Anmeldelse

Conan Unconquered

Ein bleik kopi av They Are Billions

Conans nyaste eventyr blir redda av ein underhaldande samarbeidsmodus.

Conan Unconquered har gjort meg forbanna. Det er eit av desse spela eg hadde avinstallert etter under 30 minutt om eg ikkje måtte spele det meir. Lyspunkta var få i starten, og når eg først fekk eit lite håp om at det var berre meg som verkeleg stinka i spelet, og at det heile ville bli betre med litt meir jobb, fekk eg ei ny samling knokar deisande over kjeven.

Det er ikkje det at Conan Unconquered er så frykteleg vanskeleg, det er meir det at spelet er så forbaska irriterande, heile tida. Utviklarane hos Petroglyph har spelt They Are Billions. Dei har spelt det mykje. Det har eg òg. Alt for mykje. Over det siste året har They Are Billions vore spelet eg ha gått til når eg berre vil ha noko å spele. Det er bortkasta tid alt i hop, og du kan bruke timar berre for å stire døden i kvitauget, men det er moro.

Conan Unconquered er meir slitsamt enn moro. Det er eit rotete spel som gjer ein heilt elendig jobb i å forklare deg noko som helst, og når du eter kvart finn ut av ting, er det berre for å oppdage at ting var verre enn du trudde. Det er eit spel laga av folk som har spelt They Are Billions utan å heilt forstå kva som får They Are Billions til å fungere.

Luksusproblem

Dette går ikkje heilt rette vegen.
Øystein Furevik/Gamer.no

They Are Billions er eit temmeleg genialt strategispel som kombinerer basebygging med tårnforsvar. Det er eit ganske roleg spel der du i ro og mak får byggje opp ein by, og utvikle nye teknologiar medan du sender soldatar ut for å sjekke ut kva som skjer i villmarka. Utfordringa kjem gjennom eit mylder av zombier som luskar rett utanfor synsranda. Får du ein inn i byen din er det raskt over, men har du god oversikt, vil du kunne halde byen din i god stand, og treng berre halde fokuset på å stå i mot eit knippe med stadig større svermar av zombier som periodisk flommar mot byen din.

I korte trekk er Conan Unconquered ein lett kopi av They Are Billions, sjølv om vi finn nokre markante forskjellar. Det er til dømes ingen zombier her, så du treng ikkje frykte for at dette viruset skal infisere byen din og gje deg eit brått og uventa endelikt. Den største utfordringa i Conan Unconquered er ein økonomi som jobbar beinhardt for å rive ned alt du har bygd opp.

Prisen for å leve

Alt i Conan Unconquered er svinedyrt. Det er eit spel som tek deg to steg tilbake for kvart du tek fram. Du må ha pengar, så du byggjer hus, for å byggje hus må du ha ved, for å byggje eit sagbruk må du ha pengar som du ikkje får tak i fordi du ikkje har nok ved til å byggje eit hus. Når du endeleg får tak i nok ved, må du ha meir mat for å kunne byggje nye hus, men du har ikkje råd til ein jegar fordi spelet nektar deg å ha det moro.

Utan murar held du ikkje lenge.
Øystein Furevik/Gamer.no

Det er mikroarbeid på eit vanvittig nivå heilt frå start. Kvar nye ting du forskar fram kostar ikkje berre å byggje, men òg å halde i bruk. Bygningar som går tomme for driftsmateriale sluttar å fungere. Desto lengre inn spelet du kjem, desto hardare pressa blir økonomien, og ein kan lett undre seg over om ein nokon gong skal få forska fram dei krigselefantane ein har hatt lyst på lenge. Du får ikkje oppgradere bygningar for å forbetre produksjonen heller, noko som endar opp med sagbruk og gardar ståande tett i tett til du går tom for plassar å byggje dei.

Med jamne intervallar kjem attpåtil fiendane på besøk. Du kan stille klokka etter dei som i eit typisk tårnforsvarspel. Problemet er at du har kkje råd til å byggje forsvar før du har fått opp ein solid økonomi, så du må bruke heltekrigaren din som heldigvis allitd er med i staden. Dette er greitt, men den høge frekvensen på fiendebølgjene gjer at du må bruke så mykje tid på å sende soldatane dine riktig veg, at det blir vanskeleg å få bygd noko. Nokre gongar byrjar ei ny gruppe fiendar å røre på seg før du er ferdig med den førre.

I det minste får vi for ein gongs skuld spele som Conan.
Øystein Furevik/Gamer.no

Conan til unnsetning

Byen din ligg midt på kartet, og inn mot byen vil du som regel finne ei rekke passasjar du må forsvare. Det tek tid å byggje opp ei brukbar gruppe soldatar. Ei god stund vil du sannsynlegvis berre springe rundt med ein krigshelt som Conan eller Valeria, som du må sende fram og tilbake fordi fiendane heile tida kjem frå ulike vinklar. Nokre gongar kjem det attpåtil ein enkelt irriterande fiende frå alle kantar, og du må splitte opp gruppa med krigarar du forhåpentlegvis har for å handtere alle trugslane.

Samstundes har du ekstremt dårleg tid. Sjølv om bølgjene med fiendar startar i det små, eskalerar dei raskt. Før du får sukk for deg kjem dei med ryttarar, enorme edderkoppar som klatrar rundt murane dine, samt katapultar som sender eldkuler mot alt som står i deira veg. Eg måtte finne ut på den harde måten at den einaste måten å sløkkje flammane som raskt klatrar frå hus til hus, er ved å ha mange ledige soldatar ståande rundt til å kaste sand på bålet.

Det er ei oppskrift på tragedie, og det er ganske frustrerande å sjå flammane spre seg rundt krigarane dine som ikkje klarar å sløkkje raskare enn nye ting tar fyr. Løysinga blir fort å øydeleggje bygningar for å hindre at det går for langt.

Du må detaljstyre alt, og det gjer det frykteleg vanskeleg å ha oversikt. Enda vanskelegare blir at å ha oversikt når du møter eit brukargrensesnitt som bryt med lange tradisjonar innan strategispelverda, og gjer det direkte vanskeleg å forstå kvar du skal finne grunnleggjande informasjon. Det går heilt fint når du har spelt ei stund og skjønar korleis ting fungerer, men ditt første møte med Conan Unconquered kan bli brutalt.

Ein reddande engel

Den einaste grafiske variasjonen kjem i form av kvar sola står.
Øystein Furevik/Gamer.no

Om du no sit med ei brennande kjensle av at Conan Unconquered er gribbemøkk, er det heilt naturleg. Det var nøyaktig den kjensla eg hadde etter mine første dagar med spelet. Kjensla av å spele eit spel med forakt for fritida mi var enorm, og sidan alt i Conan Unconquered (bortsett frå kor fort fiendebølgende veks i storleik naturlegvis) går ganske tregt, og eit spel tek lang tid, freista det ikkje med meir.

Det var ikkje før eg endeleg fekk testa ut samarbeidsmodusen at eg skjønte fullt ut kvifor Funcom sjølve gjer eit stort poeng ut av at du må spele Conan Unconquered saman med nokon. Du spele saman med nokon. Det er det spelet er laga for.

Når du spelar saman med nokon endrar alt seg. Oppgåver kan delegerast, og ein er to om å møte dei stadige utfordringane spelet kastar på deg. Ein spelar kan til dømes ta hovudansvar for å bygge veggar og tårn, medan den andre kan passe på å forske fram nye teknologiar, samt byggje opp ein fungerande økonomi. Alt av ressursar byen produserer blir delt på begge spelarane, men når du først har fått noko i banken er det ditt aleine.

Det fungerer stort sett veldig bra, men har tydelege manglar. Kanskje har du mykje ved, men lite pengar. Partneren din kan sende deg pengar, men det er òg det einaste som kan sendast fram og tilbake. Andre ressursar må i staden seljast og kjøpast.

Litt knot til side, Conan Unconquered viser seg som eit ganske artig spel med solid utfordring. Det er heile tida noko å halde auge med, og mykje av frustrasjonen som er der når du spelar aleine er framleis til stade, men når ein er to om å handtere det blir det noko heilt anna. Når fiendar kjem frå fleire kantar er det heilt grusomt aleine, som to kan ein dele seg opp og i det minste gjere eit solid forsøk på å stå i mot.

Når ballongen går tom

Likhaugar kan gjere soldatane dine sjuke, så pass på.
Øystein Furevik/Gamer.no

Ikkje ein gong ein artig samarbeidsmodus kan redde Conan Unconquered frå det som på lang sikt raskt kan bli spelets største problem.

Eg er lei.

Etter å ha spelt ei rekke kveldar på rad merkar eg veldig tydeleg at eg har sett det eg har vilje til å sjå av dette spelet. Det er det same om att kvar gong du spelar, og den stive utfordringa og vanskelege økonomien gjer at det ikkje freistar å sjekke ut kor langt eg kan kome. Sjansen er stor for at eg aldri vil kome meg dit uansett sidan noko vil rive ned murane og ta knekken på oss.

Conan Unconquered manglar variasjon, og det manglar innhald. Utviklarane hos Petroglyph har laga eitt terreng, og det er alt vi får. Kvart kart du spelar er tilfeldig skrudd saman av maskina, og du kan justere på ting som kor opne karta skal vere, men du vil raskt merke at det blir for einsformig. Det er framleis den same ørkenen. Kva med å gje oss litt meir? Litt, skog, litt jungel, litt is og snø? Dette framstår ikkje som eit ferdig spel. Det er meir som eit tidleg spel i Early Access der grunnkonsepta blir testa ut.

Dette blir forsterka av ei lange rekke tekniske problem som dukkar opp både her òg der. Nokre gongar stoppar ein og anna soldat heilt opp og nektar å flytte på seg. Spesielt kjekt er det når det er ein fiende på siste bølgja av eit spel, slik at du må bruke mange minutt på å saumfare kartet for å hanke inn sigeren.

Andre gongar får du ikkje sende resursar, og atter andre gongar dukkar ikkje informasjon opp når du skal byggje ein resursbygning. Det er mange ting som i seg sjølv er små bagatellar, men samanlagt vitnar om eit spel som strengt tatt ikkje er ferdig.

Konklusjon

Tårn kan fyllast opp med soldatar som kastar død på fienden.
Øystein Furevik/Gamer.no

Conan Unconquered kan vere både heilt forferdeleg, men og veldig underhaldande. Det kjem heilt an på. Spelet gjer ikkje ein gong eit forsøk på å la spelare få ein mjuk start. Du blir kasta rett inn i det utan mykje hjelp, og det er lett å få eit negativt inntrykk av spelet. Det er vanskeleg, ubalansert, og ekstremt provoserande.

Om du derimot spelar saman med ei ven blir spelet noko heilt anna. Eit digert problem delt på to er to mindre problem, og blir såleis mykje lettare, og artigare å handtere. Timane kan fly av garde når ting fungerer skikkeleg. Conan Unconquered er eit spel laga for to spelarar, noko som er heilt tydeleg, men sjølv om samarbeidsmodusen byr på mange gode stunder, er det ingenting som kan heilt kamuflere spelets manglar.

Spelet blir for einsformig, men mest av alt synest eg utviklarane må gjere noko fundamentalt med økonomien i spelet. Den er ein konstant kjepp i hjula, og eg ser før meg at spelet vil kunne sanke inn mange fleire spelarar om det blir hakket mindre sadistisk.

Inntil det skjer, er eg redd mi tid med Conan Unconquered er over. Conan Unconquered er eit solid fundament som kan bli noko verkeleg bra om utviklarane gjer nokre ekstra grep.

5
/10
Conan Unconquered
Conan Unconquered kan vere både heilt forferdeleg, men og veldig underhaldande.

Siste fra forsiden