Anmeldelse

Wipeout HD

Il Tempo Gigante

Glorete fargar og pulserande musikk. Det er igjen klart for å bryte lydmuren.

Eg hugsar framleis dragsuget eg fekk første gong eg spelte Wipeout på Playstation. Det var ulikt noko eg hadde opplevd før. Det vesle romskipet skaut framover og hoppa ut i lufta i eit enormt tempo. Så langt i livet trudde eg ikkje slikt var mogleg, men her var det, det endelege beviset på at interaktiv underhaldning fullstendig kunne snu opp ned på korleis eg oppfatta kva som var verkeleg eller ikkje.

Polert Wipeout

Vis større

Trailer: Wipeout HD

Stikkord:
  • spill
  • playstation 3
  • racing
  • wipeout


Det er ikkje rart ein får visse forventningar når ein praktisk talt legendarisk serie som Wipeout endeleg blir tilgjengeleg på Playstation 3 i høg oppløysning og alt det bringer med seg. Ein forventar automatisk noko meir, noko nytt, dragsuget bør om mogleg trumfe alle dragsug ein så langt har vore gjennom.

Akkurat her må eg innrømme at Wipeout HD skuffar litt, men dette legg likevel ingen dempar på den hemningslause underhaldninga spelet byr på. Wipeout er, og har alltid vore, ein serie som fullstendig trassar alle lover og reglar for korleis racing kan vere. Det einaste som naglar Wipeout HD til røynda, er at du svingar når vegen bøyer seg, og at tyngdekrafta held deg nær bakken.

Tilbake til start

Wipeout HD er strengt tatt ikkje eit nytt spel. Det er eit spel som tek baner og designval frå PSP-spela Wipeout Pure og Wipeout Pulse, og presenterar dei i vanvittig grafikk, og med ein lyd som kler spelet så perfekt som det er mogleg å få det. Det er stilreint og glatt, og der spelet ikkje pøsar på med ørsmå detaljar, osar det av stil og eleganse. Spelet går i tillegg i eit skyhøgt tempo, der det køyrer konstant i 60 bilete i sekundet.

Det er ikkje mange baner vi får, totalt åtte, men dei er så gjennomførte at du ikkje vil ha noko problem med å spele dei om igjen. Når sant skal seiast er dette eit spel der du vil spele banene om igjen. Gjerne i timevis, for dette er eit spel som driv deg til å slå dine eigne prestasjonar. Suget etter å setje nye rekordar er enormt, og dette blir dytta fram av at du gradvis låser opp høgre tempo å køyre i.

Progresjonen skjer gjennom seriar. Kvar serie har ei rekke forskjellige løp, og desse er alt frå konkurransar mot andre skip, til løp som berre går ut på å køyre fort. Det er utan tvil konkurransane som gir mest valuta for pengane, sidan du her får full tilgang på forskjellige våpen, samt at det å kjempe om å kome først er ein sterk motivasjon i seg sjølv. Diverre er det svært få av dei. I ein serie kan det vere til dømes ti forskjellige løp, medan berre to-tre av dei er i konkurranse mot andre skip. Dette kan tidvis gjere det litt keisamt å gå gjennom ein serie, sidan du for det meste endar opp med å høyre så fort du kan utan ein einaste motstandar.

Som ei løysing på dette har vi «Racebox». I motsetning til kampanjen kan du her velje akkurat den bana du vil, og du kan sjølv velje om du skal konkurrere mot motstandarar. I tillegg kan du velje tempo sjølv, noko som kjemp veldig godt med sidan kampanjen etter kvart blir nådelaust vanskeleg.

Gamle baner om igjen

Som sagt vil ikkje banene i Wipeout HD vere nye for dei som har spelt Wipeout Pure og Wipeout Pulse, men dei er absolutt penare å sjå på. Det er ikkje alltid like lett å sjå kor gode desse banene eigentleg er før ein byrjar å sjå korleis utfordringa endrar seg etter kvart som tempoet stig. Nokre baner krev heilt andre taktikkar i høgt tempo, enn i lågt tempo. Dette stiller krav til deg om å memorisere dei, slik at du veit nøyaktig kva som skjer etter neste sving, slik at du alltid kjem svingane i forkjøpet.

Det er først når du verkeleg kjenner banene ut og inn at ein for alvor kan byrje å spele Wipeout HD. Spelet gir oss nokre få, men svært effektive verkty for å vinne, og desse er gull verdt. Det første ein må hugse på er kvar kvart einaste fartsfelt ligg. Desse gir deg ein kort boost på farten, og å treffe desse kan vere alt som står mellom deg og førsteplassen. Ein anna måte å oppnå skyhøg fart på, er ved å tønnerulle skipet i lufta, noko som skyt skipet framover så snart du møter bakken.

Den store utfordringa som oppstår ved slik fart er å halde seg unna veggane. Køyrer du først i ein vegg, er løpet så godt som øydelagt, og difor har utviklarane i London Studio lagt inn ein liten autopilot du kan bruke om du ser behovet. Denne tek ikkje full kontroll over skipet ditt på nokon måte, men den styrer deg unna veggane om du skulle kome for nær. Erfarne spelarar vil kanskje velje å slå av denne funksjonen, men den kan vere eit godt verkty for dei som ikkje heilt enno har fått taket på romskip i høg fart.

Eit anna genialt element er luftbremsene. Desse let deg utføre glatte svingar heilt utan å miste fart. Du styrer skipet med den høgre analogstikka, men ved å trykke inn L2 eller R2 for den retninga du skal svinge mot, vil du få ekstra tyngde på svingen, og dette blir heilt essensielt når du skal gjennom krappe svingar i høg fart.

Feilfrie motstandarar

Noko som kan bli eit problm om ein spelar for seg sjølv, er at det ikkje alltid er like moro å spele mot maskina. Dei datastyrte motstandarane er ikkje i stand til å gjere feil, og køyrer alltid heilt perfekt, noko som gjer spelet utelukka til ein kamp mot deg sjølv, og der du omlag aldri kan utnytte situasjonar som oppstår.

Dei få sjansane du får, kjem som regel gjennom smart bruk av våpen. Det er ikkje eit stort utval av dei, men det er godt nok til at du raskt lærer deg korleis alle fungerer, og veit å ta dei i bruk. Du kan leggje ut miner og bomber, eller du kan skyte varmesøkjande rakettar mot fiendane. Å vinne eit løp kan handle like mykje om å leggje minene dine i rett sving, som å skyte ned motstandarane som ligg framfor deg.

Dette blir enda meir tydeleg når ein spelar mot andre spelarar, enten over nett eller på delt skjerm. Det er først no spelet verkeleg blir moro, og du kan setje opp turneringar der du vel kor mange runder, og kva baner du vil køyre. Banene kan i tillegg køyrast i revers, noko som praktisk talt doblar utvalet umiddelbart.

Skjulte bonusar

Spelet har eit solid utval skip å velje mellom, og desse har alle sine variasjonar i form av aksellerering, tempo og handtering. Du finn noko for ein kvar smak, og etter kvart som du fullfører seriar, vil du gradvis låse opp nye skip. Noko ein òg kan merke seg er korleis du byggjer opp lojalitet ved å bruke eit skip. Kvart skip kjem frå ein fiktiv produsent, og ved å halde deg til ein produsent tener du lojalitetspoeng som kan låse opp nye fargeval for skipa, eller andre bonusar som nye grensesnitt for spelet. Det er på ingen måte noko som er nødvendig for eit elles strålande spel, men det gir deg ein ekstra gnist for å spele litt meir.

Ein anna artig bonus i spelet er korleis du når som helst kan ta skjermbilete frå spelet. Du kan gå inn i fotomodusen etter eit løp er over, men du kan ta bilete medan du spelar, ved å trykke på start, og gå inn i fotomodusen derifrå. Enkelt fortalt let modusen deg pause heile spelet, og den let deg bla gjennom alle skip, og rotere og plassere kameraet slik du vil i forhold til dei. Når dette er gjort kan du byrja å ha det moro med fargemetning og fokus. Du kan justere fokuset for å få fram fartsstriper, eller betre djupnesyn, og det er lett å bruke opp nokre timar med dette aleine. Praktisk nok lagrar alle bileta du tar seg som jpg-filer i biletemappa på maskina di.

Konklusjon

Det er rett og slett herleg å spele Wipeout igjen. Det har kome nokre utgåver til PSP dei siste åra, men å endeleg kunne spele det på Playstation 3 med den fantastiske grafikken det fører med seg, er noko heilt anna. Banene sit som støypt, kontrollane er enkle å forstå, men vanskeleg å meistre, og du kan alltid bli betre. Det er eit slikt spel som heile tida pressar deg til å prøve litt hardare, og det er ufyseleg moro.

Spesielt blir det moro når ein set seg ned med ein ven, eller loggar seg på nett. Utfordringa blir ei heilt anna når ein spelar mot andre personar, sidan den kunstige intelligensen ikkje er open for menneskelege feil. Om du vil unne deg sjølv noko godt, unn deg Wipeout HD.

Siste fra forsiden