FEATURE: Desse spela gler vi oss til i mai
Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Køyr fort, bygg stort, og få ut aggresjonen som ein mannevond hai.

Atter ein månad er forbi, og sjølv om ting kanskje er litt utanfor normalen for folk flest akkurat no, har vi heldigvis ein haug av spel å slå i hel all eventuell dautid med. April har vore ein spanande månad med litt av kvart å by på. Det store høgdepunktet må vel kunne seiast å vere sårt etterlengta Final Fantasy VII Remake, eit spel som baud på både store oppturar og nokre kjipe nedturar. Ein anna remake var Resident Evil 3, ei oppleving vi kjem til å leve godt på heilt fram til neste spel i serien.

Noko hakket anna fekk vi erfare då den solide mobilspelserien The Room tok steget ut i den virtuelle verda med temmeleg godt hell.

Med det er det atter ein gong tid for å sjå framover mot ein månad fylt med veldig mykje forskjellig. Noko for ein kvar smak, med andre ord.

Before We Leave

Plattform: Windows
Ute: 8. mai

Before We Leave byr på eit spanande ytre. Foto: Balancing Monkey Games

Eg skal vere ærleg og innrømme at det er ein ting som verkeleg irriterer meg kvar gong eg plukkar opp eit spel som til dømes The Settlers. Fokuset på strid, krig, konflikt og alt det tullet der som eg strengt tatt ikkje er interessert i. Eg vil bygge, lage vegar, produsere, slappe av, ta ting roleg, og sleppe å tenke på krig. Eg har andre spel til det.

Before We Leave ser ut til å godt mogleg vere spelet for alle som tenker som meg. I dette spelet følgjer vi ein gjeng folk som returnerer til overflata etter mange år under jorda. Her skal det byggast heimar, dyrkast poteter, og utforske verda for å finne nye ting å forbetre eit spirande samfunn med. Spelet blir skildra som eit «chill-out»-spel utan noko fokus på krig og konflikt, noko som høyrest forlokkande ut, sjølv om ein og anna rom-kval kanskje dukkar opp for å ete planeten du bur på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Before We Leave

Fast and Furious: Crossroads

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 22. mai

No blir det bråk. Foto: Slightly Mad Studios

Frå Slightly Mad Studios, utviklarane bak den rimeleg vellukka Project CARS-serien, kjem den neste historia i Fast and Furious-sagaen. Skodespelarane vender tilbake med både trynefaktor og stemmeprakt i eit spel som lovar intens action medan crewet jaktar på eit internasjonalt kriminalsyndikat.

Her får vi etter alt og døme velte oss i heftig bilaction. Våre heltar vil reise verda over for å bruke kjerrene sine til å få has på skurkane gjennom halsbrekkande villmannskøyring. Du kan naturlegvis spele aleine, men om du vil ha fullt utbytte av alt spelet har å by på blir vi sterkt oppmoda om å sjekke ut fleirspelarmodusen der du saman med venene dine kan lage eit crew for å rocke gata med svidd gummi.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fast and Furious: Crossroads

Maneater

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 22. mai

Dette blir eit skikkeleg... blodbad. Foto: Tripwire Interactive

Har du nokon gong drøymt om å vere ein hai? Ikkje det? No får du uansett sjansen. I actionrollespelet Maneater får du ta til havet for å jakte på, blant anna, folk. Dette er Haisommer der vi får ta haiens perspektiv. Spelet sender oss ut i ei diger verd der vi startar som ein liten hai som blir vansira av ein jegar. Dette skal naturlegvis hemnast, og frå dette startskotet gjeld det å vakse seg stor og strekt ved å ta alt du er stor og sterk nok til å ta.

