FEATURE: Desse spela gler vi oss til i april
Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Samarbeid og krig står på agendaen i tida framover.

Endeleg! Det er den tida av månaden igjen. Den tida der vi kjapt går over det beste og frekkaste frå månaden som var, og ser framover mot alt det fine som snart skal bli. Vi har nett lagt bak oss den første vårmånaden, og ein solid bunke saftige spel. Vi har overlevd alt frå sniking til krig og brutale utfordringar, og du bør vere stolt. Slå deg bå brystet, du har fortent det.

Sjølv om Metal Gear Solid: Ground Zeroes ikkje akkurat imponerte vår mann, var det nok av godbitar å ta av. Vi lo godt av rollespelet South Park: The Stick of Truth, fekk utfordra dei små grå i strategispelet Infested Planet, men døydde om og om igjen i brutale Dark Souls II. Heftige doser action fekk vi servert i PlayStation 4-spelet Infamous: Second Son, og medan vi ventar på Xbox One, utfordra vi refleksane våre i Titanfall på PC.

Mykje snadder der altså, men no er det på tide å la historie vere historie, og hente fram kikerten.

The Elder Scrolls Online

Plattform: Windows, Mac
Ute: 4. april

Moebius: Empire Rising byr på gåter i tradisjonell stil.
Moebius: Empire Rising byr på gåter i tradisjonell stil.

Med The Elder Scrolls-serien har Bethesda gjennom ei årrekke hausta stor suksess blant rollespelentusiastar. Spela i serien har bydd på enorme verder i ulike regionar av verda Tamriel, og dei har gjeve spelarane stor fridom til å utforske verda i eige tempo og eigen stil. Med The Elder Scrolls Online får det heile ein ny dimensjon. Ei massiv verd vil la deg utforske meir av Tamriel enn nokon gong tidlegare, og vår mann likte det han såg då han tok ein kikk på det:

«Ei av dei store styrkane til dette spelet samanlikna med andre online rollespel er nettopp merkevara, og at utviklaren har greidd å behalde stemninga og kjensla frå tidlegare spel i serien. Til tross for kompromiss og endringar som må gjerast for at det skal fungere som eit MMO, tvilte eg aldri på kva slags serie dette spillet tilhøyrde. Det grip merkevara ved nakken, held seg tru til den og utnyttar det på ein veldig god måte.»

Sjå skjermbilete, artiklar og finn beste pris på The Elder Scrolls Online

LEGO The Hobbit

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, PS Vita, Xbox 360, Wii U, 3DS, Windows, Mac
Ute: 11. april

Kan LEGO The Hobbit skape magi?
Kan LEGO The Hobbit skape magi?

TT Games har gjort stor suksess opp gjennom åra med sine LEGO-spel. Heilt sidan dei så og seie skapte historie med LEGO Star Wars for ei årrekke sidan, har dei jamt og trutt laga nye spel som har bydd på sjarmerande vriar på kjende merkevarer som Indiana Jones og Batman.

Dei har tidlegare takla Ringenes Herre på godt vis, og det er all grunn til å tru dei vil gjere det same med Hobbiten. I LEGO The Hobbit får vi følgje historia i dei to første Hobbiten-filmane. Vi får ta styringa over både Bilbo og Gandalf, samt alle dei 13 dvergane i følgjet som etter kvart møter dragen Smaug. Alle figurane vil ha sine eigne spesielle eigenskapar, og du skal i tillegg kunne skru saman dine eigne magiske gjenstandar.

Sjå bilete, artiklar og finn beste pris på LEGO The Hobbit

Moebius: Empire Rising

Plattform: Windows, Mac
Ute: 15. april

Moebius: Empire Rising byr på gåter i tradisjonell stil.
Moebius: Empire Rising byr på gåter i tradisjonell stil.

Om du kosa deg med eventyrspel i tradisjonell peik-og-klikk-spel på 90-talet bør Jane Jensen vere eit kjært namn. Ho stod bak den klassiske Gabriel Knight-serien, og arbeida i tillegg på mange av Sierras kjende eventyrspel. Hennar ferskaste spel er det tradisjonelle eventyrspelet Moebius: Empire Rising, og her kan vi vente oss eit spel der mord og påfølgjande etterforsking står i sentrum.

I denne metafysiske thrilleren møter vi den unge og noko arrogante mannen Malachi Rector. Han reiser verda rundt for å ta ein nærare kikk på verdifulle gjenstandar, og endar opp i eit saleg rot. Her blir det konspirasjonar og alt som verre er i eit spel som byr på ein særeigen grafisk stil.

Sjå bilete, artiklar og finn beste pris på Moebius: Empire Rising

War of the Vikings

Plattform: Windows
Ute: 15. april

War of the Vikings set vikingar opp mto saksarane.
War of the Vikings set vikingar opp mto saksarane.

War of the Vikings frå Paradox bør vere midt i blinken for deg om du loggar deg på HBO kvar veke for å få med deg nyaste episode av TV-serien Vikings. Dette spelet byggjer på same formel som War of the Roses, og let deg ta på deg rolla som enten ein viking eller saksar. Deretter legg det opp til krig, og med heile 64 spelarar kan det godt ende opp med å gå hardt føre seg.

I War of the Vikings vil du få skru saman din eigen viking slik du sjølv vil. Alt frå utsjånad til rustning og våpen er val du må ta for å byggje opp den beste krigaren. Dette er derimot ikkje alt, og spelet legg større vekt på at du forstår mekanikkane godt, enn at du har dei beste statistikkane. Kløktig bruk av angrep og forsvar ser altså ut til å vere den beste vegen å gå.

Sjå bilete, artiklar og finn beste pris på War of the Vikings

Child of Light

Plattform: Playstation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Wii U, Windows
Ute: 30. april

Child Of Light byr på eit visuelt åsyn av dei sjeldne.
Child Of Light byr på eit visuelt åsyn av dei sjeldne.

Utviklarane hos Ubisoft har sjølve skildra Child of Light som eit spelbart dikt inspirert av dei japanske rollespela frå 90-talet. Skal vi tru skjermbileta blir dette noko heilt utanom det vanlege. Spelet blir eit sideskrollande rollespel med turbaserte kampar, men det er noko heilt anna som har sperra auga opp til mange ein spelar.

Child of Light har blitt bygd opp med den same grafikkmotoren som blei brukt i herlege Rayman Legends. Den visuelle stilen blir derimot noko heilt anna, og spelet ser ut som om det har blitt trylla fram med akvarellmåling. Du styrer jenta Aurora som har blitt kidnappa frå heimen sin, og spelet sender ho ut på eit eventyr for å finne vegen heim. Vi blir lova mystikk, gåter og ei rekke utfordrande kampar.

Sjå bilete, artiklar og finn beste pris på Child of Light

Til nettet og tilbake igjen

PlayStation 4-eigarane får eit massivt nettspel i Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.
PlayStation 4-eigarane får eit massivt nettspel i Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.Bilde: Square Enix

April ser i aller høgste grad ut til å bli ein variert månad. I tillegg til dei allereie nemnde spela får vi servert ein oppussa versjon av Batman: Arkham Origins Blackgate. Dette spelet kom opprinneleg til PlayStation Vita og 3DS i fjor haust, men får no lansering på heimekonsollar og PC.

Eit anna renovasjonsprosjekt er The Sly Trilogy som no får lansering på PlayStation Vita. Her får vi servert dei tre første spela om den tøffe vaskebjørnen Sly Cooper. Fleire fargerike område får vi i Max: The Curse of Brotherhood frå danske Press Play. Dette spelet er allereie lansert rundt omkring i verda på Xbox One, men får no lansering på Xbox 360.

Eit anna spel som dukkar opp på Xbox 360 er skytespelet Titanfall som blei lansert i mars til stor fanfare. Meir action blir det i The Incredible Adventures of Van Helsing II, om enn av ein noko annan art. Her skal du inn i rolla som vampyrjegaren for å hamle opp med skrømt frå mørket.

Enda fleire skrømt møter vi i Dark Souls II som endeleg blir lansert på PC. Vi håpar du har støtteapparatet på plass, for dette blir garantert ei påkjenning. Om du ikkje får nok pryl i Dark Souls II kan du alltids prøve deg på det flamboyante slåssespelet JoJo's Bizarre Adventure: All Star Battle.

Vil du heller spele saman med vener i ei stor og fargerik verd blir Final Fantasy XIV: A Realm Reborn endeleg tilgjengeleg på Sonys ferske konsoll. Om The Elder Scrolls Online ikkje er heilt di greie, eller om du ikkje har ein brukbar PC å køyre det på, kan dette vere eit godt alternativ.

På tampen kan vi ta med to spel som satsar på å utfordre dei små grå. Plattformspelet Monochroma sender eit ungt born på reise gjennom ei uhyggeleg verd, medan det tradisjonelle peik og klikk-eventyret Blackwell Epiphany serverer enda fleire gåter inspirert av eventyrklassikarane frå 90-talet.

Kos deg!

LEGO The Hobbit

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen