F.v. Europa Universalis IV, This War of Mine, Kerbal SPace Program og My Child Lebensborn.
Feature
F.v. Europa Universalis IV, This War of Mine, Kerbal SPace Program og My Child Lebensborn. (Foto: Montasje Gamer.no)

Dataspill i undervisning

Her er nokre spel du kan bruke i undervisninga

Heimeskulen kan krydrast til med enkle grep.

Me har vel alle kjent på at freistingar som sosiale medium eller spel kan vere litt større på heimekontoret, og det gjeld nok dobbelt for ungar som ikkje har fullt like mykje disiplin som oss. Er ein ikkje glad i skulearbeid heller, kan det bli vanskeleg å konsentrere seg når ein har så mange moglegheiter rundt.

Då er det viktig at læraren finn nye måtar å motivere og engasjere på.

Dataspel kan vere eitt alternativ. Læringseffekten av speling kan vere stor om ein finn dei rette spela, og dei kan brukast til alle moglege slags fag. Me kunne nok hatt ei liste på hundrevis av spel her under forskjellige fag, men avgrensar oss til ei handfull spel me trur vil vere spesielt effektive i første runde.

Først av alt må me snakke litt om metode. Tilgang til gamingmaskinar i denne tida kan fort bli ei utfordring. Difor er det gjerne best å fokusere på spel som ikkje krev noko særleg av maskinen, eller eventuelt følgje speling på YouTube, eller at lærar tar undervisninga gjennom til dømes Twitch. Mobilspel kan òg vere eit svar. Det er ei rekkje mobilspel retta mot læring der ute, men òg mange «tradisjonelle» spel som kan vere verdfulle i undervisning. Assassin’s Creed, Civilization og The Walking Dead er døme på gode mobilspel som kan gi det virtuelle klasserommet ein dytt i rett veg.

Spel kan vere så mykje forskjellig. Det kan vere inspirasjon for å lære meir, nye måtar å få direkte kjennskap til gammal historie, det kan vere spanande element for litterær analyse eller det kan rett og slett vere moro. Gjerne alt på ein gong. 

Europa Universalis IV (PC, Mac, Linux)

Fag: Historie, samfunnsfag/politikk, økonomi, engelsk

Europa Universalis er eit «grand strategy»-spel der du skal styre ein stat fram mot verdsherredøme. Som student på statsvitskap og (kortvarig) historie, har EU4 vore eit av mine fremste læreverktøy i fag som makt og politikk, moderne historie, mellomalderhistorie og politisk teori. Det tar ikkje mange timane før du finn ut at du plutseleg hugsar kva både gamle og nye namn på europeiske statar er, eller med eitt har pugga myriaden av alle fraksjonane i gamle Kina. Eit enormt utval av modifikasjonar lar deg òg velje ei rekkje ulike historiske scenario.

Skal de lære om amerikansk historie? Fyr opp ein modifikasjon om det. På tide med litt demokratiopplæring frå det gamle romarriket? Last ned ein modifikasjon og få elevane til å utvide gjennom diplomati.

Europa Universalis IV er avhengigheitsskapande og lærerikt om ein annan. Foto: Paradox

Spelet gir ei grundig innføring i statskunst, og det kjem av seg sjølv. Du tenkjer ikkje på at du lærer, men når du først har det gøy, og det vil du ha, går det automatisk. Det er det som gjer Europa Universalis så sabla kjekt. Du kan få heile klassen inn i det same kartet, og gjerne krydre det til litt der elevane snakkar til kvarandre som representantar for landa dei speler. FN-rollespelet har aldri vore like underhaldande. 

EU4 har ei bratt lærekurve den første timen, men dersom nokon kan leie deg gjennom alle dei ulike funksjonane, er det kjapt å plukke opp. Det skal heller ikkje mykje til for å køyre spelet.

Andre spel som kan oppfylle omtrent same rolle vil vere seriar som Crusader Kings, Hearts of Iron, Civilization, Age of Empires og Assassin’s Creed.

LES OGSÅ: Vår anmeldelse av Europa Universalis IV »

This War of Mine

Fag: Etikk, filosofi, engelsk

Det er ei lang, lang liste av spel som kan nyttast til etikktimen. Rollespel har gjerne mekanismar der ulike val fører fram til ulike konsekvensar, og måtar å skildre utfall av «gode» og «vonde» handlingar, eller alt imellom. Telltale Games sine spel kan vere flotte måtar å lære om etikk på, men This War of Mine er kanskje det mest effektive.

LES OGSÅ: Slik brukte Nordahl Grieg VGS The Walking Dead i etikkundervisning »

I This War of Mine speler du som ein vanleg person i ein krigssituasjon, og må gjere alt du kan for å overleve. Det er lite mat, drikke og medisinar, du har ikkje våpen, og du risikerer å bli angripen av andre i same situasjon. Døden er heile tida nokre få steg unna for deg og venene dine.

This War of Mine er eit einaste langt sporvognsproblem. Foto: 11 bit studios

Tyr du til snarvegar ved å stele frå andre, eller prøver du å klare deg sjølv? Kanskje stel du der du trur nokon ikkje er, men så tar nokon deg i handlinga. Kva gjer du då? Slåst du for ressursane du har stole, og skadar dei andre, eller lèt du dei vere og lar tinga ligge igjen?

This War of Mine er ei endelaus rekkje av moralske dilemma, som tvinger deg til å ta vanskelege val heile vegen.

Spelet finst på mobil, og køyrer heilt fint på ein datamaskin utan skjermkort. Det er få andre spel av denne typen som passar så godt inn i ein time med KRLE som dette. Har du mange The Witcher-fans i klassen kan gjerne Thronebreaker: The Witcher Tales vere eit alternativ i litt same gate, men der må ein investere betydeleg meir tid. This War of Mine kan ein hoppe inn og ut av utan problem.

LES OGSÅ: Vår anmeldelse av This War of Mine »

Kerbal Space Program (PC, Linux, Mac, PS 4, Xbox One)

Fag: Matte, fysikk, kreative fag

Kva med å få elevane til å forme sitt eige romprogram i fysikktimen? Her kan du byggje dine eigne romskip basert på realistisk aerodynamikk, lage romprobar, køyretøy og mykje anna kos.

Dette er eit ganske komplekst spel, så det tar ein del innkøyring for å få det inn. Sannsynlegvis bør ein sette av fleire av timane til noko slikt, eller køyre ein stream i regi av lærar. Som med dei andre spela bør lærar ha ein plan for korleis ein kan bruke det i forkant, men det gjeld dobbelt her.

Kerbal Space Program har ein krevjande læringskurve, men kan vere eit fantastisk verktøy i timen viss ein brukar det rett. Foto: Private Division

I fysikktimen på VGS kan det vere eit kult eksperiment å bruke ulike mattegreiner for å rekne ut overflater på køyretøy, banar for rakettar og ymse anna. Her må ein berre bli litt kreativ.

Andre spel retta rundt bygging eller gåteløysing kan òg vere med på å dyrke den kreative sansen til elevane. Det kan vere Minecraft, Cities Skylines, Portal 2, The Talos Principle, The Witness eller ei heil rekkje andre. Spelverda har eit endelaust repertoar av spel som baserer seg på innovativ gåteløysing. Det kan for så vidt spel som Fortnite fungere som òg, der fleirspelarelementet kan lære elevane om leiarskap, taktikk og strategi i same slengen. Lærar må naturlegvis halde fokus på nettopp desse elementa, og gjere elevane merksame på korleis dei kan aktivt reflektere over det dei lærer. 

Gone Home, Inside, Journey og Florence

Korte mobilspel er midt i blinken for litterær analyse. Foto: Annapurna Interactive

Fag: Engelsk og norsk

Ein drøss med spissa, korte einspelaropplevingar har funne vegen til mobilplattforma dei siste åra. Gåsimulatorar, kunstspel eller kva du vil kalle dei, er gode utgangspunkt for å trene dei analytiske ferdigheitene til elevane.

Inside og Journey har nyleg kome ut som mobilspel, og er ypparlege utgangspunkt for analyse i språkfag. Spela er vakre, korte og har klare motiv og bodskapar. Det er haugevis med metaforar å velje mellom, som kan vere ei god øving i å identifisere språklege verkemiddel.

Gone Home og Florence er på eit vis noveller i spelform, som tar deg rundt ein times tid å kome gjennom. Begge fortel rørande soger om kjærleik, fulle av nyskapande og smarte måtar å formidle på. Igjen; gode utgangspunkt for litterære analysar.

Florence kjem med norsk språk i mobilform, og det same gjer norskutvikla My Child: Lebensborn. Der speler du adoptivforeldra til eit born fødd av ein tyskar, tatt frå Lebensborn-programmet til Hitler. Det gir ei nynansert framstilling av kor elendig mange av desse borna hadde det, mens di oppgåve er å sjonglere full jobb med pass av ungen. Dette kan for så vidt vere nyttig i historieundervisninga òg, for det er framleis lite fokus situasjonen til tyskarborna etter krigen. 

LES OGSÅ: My Child Lebensborn inn på programmet i enkelte skoler »

Korleis starte? 

Det er ikkje enkelt å prøve seg på nye, pedagogiske verktøy. Dataspel vil vere ein stor del av skulen om få år, men me er framleis ikkje heilt der enno. Det finst for lite forsking og for lite praksis.

Spelpedagogar byrjar me å få ein del av, men det er viktig at dei står fram og deler erfaringane sine. 

Det treng ikkje vere avansert å bruke spel i undervisninga. Å køyre gjennom eit spel som Florence og å drøfte det i plenum over Hangouts i etterkant, det tar ikkje meir enn ein dobbeltime. 

Større og meir avanserte spel som Europa Universalis krev meir planlegging, men med litt rollespel eller eit opplegg basert på pensum, kan det gi ein læringseffekt som er vanskeleg å matche av andre metodar. Slike spel kan òg motivere elevane til å halde fram på eiga hand, som igjen kan tenne gneisten av historie- eller politikkinteresse som ligg i dei. 

Det viktigaste er at lærar tar seg litt tid til å spele sjølv, og ser på kva som kan funke opp mot det som læreplanen tar for seg der og då. Her må ein rett og slett eksperimentere litt. 

Florence

iPhone
Slippdato: 14. februar 2018
Sjanger: Eventyr
Utvikler: Mountains Games
Utgiver: Annapurna Interactive

Gone Home

Windows
Slippdato: 15. august 2013
Sjanger: Eventyr
Utvikler: The Fullbright Company
Utgiver: The Fullbright Company

Assassin's Creed II

Windows
Slippdato: 19. november 2009
Sjanger: Action, Eventyr
Utvikler: Ubisoft
Utgiver: Ubisoft

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen