårets E3-messe, og etter å ha sett det i aksjon har forventningane berre vakse seg større. Skytinga sit godt, og det er moro å hoppe frå stad til stad medan ein peprar laus på spelets diverse fiendar. Dine egne robotar er aldri i vegen, men set i staden preg på kampane på ein positiv måte.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på ReCore

Forza Horizon 3

Fart og spaning i Forza Horizon 3.
Fart og spaning i Forza Horizon 3. Bilde: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 27. september

Eit nytt år betyr som regel eit nytt og heftig køyrespel i ei eller anna form. Denne gong er det eit nytt Forza Horizon-spel som skal guide deg gjennom kunsten å svi gummi. Spelet lanserast både på Xbox One og Windows, noko som burde glede dei som ikkje heilt ser poenget med å plassere ei spelmaskin under TV-en. Vi tok ein kikk på spelet under årets E3-messe, og ser absolutt fram til lanseringa:

«I følgje Playground er dette det mest sosiale Forza Horizon-spelet dei har laga. Alt kan tilpassast, justerast og finpussast til sitt ypparste før du deler det med venene dine over Xbox Live. Frå eit reint teknisk standpunkt er spelet nydeleg, med skikkelig stemningsetjande musikk og ei køyrekjensle som sit frå det augneblikket du dyttar inn gassen. Takka vere «crossplay»-funksjonen kan PC- og Xbox One-spele på lag, uavhengig av plattform.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Horizon 3

FIFA 17

Årets FIFA byr på ein eigen historiemodus.
Årets FIFA byr på ein eigen historiemodus. Bilde: EA

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One, Windows
Ute: 29. september

At det kjem eit nytt FIFA i år og burde vel ikkje overraske nokon. Kva denne nye utgåva byr på vil deg derimot tørre å påstå at mange hadde sett føre seg. Årets utgåve byr faktisk på ein flunkande ny historiemodus. I denne følgjer vi den unge karen Alex Hunter som jobba mot eit gjennombrot i Premier League. Gjennom karriæremodusen får du fortalt historia hans, og kan ta turen innom garderoben, samt dialogar med både manager og presse.

FIFA 17 blir i tillegg det første spelet i serien som nyttar Forstbite-motoren. I samband med denne grafiske oppgraderinga har spelarfysikken blitt grundig bearbeida. Spelarane er no mykje meir uavhengige av kvarandre enn før, og har både eigen balanse og intelligens som avgjer korleis dei handterer ulike utfordringar på bana.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på FIFA 17

Skal vi skyte litt?

Zombiebuffeten er servert.
Zombiebuffeten er servert. Bilde: Capcom

Om eg skal vere heilt ærleg, så er det ikkje så altfor mykje meir å sjå fram til i september. Det er kanskje starten på haustskredet, men dei fleste vel likevel å utsetje lanseringane sine til oktober og november.

Om du har storkosa deg i Bungies Destiny-univers dei siste åra, blir september ein absolutt fabelaktig månad for din del. Den fjerde utvidinga er på veg, og den har fått namnet Rise of Iron. Nye utfordringar skal meistrast, så det er berre å samle gjengen for nokre runder i ringen.

Dei resterande storspela denne månaden er spel som allereie har vore lanserte på ei eller fleire plattformer. Men vi likar desse spela godt nok til å ta dei med likevel.

Om du enno ikkje har blitt biten av zombiebasillen er september ein absolutt strålande månad å kome i gong. Det gjev deg litt tid før The Walking Dead startar opp att på skjermen, og du vil i tillegg kunne varme opp til lanseringa av Dead Rising 4 seinare i år. I september lanserer Capcom Dead RisingDead Rising 2 og Dead Rising 2: Off the Record i oppussa utgåver til PlayStation 4 og Xbox One. Dette blir første gong det første Dead Rising-spelet blir tilgjengeleg på ei PlayStation-plattform.

Vidare på plakaten finn vi XCOM 2. Dette taktiske spelet blei lansert på PC i vinter, men no er det endeleg klart for at konsollpublikummet får ta del i moroa. Om du vil knerte litt romvesen, og byggje nye våpen basert på teknologien deira, er dette spelet for deg.

Vi avsluttar månadens oppsummering med, du gjetta det, atter eit oppussingsprosjekt. BioShock: The Collection er, som du kanskje gjetta, ei samling med alle tre spela i BioShock-serien. Pakka inneheld oppussa versjonar av dei solide eventyra, samt alt av ekstrainnhald som har blitt lansert. Det burde kunne halde deg gåande i alle fall ei lita stund.

Det var alt for denne månaden. Snakkast.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Earthlock: Festival of Magic

Forza Horizon 3

Dead Rising 2: Off the Record

Destiny: Rise of Iron

Dead Rising

Dead Rising 2

FIFA 17

BioShock: The Collection

Pro Evolution Soccer 2017

Pro Evolution Soccer 2017

Pro Evolution Soccer 2017

ReCore

ReCore

BioShock: The Collection

FIFA 17

BioShock: The Collection

FIFA 17

Dead Rising

FIFA 17

Dead Rising 2

FIFA 17

Dead Rising 2: Off the Record

XCOM 2

Forza Horizon 3

XCOM 2

Destiny: Rise of Iron

Earthlock: Festival of Magic

Earthlock: Festival of Magic   Les mer »

Beste priser

På lager 218,-
Forventet lagerdato 218,-

Forza Horizon 3   Les mer »

Beste priser

På lager 299,-
Nedlasting 309,-
Nedlasting 360,-
På lager 399,-

Dead Rising 2: Off the Record   Les mer »

Destiny: Rise of Iron   Les mer »

Dead Rising   Les mer »

Dead Rising 2   Les mer »

FIFA 17   Les mer »

BioShock: The Collection   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 147,-
På lager 298,-
Forventet lagerdato 298,-
På lager 395,-

Pro Evolution Soccer 2017   Les mer »

Pro Evolution Soccer 2017   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 127,-
På lager 495,-
Ikke på lager 599,-

Pro Evolution Soccer 2017   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 249,-
På lager 495,-
På lager 499,-
Ikke på lager 599,-

ReCore

ReCore   Les mer »

Beste priser

På lager 129,-
Nedlasting 144,-
Forventet lagerdato 257,-
På lager 299,-

BioShock: The Collection   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 227,-
På lager 275,-
På lager 298,-
På lager 299,-

FIFA 17   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 87,-
På lager 249,-
På lager 288,-

BioShock: The Collection   Les mer »

Beste priser

Nedlasting 136,-
Forventet lagerdato 399,-
På lager 527,-

FIFA 17   Les mer »

Beste priser

På lager 179,-
Nedlasting 192,-
På lager 319,-

Dead Rising   Les mer »

Beste priser

På lager 394,-
På lager 395,-
Ikke på lager 499,-

FIFA 17   Les mer »

Beste priser

Ikke på lager 37,-
På lager 179,-
Bekreftet lagerdato 297,-
Ikke på lager 599,-

Dead Rising 2   Les mer »

FIFA 17   Les mer »

Beste priser

Kan ikke bestilles 59,-
Ikke på lager 87,-
På lager 89,-
På lager 99,-

Dead Rising 2: Off the Record   Les mer »

XCOM 2   Les mer »

Beste priser

På lager 133,-
På lager 188,-
Forventet lagerdato 208,-
På lager 299,-

Forza Horizon 3   Les mer »

XCOM 2   Les mer »

Beste priser

På lager 166,-
På lager 248,-
På lager 299,-
På lager 495,-

Destiny: Rise of Iron   Les mer »

Earthlock: Festival of Magic   Les mer »

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen