Anmeldelse

Dark Souls III: The Ringed City

– Ein brutalt vanskeleg slutt på heile serien

Med The Ringed City er Dark Souls-serien over.

Bandai Namco

Det er på eit vis litt trist at me ikkje får sjå noko meir frå Dark Souls-serien. The Ringed City er som slutten på ein æra i spelbransjen, med tre spel som har satt standarden for actionrollespel-sjangeren. På same tid står The Ringed City som ein verdig slutt på ei lang reise, ei brutalt vanskeleg oppleving som får adrenalinet til pumpe.

Ashes of Ariandel var ei kort og til tider skuffande utviding, som The Ringed City har lært av. Samstundes så er nokre av dei same feila på plass, og det hindrar utvidinga i å kome opp på same nivå som ekspansjonane til Dark Souls og Dark Souls 2.

Slik byggjer ein nivå i spel

The Ringed City er delt opp i to nye områder, det eine på storleik med dei største nivåa i grunnspelet. Det som er spesielt med nivåa i utvidinga, er at dei er bygd like mykje i høgda som i breidda, og er tettare kopla saman. Du hugsar kanskje heisen mellom Firelink Shrine og Undead Burg i Dark Souls? Noko liknande er tilbake her. Det er snarvegar som får deg til å smile, og bli overraska over korleis utviklaren har klart å knyte nivåa saman på ein fiffig måte.

I byrjinga verka områda overveldande store, og det er langt mellom båla. Tennene mine var godt bitt saman etter femten minutt i det same området utan å sjå noko til eit einaste bål. Estus-flaska mi var tom, og det var framleis flust med fiendar igjen. Med 150 000 sjeler på meg, tok eg vegen framover særs varsamt. Det blei ikkje nemneverdig betre då eg fekk beskjeden «you have been invaded», slik at teleporteringsgjenstandane slutta å fungere.

Denne karen sleit eg med i ein god halvtime.
Bandai Namco

Kvar fiende som datt ned for sverdet mitt verka som ein stor siger i seg sjølv. Det flotte lyddesignet kjem sterkt i spel i desse situasjonane, når du høyrer dei tunge fotstega av ein fem meter høg kjempe traskande rundt neste sving. Det er ein mildt sagt stressande situasjon, mykje verre enn inntrykka som eit skrekkspel kan gi deg. Her er det ikkje snakk om billige «jump scares», men heller ei gjennomgåande skrekkeleg stemning.

Diskré opplæring

Du veit den kjensla du får når du kjem rundt eit hjørne og ser ein stor, truande fiende? Det er i det augeblikket ein tenkjer at no, endeleg, er det klart for ein sjefskamp. Som Dark Souls-serien har fått til i nokre få andre tilfelle, får The Ringed City meg til å tenkje slik fleire gongar med vanlege fiendar. Det er direkte skremmande kor mange unike, kule og grufulle fiendar FromSoftware har klart å kome opp med, nokon av dei som reine vandrande mareritt. Meistringskjensla eg kjenner etter å ha drepe den eine fienden etter å ha døydd fire-fem gongar forsvinn fort når eg rundar den neste svingen, og eg plutseleg må kjempe mot tre av den same fienden.

Likevel tar eg det med eit smil. Spelet har lært meg korleis eg handterer fienden i eit ope, kontrollert område utan andre forstyrringar. Eg er klar til å ta det neste steget fram.

FromSoftware veit korleis dei skal lage vakre nivå.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Akkurat her har alltid Dark Souls-spela gjort jobben sin. Dei lærar deg korleis du skal takle noko, og aukar vanskegraden gradvis slik at du ikkje tar noko for gitt. «Konstruert vanskegrad» har vore ein gjentakande kritikk for spela, men det gjer meg ikkje noko at eg må kjempe mot fleire på ein gong i The Ringed City. Det fungerer fint, så lenge eg ikkje spring fram utan å tenkje meg om. Ein må nemleg bruke omgivnadane til sin fordel, og tenke taktisk. Balansen mellom det vertikale og horisontale i nivåa lar ein gjere nettopp dette, og det er veldig ofte ei gøymd løysing på problemet framfor deg, som du kjem fram til før eller seinare.

Sjefskampane i utvidinga fungerer litt på det same viset. Kvar kamp har fleire fasar, der sjefen byrjar med eit sett av rørsler og angrep, som blir meir og meir komplekse for kvar fase, men har den same rota. Dette betyr på ingen måte at kampane er enkle, tvert i mot. Av dei fire sjefskampane i utvidinga er tre av dei på nivå med dei vanskelegaste kampane i heile serien, og ein av dei kanskje den aller vanskelegaste. Underteikna har gjennomført heile Dark Souls 3 utan å døy på ein av figurane mine, men det hindra meg ikkje i å bruke nesten ein og ein halv time på den siste sjefskampen. Eg mista fort teljinga på kor mange gongar eg døydde. Det er vel òg litt av grunnen til at eg reiste meg triumferande opp av stolen min då eg endeleg fekk has på sjefen, og viste fingeren til skjermen. Det kjenst utruleg tilfredsstillande å høyre dødsskriket frå sjefen runge ut av høgtalarane. Akkurat slik det skal vere.

Manglar det vesle ekstra

The Ringed City er mykje betre enn Ashes of Ariandel, det er det ingen tvil om, men det er noko som manglar. Utvidinga er sabla vanskeleg, nivåa er solide og dei fleste sjefskampane er imponerande bra. Likevel er ikkje alt som det skal vere.

FromSoftware har av ein eller annan grunn bestemt seg for at alle utvidingane i serien må ha ein keisam og enkel sjefskamp, og The Ringed City er ikkje noko unntak. Som i Crown of the Sunken King i Dark Souls 2 og Ashes of Ariandel, har denne utvidinga ein menneskeleg fiende som sjefskamp, som verkar fullstendig meiningslaus. Det er mini-sjefar i utvidinga som byr på langt større utfordring, og det tok meg ikkje meir enn to forsøk på å drepe sjefen, den andre gongen utan å ta skade meir enn tre gongar.

Ikkje alt fungerer som det skal (SPOILER!).

Dei andre kampane går heller ikkje heilt knirkefritt for seg, spesielt den valfrie kampen. Der verkar det meir som ein kjemper mot kameravinklane enn sjølve sjefen, fordi figurmodellen til sjefen er så stor at den ikkje får plass på skjermen.

Det er òg noko som manglar med stemninga. Ta dei første ti timane av Dark Souls som døme. Mitt første møte med det spelet blei omtrent som ein transe, og eg spelte vel sikkert åtte timar i strekk. Byrjinga av Dark Souls er rein spelmagi, først og fremst takka vere den glimrande stemninga, som gir inntrykk av at alt rundt deg er mystisk, skummelt og kan ta livet av deg på tusen ulike vis. Eg skulle så gjerne ønskje at The Ringed City kunne tatt opp arva etter det første spelet her, men nei, slik skulle det ikkje bli. Utvidinga har nokre augeblikk der alt klaffar, men den maktar ikkje gjenskape magien frå det første spelet. Så langt har det berre vore Crown of the Old Iron King frå Dark Souls 2 som har gjort dette for meg.

Konklusjon

Dark Souls-spela er ved vegs ende. Den siste utvidinga set ein verdig strek for serien, sjølv om nokre element manglar for å oppnå perfeksjonen til delar av det første spelet. Det er vanskeleg å seie noko om forteljinga utan å avsløre handlinga, men eg kan seie så mykje som at tilhengarar av serien vil vere nøgde. Me venter vel alle på video frå VaatiVidya, gjer me ikkje?

Kombinasjonen av imponerande vanskegrad, varierte nivå, spenstig lydspor og fiendar som kjem til å drive mareritta dine i lang tid framover, skapar rundt sju timar med gripande underhaldning. Til tross for at det ikkje er den største utvidinga i serien, vil det ta godt med tid på grunn av dei vanskelege områda.

FromSoftware leverer eit langt betre produkt enn Ashes of Ariandel, men klarer ikkje å nå heilt opp til seriens storleikstid.

7
/10
Dark Souls III: The Ringed City
Utviklaren kjem endeleg med ei skikkeleg utfordring til Souls-veteranar.

Siste fra forsiden