FEATURE: Ti spel Bjarte gler seg til i 2019
Feature

Spillåret 2019 - Bjarte Wathne Helgesen

Ti spel Bjarte gler seg til i 2019

Bjarte ser mellom anna fram til ein zombieapokalypse, eit norsk fjordmysterium, og noko berre Hideo Kojima veit kva er.

Stillness of the Wind

Sjanger: Eventyr
System: Windows
Utviklar: Memory of God/Lambic Studios
Kjem: 2019

Kva kan eg seia? Eg beundrar spel som tør å gi oss sjansen til å utforska det kvardagslege, som gir oss tid til å berre eksistera i speluniverset, utan å dytta masse verb på oss heile tida. Stillness of the Wind ser ut som akkurat eit slikt spel. I skoa til den tilårskomne bonden Talma skal me tilsynelatande tilbringa rolege dagar med melking av geiter, sanking av egg og hausting av grønsaker, mens det frå tid til annan kjem post frå slektningar i den travle byen.

Eg innser at det nok ikkje høyrest like interessant ut for alle, men i mine auge er det nettopp denne typen spel som ofte endar opp med å overraska mest: Spel som gjer mykje ut av lite. Slike utgangspunkt gjer meg dessutan veldig nysgjerrig på kva retning spelet kjem til å ta, og kva slags historie det vil fortelja. Handlar det om avstanden mellom det gammaldagse og det moderne? Forblir me på same stad heile vegen, eller endrar oppskrifta på seg undervegs? Uansett kva svaret er: Farg meg interessert!

Afterparty

Sjanger: Eventyr
System: Windows, Mac, Linux
Utviklar: Night School Studio
Kjem: 2019

Night School Studio er folka bak den heilt fantastiske tenåringsdramagrøssaren Oxenfree, ei av mine desidert største spelopplevingar i 2016. Med Oxenfree viste Night School at dei på solid vis klarer å handtera fleire ulike historietrådar basert på vala du tar. Dei kan dessutan skriva fengslande karakterar, og dei har ein heilt særeigen kunstnarisk malarpensel. Dette er i seg sjølv grunn god nok til at eg gler meg til Afterparty.

Men heldigvis finst det fleire grunnar. For i Afterparty speler du, ifølgje reklameplakaten, to nydøde bestevener som hamnar i ein drikkekonkurranse med sjølvaste djevelen, med det formål å komma seg ut av det evig brennande hinsidige. Eller som spelets tagline formulerer det: Party your way out of hell! Reint mekanisk ser spelet ut til å fungera i stor grad slik Oxenfree gjorde med hell, der framgangen skjer gjennom utforsking og dialogval. Night School, eg er klar, gi meg Afterparty i blodårene! La meg festa meg ut av helvete!

Observation

Sjanger: Scifi-grøssar
System: Windows, PlayStation 4
Utviklar: No Code Studio
Kjem: 2019

Eg seier ikkje at det er noko i vegen med premissen der du er ein romfarar som sit fast på ein romstasjon med ein kunstig intelligens som har oppdaga at den har fri vilje og følgjeleg blir mannevond. Eg synst tvert imot det er eit strålande konsept. Men hadde det ikkje vore moro å få spela som den kunstige intelligensen ein gong?

Vel, der har du Observation, utvikla av britiske No Code Studio. Ikkje berre tar du på deg rolla som ein kunstig intelligens, men til alt overmål ein med korrumpert minne. Og om me skal vera litt rettferdige med datamaskina: Det hadde kanskje ikkje vore heilt optimalt å få beskjed om å utføra komplekse oppgåver når du knapt veit kven eller kva du sjølv er, og du veit iallfall ikkje korleis du utfører dei tinga mannskapet ber deg om. Samtidig er du i stand til å reflektera over din eigen eksistens i alt dette. Ikkje heilt optimalt, der altså.

Life is Strange 2

Sjanger: Eventyr
System: Windows, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Dontnod Entertainment
Kjem: 24. januar (episode 2)

Dette er kanskje litt juks, sidan første episode kom allereie i september i fjor. Etter det har derimot Dontnod tatt seg svært god tid, og andre episode kjem først nå i slutten av januar. Det første spelet i serien var eit tidsreiseparadokseventyr som eg meinte var heilt i toppen av det sterke spelåret 2015, og første episode av denne oppfølgjaren ga meg håp om at dette faktisk kan bli vel så bra.

Her følgjer me altså 16 år gamle Sean og veslebroren Daniel, som er på ei dramatisk reise sørover langs USAs vestkyst, av grunnar eg ikkje skal røpa her. Det eg kan seia, er at det overnaturlege elementet framleis speler ei sentral rolle i historia. Eit anna viktig poeng er at tonen har endra seg ein heil del frå forløparen. Me snakkar nå langt mindre «lol» og «go fuck your selfie», og langt meir tidsriktig politiske bilete og aktuelle tema som innvandring og rasisme. Då blir det kanskje rart å følgja opp med setninga «eg gler meg», men det gjer eg altså.

Death Stranding

Sjanger: Actioneventyr
System: PlayStation 4
Utviklar: Kojima Productions
Kjem: 2019?

Eg avsluttar med eit aldri så lite langskot. For sanneleg om eg veit om dette spelet kjem i 2019, men rykta går, og det har jo faktisk blitt mindre uvanleg enn før at store spel sin sleppdato blir annonsert kort tid før spelet kjem ut. Og nei, sanneleg om eg veit kva dette spelet faktisk er. Men det eg ser for meg at det kan vera, er iallfall eit spel som i veldig stor grad er noko for meg.

Kva er så det? Vel, karakteren til Norman Reedus ser ut til å vera eit slags leveringsbud, ein courier, som det heiter på fint. Verda det heile utspeler seg i (eller er det fleire verder?), ser ut til å vera invadert av ein type romvesen som kan gjera seg usynlege, og Norman sin karakter prøver (naturleg nok) så godt det lar seg gjera å unngå desse vesena. Og så har me sjølvsagt den store x-faktoren i det heile: Hideo Kojima. Ingen veit kor Hideo hoppar, men det verkar nærliggjande å tru at spelhandlinga blir både høgtsvevande og surrealistisk. Og det gjer meg ingenting.

Fekk du med deg våre ulike spelkåringar for 2018? Her er dei personlege listene til skribentane våre.

Stillness of the Wind

Windows
Slippdato: 2019
Sjanger: Eventyr
Utvikler: Lambic Studios
Utgiver: Fellow Traveller

Beyond Blue

Windows
Slippdato: 2019
Sjanger: Eventyr
Utvikler: E-Line Media
Utgiver: E-Line Media

Afterparty

Windows
Slippdato: 2019
Sjanger: Eventyr
Utvikler: Night School Studio
Utgiver: Night School Studio

Observation

PS4
Slippdato: 2018
Sjanger: Eventyr, Grøsser, Sci-fi
Utvikler: No Code Studio
Utgiver: Devolver Digital

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen