The Last of Us blir større i februar

I Left Behind får vi historia til Ellie før ho møtte Joel.

Eit av fjorårets største suksessar var PlayStation 3-eksklusive The Last of Us. I dette spelet frå Uncharted-skaparane Naughty Dog møter vi Joel og Ellie som må overleve i ei øydelagt og farleg verd. Spelet bydde på ei sterk historie med eit truverdig persongalleri, lekker grafikk og ein solid porsjon action.

På seinhausten i fjor kunngjorde Sony utvidinga Left Behind. I denne møter vi igjen Ellie, men i tida før hendingane i The Last of Us. Saman med veninna Riley, som og var med i teiknserien The Last of Us: American Dreams, må ho overleve mange utfordringar. Utvidinga vil i tillegg by på meir humor enn vi fekk servert i The Last of Us.

Datoen er klar

Snart får du møte Ellie igjen.

I går byrja rykta å svirre om at ein dato var klar, og i kveld har Naughty Dog via Twitter-kontoen sin stadfesta at utvidinga blir tilgjengeleg for nedlasting på valentinsdagen 14. februar. Ein trailer frå spelet kan du sjå nedst i artikkelen.

The Last of Us fekk særs god mottaking her hos oss, og Andrine klinka til med ni poeng:

«Naughty Dog har klart å skape eit spanande, drivande og følelsesladd eventyr som eg storkosar meg med. Det er fullt av sterke og gode figurar, fantastisk stemmeskodespel og nydelig grafikk som eg ble heilt mållaus av. Til tider kunne eg nesten ikkje skjøne at eg sat og spelte eit spel, for eg levde meg sånn inn i det.»

Om du er ein fan av dystopiske framtidsvisjonar bør du få med deg første episode av The Walking Dead Season Two. Den uhyre populære alfaversjonen av DayZ er òg verdt ein kikk.

Siste fra forsiden