Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Kollasj Gamer.no

Vi har nett lagt bak oss ein særs triveleg månad. I alle fall om vi fokuserer på spelfronten og ikkje alt det andre tullet som skjer i kvardagen no for tida. Ved sidan av eit pars kuffande titlar som Stronghold: Warlords og Bravely Default II har vi fått nokre skikkelege godsaker i mars. It Takes Two bydde på fantastisk underhaldning for to spelarar, medan Crusader Kings III-utvidinga Northern Lords gav oss strategi på høgt plan.

Deileg strategi blei det òg i Evil Genius 2, eit spel som verkeleg innfridde der det første spelet i serien ikkje heilt trådde til.

Og med det ser vi atter framover mot grønare jaktmarker for dei små grå.

Outriders

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 1. april

Her blir det, om ikkje anna, bråk.
People Can Fly

Looter shooter-sjangeren er under ganske hardt press med mange aktørar for tida, og no kjem enda ein til. Frå People Can Fly, studioet bak Bulletstorm, og Gears of War: Judgement, kjem Outriders. Dette er eit sbarskt og grimt pel som prøvar å hauste av suksessen til seriar som Borderlands og Destiny.

Outriders er eit skytespel i tredjeperson med ei rekke rollespelelement du kan krydre kvardagen med. Du får velje mellom fire ulike klassar, og får byggje dei opp med ein haug ulike eigenskapar. Dei forskjellige våpna du samlar deg kan i tillegg skreddarsyast ved å snikre på dei nokre moddar. Vi tok ein kikk på spelet i fjor, men var ikkje heilt frelst, så vi får satse på at utviklarane har brukt tida si godt. Outriders blir inkludert i Game Pass frå og med lanseringsdagen, for dei som har det.

SJå bilete, les artiklar og finn beste pris på Outriders

Lost Words: Beyond the Page

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 6. april

Vakre Lost Words lovar ei sterk historie.
Sketchbook Games

Lost Word: Beyond the Page er eit unikt lite eventyrspel som blandar vakre plattformsekvensar med det vi blir fortalt er ei sterk historie frå Rhianna Pratchett, forfattaren bak spel som Overlord og nye Tomb Raider. Dette er eit spel som ser ut til å ikkje frykte å gjere noko nytt (og samstundes gjere det vanskeleg å forklare kva det heile går ut på).

Det heile utspelar seg i dagbokinnlegga til den unge jenta Izzy, som har skapt si eiga fantasiverd. Du brukar ord for å skape ein trygg veg for hovudpersonen i denne verda, og får utforske eit fargerikt og spanande univers. Spelet lovar å by på ei rekke ulike gameplayelement som gjer sitt for å byggje opp rundt spelets aller viktigaste ingrediens; historia.

Les også
Anmeldelse: Nier Replicant ver.1.22474487139...

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Lost Words: Beyond The Page

Oddworld: Soulstorm

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 6. april

Oddworld: Soulstorm vil by på rikeleg med utfordringar for dei små grå.
Oddworld Innhabitants

Oddworld-serien har ei lang historie, og vi har sett spel i både 2D og 3D med gameplay varierande mellom alt frå sideskrollande gåteløysing til eit førstepersons skytespel med levande ammunisjon. Serien byr på ei heilt spesiell verd med ein haug sære og interessante skapningar.

I Soulstorm møter vi igjen den gamle helten Abe, og han må leie 300 følgjarar for å unngå slaveri. Abe kan plukke opp, bruke og lage ein haug med gjenstandar som han eller følgjarane kan bruke til å forsere hinder, ta knekken på fiendar, og mykje meir. Sjølv om Oddworld-spela gjerne ser ut som lettbeint underhaldning på utsida, skjuler dei gjerne mørke og dystre historier som kan vere vel verdt å få med seg. Vi satsar på at Oddworld: Soulstorm ikkje blir eit unntak.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Oddworld: Soulstorm

Nier Replicant ver.1.22474487139...

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
UTte: 23. april

Om du trudde Nier: Automata var bra, har du ei overrasking i vente.
Square Enix

For mange var Nier: Automata det første møtet med denne særeigne actionrollespelserien, og mange er ikkje ein gong klare over at det ikkje var der historia starta. I år kjem Square Enix med ein ny og oppussa versjon av originalspelet som vi var svært begeistra for då det kom. No ser det samstundes ut til at utviklarane har fiksa alle ankepunkt vi trakk for då vi testa originalen:

«Nier har så mange forskjellige element blanda saman i ei herleg gryte av action og rollespel at sluttresultatet er ekstremt engasjerande og vanskeleg å leggje frå seg. Grafikken kunne vore betre, og dei grunnleggjande kampmekanikkane kunne godt ha vore litt meir avanserte, men når ein tek inn over seg alle dei andre elementa blir dette lett å gløyme. Nier er eit flott spel som nesten ikkje kan samanliknast med noko. Er du på jakt etter ei fantastisk historie, har du funne svaret ditt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nier Replicant ver.1.22474487139...

Returnal

Plattform: PlayStation 5
Ute: 30. april

I Returnal er den uunngåelege døden ein essensiell del av spelet.
Housemarque

Housemarque er best kjende for hektiske arcade-action-spel som Resogun og Matterfall, men no er dei klare med noko ganske nytt. I Returnal møter vi astronauten Selene som krasjlandar på ei verd som konstant skiftar form, og byr på stadig nye farer og livsfarlege livsformer som iherdig prøvar å ta livet av ho.

Ein nøkkelfunksjon i Returnal er interessant nok nettopp kva som skjer når Selene døyr. Ho er fanga i ein tidsloop, og kvart dødsfall betyr at du startar på nytt. Verda endrar seg, kva gjenstandar du har til din disposisjon endrar seg, og du vil konstant måtte finne nye måtar å overleve på i det tidvise kuleregnet. Eit av måla til utviklarane skal vere å by på ein ekstrem gjenspelingsverdi, og vi finn snart ut om dei har lukkast med det målet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Returnal

Vårmoro

Det blir meir fargesprakande rollespelmoro frå Japan denne månaden.
Nihom Falcom

Det blir mykje gammalt nytt denne månaden. Skumle Resident Evil 7 kjem til Stadia, akkurat i tide til å vere vitne til eit lite skred av gamle spel i litt ny innpakning.

Star Wars-klassikaren Republic Commando kjem av ein eller anna grunn til nye plattformer. Ikkje at vi klagar, men vedkomande som fekk den ideen fortener noko godt i klaset og eit anarkjennande nikk. Vidare finn vi eit anna gammalt spel grava opp frå kjellaren, nemleg Shadow Man frå 1999, eit spel underteikna er gammal nok til å hugse å ha lese om i gode, gamle PC Gamer, den gongen PC-blad var ei greie. Igjen må vi nesten spørje oss kven som fekk ideen om å dra dette fossilet tilbake, men takk skal du likevel ha.

Enda eit par år eldre er det gamle Square Enix-rollespelet SaGa Frontier som denne månaden kjem til så og seie alt av plattformer som ikkje er Xbox.

Enda eldre er Monster Boy IV, som dukkar opp igjen denne månaden i ei heilt ny og fargeglad drakt som Monster Boy: Asha in Monster World.

Av litt nyare dato er Total War: Rome, som er enda eit spel som får seg ei litt ny drakt, men mest av alt hakket meir moderne brukargrensesnitt og støtte for moderne skjermar.

Av hakket nyare dato finn vi actionspelet Terminator: Resistance som kjem til PlayStation 5, men ikkje Xbox. Slik favorisering vil ikkje Sega ha noko av, og prøvar å gjere det heile godt igjen ved å sleppe Yakuza-sidespranget Judgement på haustens nye konsollar, samt Stadia.

Det lange og trauste japanske rollespelserien The Legend of Heroes er tilbake med eit nytt kapittel, og dette heiter Trails of Cold Steel IV. Det dukka opp på PlayStation 4 i haust, men kjem no til Switch og Windows.

Til slutt tek vi med eit par heilt nye spel. Wraith: The Oblivion er eit skrekkspel i VR for deg som ser på kateter som ei mogleg framtidig investering. Poison Control derimot, blir eit fargerikt actionspel med særs japanske overtonar.

Det var alt for denne månaden, sjåast om nokre veker.

Siste fra forsiden