Test

Roccat ELO 7.1 Air

Trådlaus 7.1-lyd til ein billig penge

Men er det godt nok?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Roccat er eit tysk selskap som først og fremst er kjend for e-sport og gamingmus. Me har testa ein del ulike produkt av dei oppgjennom åra, og produsenten pleier å levere grei kvalitet. No har me for første gong bryna oss på eit headsett frå Roccat.

Roccat Elo 7.1 Air er eit trådlaust gamingheadsett med virtuell surround-lyd, god komfort og ein grei pris. Til 1050 kroner får du det meste av det du treng for å ta knekken på motstandarane dine.

Design og komfort

Utsjånaden til rimelege gamingheadsett er ofte prega av glorete og smaklause detaljar, og går gjerne langt i å vise at dei er produkt mynta på spel. Dei produkta som sel best er ofte dei som gjer minst ut av dette. Elo 7.1 Air har definitivt ein del gamingpreg, men gjer ikkje så altfor mykje ut av seg. RGB-elementa på sidene er lyskraftige og klare for dei som likar slikt, samstundes som det er lett å slå av lyset viss ein vil ha meir batteritid.

Elo 7.1 Air er ikkje spesielt fint, men er anonymt nok til at ein ikkje tenkjer så mykje over det.

BEHAGELEG: Dette er eit headsett du kan bruke dagen lang.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Komforten er kanskje det fremste plusset for Elo 7.1 Air. Sjølv om klokkene sit litt for laust på hovudet, sikrar lærputer at ein kan spele i timevis utan å tenkje noko særleg på at headsettet er der. Bøyelen på toppen er dekkja av eit mjukt tøystoff som gir sikker støtte til hovudet. HyperX har ein del headsett i same prisklasse som er hakket meir komfortable enn desse, men dei er ikkje så veldig mykje betre heller.

Byggekvaliteten verkar solid nok, sjølv om Roccat har brukt ein del plast i konstruksjonen. Bøyelen er ofte det som knekk viss ein mistar slike headsett i golvet, men den er av metall. Difor bør nok headsettet tole ein tur på parketten eller to.

Tilkopling og knappar

Elo 7.1 Air er kopla til maskinen med ein 2.4GHz trådlaus sendar, og leverer trådlaus lyd med relativt lang rekkjevidd, utan noko merkbar forseinking. Det er òg nesten ingen skurring, slik som trådlause gamingheadsett ofte er plaga med. SteelSeries er ein versting der.

MANGE KNAPPAR: Roccat Elo 7.1 Air lar deg styre det du treng med knappane på den eine klokka.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er greitt å vere obs på at mikrofonen er sett til å spele di eiga stemme i høgtalarane i programvara, så det må ein hugse å slå av. Eg er usikker på kvifor det ikkje er av i utgangspunktet, men det kan skape litt meir skurring og ekko.

Av tilkoplingsmoglegheiter er det berre ein USB C-inngang. Det er kjekt at dei ikkje brukar eksklusive løysingar, noko som opnar for at ein kan bruke kva som helst USB-kabel til å lade det opp. Elles er det ein dempeknapp for mikrofonen, ein påknapp og rullehjul for både mikrofonvolum og lydvolum. Knappane er forholdsvis enkle å finne fram til på den venstre øyreklokka.

Batterilevetida er derimot ikkje så mykje å juble for. Headsettet klarar rundt ti timar. Ti timar er vel omtrent snittet på dei trådlause produkta eg har testa, og greitt nok, men problemet er at Roccat annonserer at det skal klare 24 timar. Det skjer òg at programvara viser at batterinivået er på 50 prosent etter rundt ti timar med bruk, og så berre døyr det. Nokre gongar har det haldt lenger. Kva som skjer her er eg usikker på, men etter litt googling ser eg at det er fleire andre som har hatt liknande problem med Elo 7.1 Air.

Sjølv om ei kort ladetid gjer at eg ikkje tar brotet på lovnaden om 24 timar så altfor tungt, trekkjer det ned.

Lyd

MIDDELS LYD: Du får det du betalar for meg Roccat Elo 7.1 Air.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Headsettet nyttar seg av drivarar på 50mm, og leverer heilt ok lyd. Lydelementa speler relativt høgt, og er ganske basstunge. Det er likevel vanskeleg å kome unna at lydbiletet er noko flatt. Lyden kan bli litt grautete viss det er mykje som skjer, og høgtonane kan bli i overkant skarpe.

