Feature Mass Effect: Andromeda – PC vs. Xbox One

Me har samanlikna Mass Effect: Andromeda på Xbox One og PC

Slik er det nye BioWare-spelet.

Mange har venta lenge på det nye innslaget i BioWares flaggskipserie Mass Effect. Reisa vår til Andromeda-galaksen byrjar allereie neste veke, men har utviklaren alt på stell enno? Tja. Internettet har kosa seg med videoar av ansiktsanimasjonane til spelet i dei siste dagane, som ikkje verkar spesielt menneskelege.

Likevel er Mass Effect: Andromeda eit visuelt slåande spel. Frostbite-motoren har gong på gong imponert oss med glimrande grafikk, sist med skytespelet Battlefield 1, og no i den vakre Andromeda-galaksen. Spelet fungerer for det meste godt på tvers av dei ulike plattformene.

Me skal sjå litt nærmare på PC og Xbox One S-versjonen i denne artikkelen, med samanlikning av grafikk og yting. Samanlikningsbileta er tatt så tidleg i spelet som mogleg, for å unngå spoiler-avsløringar. 

Dei vanlege forskjellane 

PC 1080p Ultra med same synsvinkel som konsoll til venstre, Xbox One S til høgre.

Som i dei fleste multiplattformspel er spelets biletefrekvens låst til 30 på alle konsollane. Spelet bruker ein form for dynamisk oppløysing som skalerer ned spelet i dialog- og filmsekvensar, for å halde biletefrekvensen oppe. Til vanleg kan PlayStation 4 skilte med oppløysing på 1920x1080, samt 3200x1800 med «checkerboarding»-oppskalering på Pro-konsollen, mens Xbox One har ei oppløysing på 1600x900. I dialogsekvensar blir oppløysinga skalert ned til 1600x900 på vanleg PlayStation 4, og heilt ned til 1366x768 på Xbox One. Dette resulterer i eit merkbart mjukare bilete med blasse fargar, som visast spesielt godt på store skjermar. Biletet over skildrar godt den overlegne teksturskarpleiken til 1920x1080 over 1600x900, som vil vere enno meir markant i 1366x768. 

Sjølv med låg oppløysing og til tider dårleg kantutjamning i dialogsekvensane er ikkje dei visuelle skilnadane på langt nær så store som ein skulle forvente, også samanlikna med PC-versjonen i 1920x1080 (saken blir sjølvsagt annleis med høgare oppløysing). Frostbite-motoren er særs godt optimalisert for konsoll, slik at utviklaren kan få veldig mykje ut av den no relativt svake maskinvaren til konsollane. Kombinerer du dette med ein skjerm med god HDR, vil spelet garantert imponere uansett kva plattform du speler på.

Konsollane har til og med fått nokre grafikkinnstillingar dei kan endre på, med moglegheit til å slå «film grain» og «chromatic aberration» av og på. Desse effektane gjer at spelets fargar minner mykje om fargepaletten til Alien: Isolation, og er først og fremst ein smakssak. 

PC 1080p Ultra med same synsvinkel som konsoll til venstre, Xbox One S til høgre.

Dei første områda i spelet har relativt stabil biletefrekvens på både PlayStation 4 og Xbox One, men ein vil sjå nokre dropp på 4-5 bilete per sekund i kamp og i områder med intense partikkeleffektar som eld og lyn. Eit av dei større problema er «screen tearing» på Xbox One, som kan vere irriterande og gå ut over opplevinga av spelet. Eg merka òg ein god del mikrohakking, som antakeleg kjem av varierande «frametime» (tida spelet bruker på å teikne eit bilete). Det same problemet plaga meg på PC-versjonen.

Det som irriterer meg aller mest med Xbox One-utgåva er derimot ikkje ytinga, men synsvinkelen. Når ein sikter inn med våpen på konsoll er synsvinkelen såpass låg at eg merkar direkte ubehag. Eg venna meg til synsvinkelen etter kvart, men blei i byrjinga svimmel og uvel av å bruke våpenet. Moglegvis har dette noko med min oppfatning av kombinasjonen av låg synsvinkel og ein noko forstyrrande rørsleuskarpleik, så det er ikkje sikkert du vil oppleve det på same vis.

Nokre av animasjonane verkar distraherande, men frå dei seks timane eg har brukt på spelet er det ganske sjeldan at det blir så ille som sosiale medium skal ha det til. Det eg merka mest av det internettet har hatt moro med i det siste, er at figurane har ein tendens til å materialisere seg inn og ut av eksistens, sjølv når ein står rett ved sida av dei. Dette resulterer i nokre hysterisk morosame augeblikk, som mildt sagt går ut over evnen min til «å sette skepsisen min ut av spel». Alt dette gjeld for så vidt ikkje berre konsollane, men òg PC. 