Gradvis vil du bli ein større og mektigare hai, og du vil møte andre farlege skapningar, om det så er menneske på jakt, ein alligator, ein massiv blekksprut, eller noko heilt anna. Ein ting er i alle fall heilt sikkert. Om du er på jakt etter noko litt på kanten av det vanlege, bør Maneater vere i stand til å huke av opp til fleire boksar for deg denne månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Maneater

Minecraft Dungeons

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows
Ute: 26. mai

Om Diablo blir hakket for mørkt og dystert er dette kanskje spelet for deg. Foto: Microsoft

Lenge før Microsoft slo kloa i svenske Mojang var Minecraft eit verdsomfattande fenomen. Ikkje rart, spelet blanda skikkeleg forelda grafikk med ein fridom til å byggje nesten kva som helst. Med Minecraft Dungeons får vi noko heilte anna. Eit Diablo-inspirert actioneventyr der du skal grave deg gjennom fiendar for å finne store skattar. Vi tok ein kikk på det i fjor, og likte det vi såg:

«Vi er som sagt spente, og positivt overraska over det vi fekk sjå. At spelet ikkje berre kan spelast aleine og online med andre – men også lokalt med andre – er gode nyhende, og viser at Mojang ynskjer å skape spelet i Minecrafts ånd, til tross for at spelet tilbyr ei ganske anna oppleving enn moderspelet. Eig du ein Xbox-konsoll eller ein PC, vil du for øvrig kunne spele saman med andre som spelar på ei av desse plattformene.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Minecraft Dungeons

Dungeon Defenders: Awakened

Plattform: Windows
Ute: 28. mai

Fargerikt tårnforsvar i Dungeon Defenders: Awakened. Foto: Chromatic Games

Dungeon Defenders: Awakened har vore i Early Access ei stund, men  gjer seg klar for full lansering og ein heil haug med nytt innhald denne månaden. Om du er ny i Dungeon Defenders-universet seier tittelen det meste, du skal forsvare ein dungeon mot monster. Her får du velje deg ein figur blant ei solid rekke klassiske fantasy-typar som alle har sine eigne eigenskapar og triks, før du set i gong med å bygge forsvarsverk før fienden går til angrep. 

Spelet er basert på den gode, gamle tårnforsvar-metoden, og fiendane kjem i bølgjer, der du får litt pusterom til å bygge og reparere mellom kvart nye møte med udyra. I motsetning til ein del andre tårforsvarspel får du styre ein krigar slik at du kan gå til direkte kamp mot fiendane, aleine eller saman med eit knippe vener.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dungeon Defenders: Awakened

Action og eventyr

Xenoblade Chronicles Definitive Edition blir eit gledeleg gjensyn. Foto: Nintendo

Denne månaden byr på litt av kvart, og ikkje minst mykje gammalt som får nytt liv. Kva seier du til dømes til eit gjensyn med Star Wars Episode 1: Racer? Sei kva du vil om Episode 1-3, men noko godt kom ut av det i form av eit rimeleg fett racingspel som får nytt liv på Switch og PlayStation 4.

Om vi held oss til fjerne galaksar er overlevingsspelet Population Zero eit spel å halde eit auge med. Her får du 168 timar på deg til å klare spelet, elles dør du. Om du vinn eller tapar får du uansett løn for strevet du kan ta med deg til nye gjennomspelingar. 

Meir rom får vi i form av romvesen som vitjar Switch i det XCOM 2 Colledtion tek turen til Nintendos populære konsoll. Enda meir Switch-moro får vi når både Borderlands Legendary Collection og BioShock: The Collection kjem til konsollen. Som om det ikkje var nok får vi ein ny og oppussa versjon av det fantastiske japanske rollespelet Xenoblade Chronicles.

Eit heilt nytt spel som kjem til Switch er det spanande fleirspelarspelet Ninjala. Her tygger du tyggegummi for å bli ein vaskekte ninja, naturlegvis.

Noko Nintendo-relatert blir det framleis når det tidlegare Nintendo-eksklusive spelet The Wonderful 101 tek turen til nye plattformer. Nye platformer blir det òg på skytespelet Ion Fury, eit spel som måtte skifte namn fordi rockebandet Iron Maiden ikkje likte at nokon andre brukte namnet deira.

Om alt dette blir alt for lyst, fargerikt og ikkje minst triveleg for deg, kan du trøste deg med at det kjem ikkje berre eitt, men to lovande og skumle spel i mai. Både Those Who Remain og Someday You'll Return lovar å by på dystre stemningar og ekle opplevingar.

Kos deg.

Before We Leave

Windows
Slippdato: 8. mai 2020
Sjanger: Simulator
Utvikler: Balancing Monkey Games
Utgiver: Balancing Monkey Games

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen