Anmeldelse

Naruto: Rise of a Ninja

Elska av mange, hata av enda fleire. Naruto sparkar seg kjapt og hemningslaust gjennom skjermen din.

Det er ikkje ofte vi ser spel som er betre, meir underhaldande og inneheld større kreativitet enn lisensen det er basert på. Dette er overraskande nok tilfelle med Naruto: Rise of a Ninja. Sjølv om eg har kasta vekk nesten heile dagar på å sjå episode etter episode av animen med ein bråkete dritunge i hovudrolla, må eg innrømme at eg har det mykje meir moro med å sjølv springe rundt i Leaf Village, enn å sjå eventyra utfalde seg på skjermen.

Trailer fra Naruto: Rise of a Ninja

Vis større

Trailer: Naruto: Rise of a Ninja

Stikkord:
  • action
  • eventyr
  • spill
  • xbox 360
  • naruto
  • rise of a ninja


Det er eigentleg berre ein nedtur, og den kjem i form av språket. Spelet er heilt og halde på engelsk, noko som ikkje gir meining. Dei fleste som vel å verkeleg følje med på denne serien, ser den nok på originalspråket. I følgje all logisk tankegang er det dei som står først i køa for å kjøpe dette spelet, og difor er det pussig at eit japansk alternativ ikkje er tilgjengeleg. Riktig nok har Ubisoft kunngjort at dei vil sleppe ei pakke med japanske stemmer på Xbox Live, men det er vanskeleg å forstå kvifor dei ikkje kunne ha gjort det tilgjengeleg umiddelbart, på disken.

Slik skal det gjerast

Men nok om slikt fjas. Uansett om du må lide deg gjennom eit hav av skodespelarar som vil få det til å gå kaldt nedover ryggen din, vil du absolutt storkose deg med Naruto: Rise of a Ninja. Dette er speldesign på sitt aller beste. Det er på ingen måte feilfritt, langt der ifrå, men Ubisoft har stappa spelet fullt av alle tenkjelege små utfordringar for deg. I staden for å lage eit spel som lett baserar seg på lisensmaterialet, og tvingar deg til å svelgje tungt fordøyeleg vås samtidig, har Ubisoft brukt serien som ei sterk inspirasjonskjelde for korleis absolutt alt du gjer skal vere moro.

Vi finn ikkje fyllmateriale her. Nesten alt du gjer er henta rett ut av serien, og du får verkeleg ta del i korleis det er å vere Naruto. I serien får du sjå hovudpersonane hoppe gjennom skogen, og følgjeleg nok har Ubisoft laga eit minispel av det. I serien prøvar vesle Konohamaru heile tida å gøyme seg for Naruto, og utviklarane har laga eit minispel av det òg. Slik held det fram, alt du gjer har ei meining, og sjølv om absolutt alt kanskje ikkje er snappa frå serien, vil du aldri rynke på nasa over noko du må eller kan gjere.

I tillegg til å finne mange måtar å inkludere små ting vi ser i serien, har spelet ein herleg progresjon. Du blir heile tida betre. Du får alltid noko nytt som gjer det enda meir moro å springe gjennom byen. Denne byen som er knutepunktet i spelet er forresten heilt enorm, både av storleik og visuell prakt, men dette kjem vi tilbake til. Poenget akkurat no er korleis Ubisoft lett kunne ha bygd denne byen som ei statisk kulisse, og lete det vere med det. I staden let dei eigenskapane til Naruto vakse i omfang, slik at denne byen blir stor underhaldning i seg sjølv heile vegen gjennom. Naruto kan i byrjinga berre springe og hoppe, seinare kan han utføre dobbelthopp, og enda seinare kan han sprinte og stupe framover i lufta. Det er kanskje små og eigentleg ubetydelege ting, men dei er implementert på ein måte, og i eit tempo, som verkeleg gir deg kjensla av å heile tida bli betre.

Alt på ein gong

Så kva slags spel er eigentleg Naruto: Rise of a Ninja? Du kan seie det er eit rollespel, og på sett og vis har du rett. Samtidig er det like mykje eit actionspel, men det er minst like mykje eit eventyr. Det er i alle fall eit slåssespel, og slik kan vi eigentleg kryssa av punkt etter punkt på lista. Du kan kalle det eit partyspel om du vil, for mange av minispela kunne kjapt hamna på Xbox Live. Naruto: Rise of a Ninja er enkelt og greitt ei blanding av veldig mykje rart, og det er kokt saman til ei deileg wokgryte, der alle dei forskjellege sanseinntrykka heile tida stimulerar deg til å ta enda eit steg vidare.

I essensen er spelet likevel todelt. Når du spring rundt i byen, eller er ute på eventyr, vil du heile tida sjå Naruto bakfrå. Det er ein velkjent vinkel for alle som har spelt actionspel i tredjeperson, og umiddelbart vil du kanskje trekkje parallellar til Grand Theft Auto. Grunnen til dette er den enorme og opne byen som ligg for dine føter. Den er full av liv, der folk feiar gatene, står og fiskar, eller les i sine små bøker. Ikkje ei gate er lik den førre, og etter ei stund med spelet vil du raskt kunne kjenne igjen kvar du er berre ved å sjå deg rundt.

I denne byen kan du hoppe over hustak for å samle myntar du kan kjøpe gjenstandar og ferdigheitar for, eller du kan gjere folk glade ved å utføre små oppdrag for dei. Alle innbyggjarane hatar Naruto i starten av spelet, og eit av måla dine er å få dei til å like han. Ved å utføre små oppdrag, som til dømes å levere nudlar til kundar, vil du sakte men sikkert blidgjere heile byen. At folk likar Naruto har sine fordelar, sidan du av og til endar opp med oppdrag der du må finne noko som er godt gøymt. Om folk i byen likar Naruto kan du spørje dei om vegen.

Eventuelt kan du ta turen utanfor byen, og det er der dei fleste verkelege oppdraga utspelar seg. Her reiser du på tokt for å hamle opp med bandittar og anna pakk. Sidan Naruto er ein aspirerande ninja, og har store draumar om å bli den neste hokagen (ninjaen over alle ninjaer for å seie det enkelt), seier det nesten seg sjølv at dette betyr at du må ta i bruk knyttnevar og harde spark. Det er akkurat her spelet deler seg i to og viser seg frå ei heilt anna side. Det som var eit artig og spenstig eventyrspel er no brått eit slåssespel i takt med Tekken og Virtua Fighter. Eit genialt trekk frå Ubisoft si side.

I staden for å lage eit fullblods og sannsynlegvis middelmåtig spel der kampsport står sentralt, får vi i staden eit spel som let deg ta del i alt Naruto føretek seg. Det vanvittig gode kampsystemet gjer ting enda betre. Ikkje berre er dei forskjellege angrepa du kan lære deg lette å utføre, men du kan i tillegg ta i bruk spesielle teknikkar, eller jutsu. Ein jutsu er ein spesiell teknikk som let Naruto gjere alt frå å omforme seg til ei sexy dame («Sexy Jutsu» får mannfolk til å gå frå sans og samling), eller lage mange kopiar av seg sjølv («Shadow Clone Jutsu», som i tillegg er praktisk for å knuse steinblokker).

Ein ninja blir født

Dette kampsystemet er på ingen måte revolusjonerande, og det rivaliserar definitivt ikkje etablerte spel som til dømes Virtua Fighter 5. Bortsett frå på eit felt: Det er mykje meir tilgjengeleg, og du vil få kjensla av å meistre det umiddelbart. Du må ikkje øve og terpe på ferdigheitene dine i timevis for å banke opp nokon i dette spelet. Du kan få det til første gong, og i staden for at spelet framstår som alt for lett, får det deg til å tru at du er skikkeleg dyktig. Det er det geniale med kampsystemet i Naruto: Rise of a Ninja. I tillegg har det nok av djupne til at du verkeleg kan setje deg inn i det, og bli skikkeleg god om du vil.

At kampane i spelet er såpass storslagen underhaldning, blir ironisk nok noko som dreg ned spelet litt. Er det eit felt Ubisoft har feila, er det i kva fiendar du får kjempe mot, og når du får kjempe mot dei. Dei fleste kampane du hiv deg inn i sender Naruto inn i slagsmål mot usle bandittar, medan du berre får spele mot dei kjende ansikta frå serien maksimalt ein gong, om du får kjempe mot dei i det heile. Akkurat dette er ganske skuffande, sidan serien har så mykje å ta av, at dei lett kunne ha fjerna alle bandittane, for å bytte dei ut med faktiske hendingar frå serien.

Heldigvis har dei inkludert ein fantastisk fleirspelar-modus der du kan setje nesten alle dei kjende ansikta frå serien opp mot kvarandre i kjappe og eksepsjonelt underhaldande kampar. Her kan du bruke kjende angrep og jutsuar frå serien sjølv, og med det effektive og brukarvenlege kampsystemet vil du garantert ha mykje moro med den delen av spelet.

Mangelen på interessante konfrontasjonar i løpet av historia står eigentleg i tråd med korleis den blir fortalt. Vi følgjer serien fram til omlag episode åtti, men Ubisoft har hoppa over og forkorta forferdeleg mykje. Det er mange episodar frå serien som godt kunne ha vore med for å både gi oss meir å gjere, eller for å byggje opp forholdet vårt til personane. Det vi sit igjen med er eit spel, som trass sin enorme underhaldningsverdi, er alt for kort, og går alt for fort fram. Du kan runde det på 6-7 timar om du vil. Historia blir fortalt både ved hjelp av klipp frå anime-serien, og gjennom spelet, men det er så oppstykka og rotete sett saman at eg blir direkte imponert om nokon som aldri har sett serien eigentleg forstår noko av kva som føregår.

Til tider vil du likevel gløyme dette, sidan spelet er så pent at ein lett trur ein faktisk er Naruto. Mykje av det du ikkje blir fortalt av historia vil du erfare på eiga hand. Alle miljø er gjenskapt med eit imponerande auge for detaljar, og det heile ser mange gongar betre ut enn serien. Det eine unntaket er personane i spelet, der dei fleste på nært hald ser ut som om dei har vore ute for svært ubehagelege uhell med syre.

Konklusjon

Det er ikkje ofte vi verkeleg har grunn til å gi honnør for arbeidet som er utført når det kjem til lisensspel. Dei er ofte som møllspiste sko frå loftet til den gamle onkelen du aldri visste du hadde. Dei luktar vondt takka vere velsmakande duftkuler og kjederøyking. Fabelaktig nok gjeld ikkje dette for Naruto: Rise of a Ninja.

Spelet held deg gåande ved å konstant gjere seg sjølv enda betre, noko som berre gjer det enda meir skuffande å nå slutten alt for fort. I eit spel der timane flyg, merkar ein slikt veldig godt, og det er veldig leit. Sannsynlegvis testar Ubisoft farevatnet for å sjå om dei skal lage fleire spel, men med heile åtti episodar på repertoaret kunne dei enkelt ha mangedobla speletida. Dette hindrar likevel ikkje Naruto: Rise of a Ninja frå å vere årets store sjarmbombe.

Siste fra forsiden