HDR-støtte på PC

PC 2560x1440 Ultra med same synsvinkel som konsoll til venstre, Xbox One S til høgre.

Mass Effect: Andromeda er eit av dei få PC-spela som har fått offisiell støtte for HDR. Førebels må ein bruke TV-skjerm for å nyte av dette, men HDR-skjermar til PC skal vere på veg inn på marknaden i løpet av 2017, sjølv om dei antakeleg vil koste både skjorte og arm i første omgang.

Spelet byr på ein oversikteleg innstillingsmeny med dei fleste essensielle innstillingane. Det er ein stor synsvinkelslider, moglegheit til å fjerne lås på biletefrekvens og ulike typar kantutjamning. Ein bør stille grafikkinnstillingane sjølv i staden for å bruke forhandsinnstillingane viss ein skal skru ned grafikken, for alt under «Ultra» vil automatisk nedskalere oppløysinga. For å slå av dette må ein velje «custom»-innstillinga, og deretter endre «resolution scale mode».

Kva i alle dagar er det du gjer med ansiktet ditt?
Kva i alle dagar er det du gjer med ansiktet ditt? Bilde: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det verkar som BioWare har nokre optimaliseringsproblem dei må takle før spelet kjem ut, då ytinga ikkje er i nærleiken av Battlefield 1 eller Star Wars: Battlefront, som bruker den same grafikkmotoren. I følgje den tyske maskinvarenettstaden PCGamesHardware vil skjermkort som NVIDIA GTX 980Ti og GTX 1070 halde biletefrekvensen godt over 60 i 1920x1080 med den høgaste grafikkinnstillinga, og GTX 1080 vil ligge rett oppunder 60 i 2560x1440. AMD-korta slit noko meir, der R9 Fury X oppnår det beste resultatet med gjennomsnittleg biletefrekvens på 47 i 1920x1080. Det er berre éin nettstad som har kome med skikkelege benchmarks enno, så ein må ta resultata med ein viss skepsis. Utviklaren har tidlegare sagt at NVIDIAs nye skjermkort GTX 1080Ti skal klare å køyre spelet med biletefrekvens på 60 i 4K, men resultata til PCGamesHardware viser at det verkar usannsynleg på dei høgaste innstillingane. Moglegvis er det snakk om «medium»-innstillinga. Som toppvideoen viser ligg biletefrekvensen rundt 30 med GTX 1080 i 4K, og eg tviler sterkt på at me vil sjå ei auke på meir enn 15-20 bilete i sekundet med GTX 1080Ti. 

NVIDIA har enno ikkje kome med driver til spelet, og det ventast ein oppdatering frå utviklaren før offisiell slepp slik at ytinga antakeleg vil bli betre. Som toppvideoen viser er ikkje dei visuelle forskjellane mellom dei to høgaste grafikkinnstillingane så veldig store heller, slik at ein fint kan skru ned grafikken eit hakk utan å merke noko til det.

Offisiell støtte for SLI har blitt bekrefta av utviklaren tidlegare

Konklusjon

PC 1080p Ultra med utvida synsvinkel til venstre, Xbox One S til høgre.

Utviklaren har meldt om at dei ikkje får fiksa ansiktsanimasjonane innan spelet kjem ut torsdag, men elles har dei levert eit godt produkt, med tanke på dei tekniske sidene av spelet. Det er flott grafikk på både PC og Xbox One (anna enn dialogsekvensane, i alle fall), og sjølv om ytinga ikkje er spesielt imponerande, er den likevel akseptabel. 

Utforsking er ein stor del av Mass Effect: Andromeda, og grafikken legg opp til at ein kan ta nokre pausar for å kikke seg rundt, og nyte av dei fine utsiktane. Eg saknar litt høgare synsvinkel på konsoll, men eg trur det er trygt å seie at folk kjem til å bruke mange timar på å utforske Andromeda-galaksen framover.

Les også: Grafikksamanlikning av Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands »

Ei omtale av heile spelet kjem mandag 20. mars.

Xbox One S til venstre, PC 1080p Ultra med synsvinkel på konsollnivå til høgre. 
Xbox One S til venstre, PC 4K Ultra med utvida synsvinkel til høgre.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

Mass Effect: Andromeda XOne

Mass Effect: Andromeda Windows

Mass Effect: Andromeda XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 23. mars 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: BioWare

Beste priser

På lager 245,-
På lager 249,-
På lager 298,-
Ikke på lager 298,-

Mass Effect: Andromeda Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 23. mars 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Electronic Arts
  • Utvikler: BioWare

Beste priser

På lager 199,-
Nedlasting 234,-
På lager 349,-
På lager 529,-

Kommentarer (14)

Forsiden akkurat nå

Til toppen