Skyrim Together - Skyrim med vener

Har potensial til å bli eit aldeles fantastisk tidsfordriv

Skyrim Together kjem til å gå hardt utover jobb og studering for mange.

Det majestetiske lydsporet til Jeremy Soule kjem i bølgjer innover fjella, fletta saman med ein hylande vind. Skjermen min blir bombardert av snøfiller. Dei svermar rundt figuren min som bier, ivrige etter å grave han ned på staden. Eg kjenner nesten eg må hutre litt her eg sit i stova framfor datamaskinen, sjølv om termostaten viser 23 grader.

Eg tar opp kartet, og teleporterer til Gjukar's Monument. Skjermen lyser opp frå dei irrgrøne grantrea og det endelause slettelandskapet. Uansett kvar eg snur meg, stirrar eg inn i ein ny horisont. Eit nytt eventyr. Folk å hjelpe, bandittar å slakte. Hundrevis av timar å investere.

Mørkret kryp innover himmelen, og nordlyset riv ei flenge i skylaget. Musikken girar ned til ein roleg dur. Eg lener meg bakover i stolen, dra headsettet litt tettare på, og lukkar augo. Kjenner pulsen av musikken, lar den dra meg inn i spelet. Det er nemleg noko heilt spesielt med stemninga i Skyrim. Noko som berre er.

Ein hjort står og beiter på ei lyngtue litt framfor meg. Eg tar fram bogen. Legg pila på strengen, trekkjer armen bakover. Siktar mot hjartet.

«YEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEES,» brøler nokon inn i øyret mitt. «Fuck off, dragejævel!»

Eg skvetter til, og pila forsvinn inn mellom nokre tretoppar. Ein mann materialiserer seg ut av ingenting framfor figuren min, og slår meg i trynet med ein rustningkledd neve.

«Du skulle sett den kampen der, mann! Eg er så sinnsjukt OP no at det er ikkje morosamt ein gong,» seier stemma.

Denne stemma kjem sjølvsagt frå Discord. For Skyrim treng ikkje nødvendigvis vere noko reise inn i einsam refleksjon lengre. Det er blitt rom for selskap. Turkameratar.

Dette er Skyrim Together.

Storprosjekt

Samarbeidsmodifkasjonar til Skyrim er ikkje noko nytt. I 2015 og 2016 skreiv me artiklar om Tamriel Online, som då gjorde omtrent det same. Det fungerte nokolunde greitt. Av og til, i alle fall. Einmannsprosjektet frå moddaren «Siegfre» verka lovande i starten, men mangel på oppdateringar gjorde at det døydde ut etter kvart. Nye problem oppstod, utan at det kom noko løysing. Funksjonaliteten var særs avgrensa, og til slutt virka den ikkje lengre.

Ute på jakt med ein kamerat. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rundt byrjinga av 2016 var òg første gongen me såg teikn til liv for Skyrim Together. Dette er eit stort prosjekt som har vore under utvikling i fleire år, med eit omfattande utviklarteam i ryggen. Desse har fått betydelege summar å jobbe for via Patreon, som det antakeleg berre vil bli meir av. Med andre ord vil prosjektet halde fram.

Ein lukka betatest er no ute for Patreon-støttarane (det kostar berre ti kroner å prøve), som me har leika oss med  dei siste dagane. Dette er ein beta-test i ordets rette forstand, slik at det fungerer langt frå godt nok. Det har blitt krasjing. Det har blitt synkroniseringstrøbbel. Det har blitt frustrasjon. Men det har òg blitt mykje moro.

Eit enormt potensial

Eg har venta på dette i mange, mange år. Skyrim Together gjer for Skyrim det Fallout 76 burde gjort for Fallout-serien. Der Elder Scrolls Online og Fallout 76 kasta vekk ei verdifull sjanse, har denne modifikasjonen gitt oss moglegheita til å oppleve meir av Skyrim, med modifikasjonar og heile pakka. Me trengte ikkje nødvendigvis noko nytt. Me ville berre ha meir av det som var så bra.

Så når eg no har moglegheita til å opne Skyrim Special Edition (som i teorien betyr VR-støtte), trykkje på ein knapp for å få opp ein vennemeny og invitere nokre kompisar rett inn i spelet mitt, så tar eg den sjansen på strak arm. Å snike gjennom grotter blant draugar, sette fyr på stakkars, uskyldige vaktar, og robbe bygdefolket ned til undertøyet er kjekt aleine. Men det kan vere endå meir moro med nokre gode vener.

Opp til åtte spelarar kan samarbeide på same server i beta-perioden. Foto: Skyrim Together - "Whiterun Gourd"

Alt du treng er å laste ned eit program på nokre hundre megabyte, så er du i gang. Eit par knappetrykk, og vipps – der har du heile venegjengen samla. Litt styr med hurtigreising for å få dei til å dukke opp og for å synkronisere monster og figurar må du rekne med, men til sjuande og sist fungerer det stort sett. Det er som sagt framleis ein beta, så forvent trøbbel. Men får du med deg nokre kjenningar inn i spelet, trur eg tolmoda strekk langt med ein gong dei forstår kor mykje potensial denne modifikasjonen faktisk har.

Anna enn ein meny og moglegheita til å hjelpe lagkameratar opp frå dei døde, er det lite som er annleis enn vanleg Skyrim. Og det likar eg særs godt.

Fridomen til å gjere kva du vil

Samarbeidsspel blir i stor grad det ein gjer det til. Til og med dustespel som Dead Island kan vere underhaldande viss ein har med nokre kompisar. Samstundes kan eg kome på få andre spel enn Skyrim som fungerer så godt som sandkasse for leik og utforsking. Eg gav ein tiar til Divinity: Original Sin II for nokre år sidan, men sjølv der har eg ikkje hatt i nærleiken like mykje moro i samarbeidsdelen. Tonen i Divinity er langt meir seriøs. Eg irriterer meg over kva val medspelarane mine tar, og me kranglar om framgangsmåte.

Denne menyen er omtrent alt ein treng å tenke på - når det fungerer. Foto: Mikkjell Lønning/Gamer.no

Slikt har absolutt ingenting å seie i Skyrim. Forteljinga er eit samansurium av fantasyflosklar, og det er eigentleg heilt greitt. Det er utforskinga som betyr noko. Eventyret. Det som ligg over neste fjelltopp. Ein skulle tru at eit spel som er laga for å bli spelt aleine ville bli øydelagd av samarbeid, men det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med eit spel som i Skyrim Together. Det er som å oppleve Skyrim for første gong igjen.

Og for eit eventyr eg er i ferd med å byrje på. For Skyrim Together kan sjølvsagt brukast med andre modifikasjonar. Dei som er lei av hovudforteljinga kan røske med seg nokre vener, og hive seg inn i massive mod-utvidingar som Wyrmstooth, Darkend, Clockwork, The Gray Cowl of Nocturnal, The Forgotten City eller liknande. Kanskje kan du drysse på med nokre nye modifikasjonar for monster, for våpen, eller for figurar i same slengen. Puss opp spelet med ein ENB, last ned¨noko som Skyrim Flora Overhaul. Tilpass spelet nett slik du vil ha det (men ta det litt med ro med moddinga fram til Skyrim Together blir meir stabilt).

Venene dine kan vere med på moroa heile vegen. Det kjem i alle fall mine til å vere. Eg er stygt redd for at det kan ryke veldig, veldig mange timar i Skyrim Together i 2019.

Konklusjon

Skyrim Together er noko Bethesda burde ha laga sjølv for lenge sidan. Modden er framleis overfylt av småfeil og irritasjonsmoment, men dei gongane du får ein halvtime eller to utan problem, ser du fort kva dette har potensial til å bli.

Om du gjer oppdrag, jaktar etter ressursar, utforskar nye områder, eller set i gang store slag med venene dine i Whiteruns gater, er det uansett ein komponent du kan vere sikker på at er der. God, gamaldags moro. Verda ligg for dine føter. Du og venene dine kan gjere akkurat kva de vil; suse gjennom historiedelen, eller kaste vekk time på time med å slakte kvarandre ned for fote.

Det er framleis noko tilfeldig om synkronisering av oppdrag, monster og andre spelarar fungerer eller ikkje, men Skyrim Together er blitt eit stort samfunn der hjelp er lett å få tak i. Får du problem, er det berre å hoppe på Discord og spørje om hjelp. Det er likevel usannsynleg at du klarar meir enn 30 minutt utan å møte trøbbel, så du må smøre deg med litt tolmod i første omgang. 

Skyrim er kanskje tiårets beste sandkasse, noko som legg eit ypparleg rammeverk for underhaldning med vener. Spelet har akkurat dei same feila som førre gong du spelte det, men no treng du ikkje lengre ta skjermdump for å vise venene dine dei flygande mammutane. Venene dine kan nemleg vere med på reisa sjølv.

I toppvideoen kan du sjå eit utdrag av Mikkjells tid med Skyrim Together saman med ein kompis. Litt trøbbel blir det, men modden er knakande god underhaldning når den virkar som den skal. 

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen