Test

Zowie by BenQ EC-B Divina

Det beste valet til Counter-Strike?

Me tester den nye generasjonen av proffspelaranes mest brukte produktserie.

yup
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I januar skreiv me ein test av nye Zowie Divina S2 som me var særs imponerte over. No er turen kome til Zowie sin EC-serie. Dette er dei klart mest populære produkta blant proffspelarar i Counter-Strike: Global Offensive. Ei oversikt frå ProSettings.net viser at 65 prosent av proffane brukar produkt frå Zowie, og mesteparten av desse er frå EC-serien. EC2-A er den klart mest brukte – noko som sannsynlegvis vil endre seg etter kvart som proffane bytar ut musa med dei nye produkta til Zowie. Me har snakka med produsenten om det handlar om sponsing, men i følgje dei har spelarane fritt val av datamus og seier at dei ikkje sponsar nokre av toppspelarane med datamus sjølv.

Me ville difor ta ein testrunde på nylanseringa av EC1-B og EC2-B. Som S-serien har desse fått Divina-merket og kjem i både blått og rosa. Forskjellane frå dei førre EC-B-versjonane er ikkje all verda, men dei har fått ein ny finish, større museføtter for betre gli og eit litt betre rullehjul.

Les også: Dette bør du tenkje på før du kjøper gamingmus »

Design

Som S1 og S2 har dei nye EC-B-musa fått ein blank finish som visstnok gir betre grep. Eg veit ikkje om eg er heilt med på den. Dei gongane eg kjenner fingrane mine byrjar å bli litt fuktige med sveitte, så har produktet ein tendens til å bli klamt og småglatt. Det går ikkje så langt at det går utover grep, men eg skulle gjerne sett at Zowie laga matte versjonar av Divina-serien.

Eg har høyrt rykte om at ein kan fikse dette sjølv med ein skuresvamp – så i og med at eg fekk både EC1-B og EC2-B gjorde eg like godt eit forsøk med den eine. Det var ikkje mykje som skulle til. Eg brukte knapt fem minutt på å skure ned heile greia, og den glossy finishen forsvann for ei meir grepsvenleg matt overflate.

Den glatte finishen kan fjernast med skuresvamp på kort tid.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til storleik er det to alternativ å velje mellom her, som er identiske elles (anna enn vekt, sjølvsagt). EC1-B er laga for dei med mellomstore eller store hender (over 19,5 centimeter i lengde), mens EC2-B er designa for dei med små eller mellomstore hender. Eg skulle gjerne sett eit tredje, mindre alternativ, men eg set uansett stor pris på designfilosofien til Zowie. Det er sinnsjukt mange gode formar på marknaden som ikkje passar meg på grunn av storleik, og eg vil gjerne sjå fleire tilby produkt på dette viset.

Og her kjem me til kjernen av kva som gjer Zowie sin EC-serie så populær. Forma. Dette er kanskje den beste forma for klogrep-spelarar blant alle datamus du kan få tak i. Den er rett og slett fantastisk. For dei som hugsar gamle Microsoft IntelliMouse 3.0 (som gjorde comeback i fjor med nyversjon), så minner denne ein del om den forma – berre langt betre. Måten fingrane og handbaken kvilar på EC-B er perfekt, og det er vanskeleg å sjå at det skal vere mogleg å forbetre forma på noko vis. Passform og storleik er tross alt dei to viktigaste omsyna ved val av spelmus, så dette vil vere eit potensielt «end game»-produkt for mange. Det til tross for nokre minus her og der.

Gummikabelen burde vore bytta ut for lenge sidan.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som vekt. EC1-B og EC2-B er definitivt innanfor med respektivt 99 gram og 91 gram, men eg saknar litt innovasjonsvilje frå Zowie her. Lite har endra seg sidan førre generasjon, og eg vil gjere sjå produkta endå lettare. Produsentar som Logitech, Finalmouse og Glorious Odin har hive seg på kappløpet om å lage lettast mogleg mus, mens Zowie har haldt seg litt unna den kampen.

Det same gjeld kabelen. Alle Zowie-produkt i Divina-serien har den same grå, lette gummikabelen. For å vere gummi er den ganske bra, men no som mykje av konkurransen er enten trådlaus eller byr på fjørlette skolisse-kablar, byrjar denne å bli noko gamaldags. Her vil eg oppmode dei som kjøper til å plukke med seg eit Paracord-kit for å få ned vekta og gjere musa meir handterleg.

Knappar

Knappane er noko anna som kunne vore betre. I alle fall sideknappane. Til tross for ei god plassering er sideknappane på EC-serien skikkeleg dårlege. Dei har ei mjuk tilbakemelding og lang vandring som eg verkeleg ikkje likar. Rullehjulet er heller ikkje spesielt bra, nett som på Zowie S1 og S2. Igjen viser Zowie at dei gjer minimalt med endringar frå førre generasjon.

Både rullehjulet og sideknappane er framleis klare svakheiter på EC-serien.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Museknappane i seg sjølv er derimot eit stort pluss. Dei er responsive med eit skarpt og romsleg klikk, samt kort vandring. Det er heller ingen teikn til rasling av noko slag i brytaren.

På undersida av datamusa finn me knapp for PPT og oppdateringshastigheit. Kvar av knappane har eigne indikatorlys for å vise kva modus musa står i. Dermed er det ikkje noko særleg behov for programvare.

Sensor

Som dei andre produkta i Divina-serien er EC-nylanseringane utstyrt med ein PMW3360-sensor. Denne fann me teknisk sett i førre generasjon òg, men i og med at det er blant marknadens beste sensorar er det lite å seie her. Dei fleste av produkta me skriv testar av har ein variasjon av 3360-sensoren og det er ikkje utan grunn.

Det skal ekstremt mykje til for at den skal spinne ut, og pikselsporinga er feilfri. Zowie har bestemt seg for at produkta deira ikkje skal få høgare PPT enn 3200, men i og med at Divina-serien er retta mot Counter-Strike er vel det heilt greitt. Speler du med meir enn 3200 PPT er det uansett på tide å skru ned.

Programvare og RGB

Zowie har ikkje inkludert RGB i produkta sine i denne omgangen. Du får heller ikkje noko programvare å leike med – som kan vere eit minus for nokon. Det er kjekt å sleppe ekstraprogram for justering av «polling rate» og liknande, men for min del likar eg å ha moglegheita til å gi knappane på musa nye eigenskapar. Det må du laste ned tredjepartsprogramvare for å gjere her.

Konklusjon

Både Zowie EC1-B og EC2-B har potensial til å oppnå ein perfekt karakter med nokre små endringar.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølv om eg gir ein litt svakare karakter til denne enn ein del andre toppmus me har testa, kjem eg framleis til å legge denne høgare på samletest-rangeringa vår enn ein del andre 9/10-produkt. Dette er rett og slett eit kanonprodukt, til tross for at Zowie burde ha gjort meir for å rette på gamle feil. Me tar det som eit lite stikk til ein produsent som har blitt ein smule late – spesielt når dei spør om 800 kroner for desse.

Eg kan forstå «if it ain’t broke»-tankegangen her, men det er faktisk ein del på Zowie EC-B som kunne vore betre. Vekta må ned, kabelen bør erstattast og sideknappane må strammast opp. Får dei derimot fiksa dette til neste omgang så er eg på plass med tiaren med ein gong. Forma er tross alt perfekt.

Les også: Me kåra den beste gamingmusa frå 2018 »

8
/10
Zowie by BenQ EC2-B Divina
Ei tilnærma perfekt passform, men Zowie har kanskje blitt litt late.
Kanskje den beste forma for klogrep
Ingen programvare
Gode museknappar
PPT- og polling rate-knappar på undersida
Betre museføtter sidan førre generasjon
Treng tredjepartsprogramvare for å bytte eigenskapar på knappar
Sideknappar med for lang vandring
8
/10
Zowie by BenQ EC1-B Divina
Ei tilnærma perfekt passform, men Zowie har kanskje blitt litt late.
Ingen programvare
Kanskje den beste forma for klogrep
Gode museknappar
PPT- og polling rate-knappar på undersida
Betre museføtter sidan førre generasjon
Treng tredjepartsprogramvare for å bytte eigenskapar på knappar
Sideknappar med for lang vandring
Litt tyngre enn den treng vere

Siste fra forsiden