Dette er absolutt ikkje eit headsett for dei som berre skal bruke det til musikk og film, for då kan ein for langt meir for pengane med andre produkt. No er det heller ikkje dette Elo 7.1 Air er mynta på. I spel sit eg litt med det same inntrykket som over, men det er i det minste lett å høyre kva retning fiendane kjem frå.

Med 7.1-modusen blir mellomtonane skrudd opp til elleve, som opnar for at ein kan få med seg fotstega til andre endå betre, men alt anna blir jo verre. Det er ikkje den verste implementeringa eg har høyrt, men lydbiletet blir likevel veldig gjørmete og ubehageleg. Dette er eine og aleine reservert for skytespel.

Mikrofon

MIKROFON: Denne karen fjernar det meste av bakgrunnsstøy, men skurrar ein del på maks volum.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Lydkvaliteten på mikrofonane til trådlause headsett pleier å vere ganske svak, og her er ikkje Roccat noko unntak. Stemmen min blir veldig nasal når eg brukar mikrofonen. Det er ein del teikn til skurring, og volumet på mikrofonen er ikkje heilt der det bør vere. Det hjelper å skru han heilt opp på maksimalt nivå, men då produserer mikrofonen ein klar skurrelyd.

Heldigvis gjer mikrofonen delvis opp for dette med ein effektiv form av støydemping. Lagkameratane mine høyrer ikkje støy i bakgrunnen når eg brukar mikrofonen, og sjølv lyden frå eit mekanisk tastatur blir monaleg lågare enn kva det eigentleg er.

Det kunne vore verre, men mikrofonen er heller ikkje spesielt imponerande. Ein kan få ein kabla versjon av Roccat Elo 7.1 til eit par hundrelappar mindre, og den vil sannsynlegvis ha ein betre mikrofon.

Programvare

Du er avhengig av å bruke Roccat Swarm for å bruke 7.1-surround og støydemping på mikrofonen. Swarm gir deg ein EQ på heile 10 spor, saman med førehandsinnstillingar for ulike speltypar. Det likar me. Du kan setje opp ulike profilar som er lett å rullere mellom, endre på RGB-lys og justere kor lenge headsettet skal vere på viss det ikkje er i bruk.

Det er mange praktiske løysingar her, men problemet er at programmet verkar veldig uferdig.

Eg har fleire gongar irritert meg av ulike feil i Roccat Swarm. Lyttefunksjonen til mikrofonen har ein tendens til å slå seg på utan at eg gjer noko, som utløyser kraftig skurring og ekko. Som nemnd fungerer heller ikkje batteriindikatoren. Det gjer at eg må gjette kor mykje eg har igjen å gå på, og tvingar meg til å lade opp kvar gong headsettet kjem på 50 prosent. Det kan vare i fleire timar til, eller det kan slå seg av der og då.

No er det mogleg eg har vore uheldig med mitt eksemplar av headsettet, men det verkar som dette er vanlege problem.

Konklusjon

Roccat Elo 7.1 Air er eit heilt greitt headsett som blir øydelagd av tekniske problem med programvara.

Lydkvaliteten er rundt det ein kan forvente av eit trådlaust headsett til 1100 kroner, og gjer ein grei jobb i spel der det å høyre fienden er det mest viktige. Det hjelper at mikrofonen har ein effektiv støydemping, men som dessverre går litt utover kvaliteten på mikrofonen elles.

MIDT PÅ TREET: Roccat Elo 7.1 Air vinn neppe prisar for verken det eine eller det andre.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Headsettet har nyleg vore på sal til 689 kroner, og då syns eg ein får god valuta for pengane her. Det er ikkje mange trådlause headsett som kjem med 7.1-surround i denne prisklassen, og til 700 kroner kan ein spandere på seg ein ekstern mikrofon.

Men sjølv til den prisen er det mange konkurrentar som er betre. Ærleg talt syns eg ikkje det er så veldig vits i å kjøpe billige 7.1-headsett, fordi det er enorm skilnad på dei og kvaliteten til dei meir effektive implementeringane av virtuell surround. SteelSeries, Logitech, HyperX og Razer har alle betre trådlause headsett til omtrent same pris om du ikkje treng 7.1.

Totalt sett kan ein gjere eit greitt kjøp på sal med dette, men det bør ikkje vere førstevalet ditt.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

4.5
/10
Roccat Elo 7.1 Air
Heilt greitt når programvara fungerer.
God komfort
Trådlaust
Rikeleg med knappar
EQ med 10 spor
RGB-lys
Sit laust på hovudet
Batterilevetida er langt unna annonsert
Veldig mykje tull med programvara
Mikrofonen har ein del skurring på maks nivå, og gjer stemmen veldig nasal
Middels lydkvalitet

Siste fra forsiden