FEATURE: Desse spela gler vi oss til i februar
Feature
(Bilde: inXile Entertainment, PlayStation Europe, Rebellion, Ubisoft)

Desse spela gler vi oss til i februar

I februar får du ikkje berre pryl, du får grisebank.

Årets første månad er over, og vi må vel kunne seie det var ein god start på året. Resident Evil-serien er for alvor tilbake, med det knakande gode og skrekkelege Resident Evil 7: Biohazard. Fleire japanske utviklarar har kasta seg på lasset denne månaden, og Square Enix leverte ein lovande smakebit på komande Kingdom Hearts III i spelpakka med det umoglege namnet Kingdom Hearts HD 2.8 Final Chapter Prologue.

Vidare fekk vi luftig action i Gravity Rush 2, medan Tales of Berseria leverte ei god historie, men lite anna.

Alle desse spela er derimot i gløymeboka no, for vi skal sjå nærare på kva fagre februar har å by på.

Nioh

Det er berre å finne ein kjepp å bite på, dette blir vondt.
Det er berre å finne ein kjepp å bite på, dette blir vondt. Bilde: PlayStation Europe

Plattform: PlayStation 4
Ute: 8 februar

Ninja Gaiden-studioet Team Ninja er tilbake med eit brak, og denne gong er det i det noko Dark Souls-inspirerte actionspelet Nioh. Om du trur dette blir som Dark Souls får du derimot tru om att. Spelet blir kanskje blodig vanskeleg, og vil setje alle klutar til for å dakse den såre stumpen din sønder og saman, men tematikken er heilt unik.

Her blir vi lova eit heidundrandes kampsystem som hentar inspirasjonen sin frå japansk mytologi. Om vi tenkjer ei blanding av gode gamle Onimusha, Ninja Gaiden og Dark Souls, er vi inne på riktig spor. Om du ikkje får nok utfordringar i kvardagen, og har eit svakt punkt for Japans shogun-periode, er dette spelet for deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nioh

For Honor

Vikingar møter riddarar, møter samuraiar i For Honor.
Vikingar møter riddarar, møter samuraiar i For Honor. Bilde: Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. februar

Om historisk korrekte spel er viktig for deg, er det best du snur no. For Honor er eit actionspel der både riddarar, vikingar og samuraiar blir blanda saman i ei saleg smørje der det overhengande målet ikkje ser ut til å vere noko anna enn brutal, sverdsvingande moro. Vår mann såg ut til å like sviskekompotten svært godt då han smakte på den:

«Spelet slår dei tre distinkte folkeslaga saman på ein overbevisande måte, med ein visuell stil som både utjamnar og set søkelys på dei enorme forskjellane frå krigar til krigar. At det er fleire ulike figurar innad i kvar rase er også ein viktig del av opplevinga, og at samtlege av desse har unike eigenskapar og kombinasjonar gjev spelet umiddelbart meir djupne.»

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på For Honor

Halo Wars 2

Konsollstrategi er tilbake i Halo Wars 2.
Konsollstrategi er tilbake i Halo Wars 2. Bilde: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows 10
Ute: 21. februar

Originale Halo Wars frå 2009 var eit forfriskande og spanande sidesprang frå Microsoft. Dei tok sin særs populære Halo-serie og laga eit Xbox 360-strategispel av den. Attpå til var det eit knakande godt strategispel. Microsoft stengde dørene til utviklarstudioet Ensemble Studios, men hyra inn erfarne Creative Assembly til å lage ein oppfølgjar som blir lansert nesten på dagen åtte år etter det første spelet. Vi likte det vi såg då vi prøvde det:

«Halo Wars 2 er absolutt spanande. Sju år med spelutvikling og teknologiske endringar gjev serien ei moglegheit til å verkeleg fornye seg, samtidig som ein tar i bruk dei klassiske strategitriksa som definerer sjangeren. Det verkar som om både 343 Industries og Creative Assembly er ivrige og nøgde med arbeidet sitt, og med tanke på kva vi fekk sjå og oppleve, er ikkje det så rart.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Halo Wars 2

Torment: Tides of Numenera

Rollespelmagi av den gode, gamle sorten ventar i Torment: Tides of Numenera.
Rollespelmagi av den gode, gamle sorten ventar i Torment: Tides of Numenera. Bilde: inXile Entertainment

Plattform: PlayStataion 4, Xbox One, Windows, Mac, Linux
Ute: 24. februar

Planescape: Torment er for mange ein gedigen favoritt frå dei store rollespeldagane på tampen av 90-talet. Entusiasmen var difor stor blant rollespelpublikummet då fleire av veteranane som skapte Plansecape: Torment fyrte laus ein Kickstarter-kampanje for Torment: Tides of Numenera, og kampanjen var i mål på berre nokre timar.

Tides of Numenera byr på ei heilt anna verd enn Planescape, men er òg basert på penn-og-papir-reglar. Historia vil få eit svært stort fokus i spelet, og kva val du tar i løpet av spelet, vil ha innverknad på korleis karakteren din utviklar seg. Utviklarane lovar ei spanande historie som vil ta deg på ei reise gjennom mange bisarre landskap.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Torment: Tides of Numenera

Mykje rart i vente

For å sleppe å aldersmerke artikkelen valde vi dette vakre biletet frå Sniper Elite 4.
For å sleppe å aldersmerke artikkelen valde vi dette vakre biletet frå Sniper Elite 4. Bilde: Rebellion

Som vanleg har vi fleire spel i vente enn dei vi allereie har lista opp, og først blant dei finn vi The Astonishing Game. Kva i alle dagar er The Astonishing Game, tenkjer du kanskje? Og det er ikkje så rart, for dette er eit snodig prosjekt. Dette spelet er eit samarbeid mellom norske Turbotape Games og ingen ringare enn prog rock-heltane i Dream Theater. Spelet er eit turbasert strategispel inspirert av nettop Dream Theater-plata The Astonishing. Slå den!

Over til noko heilt anna. Diluvion er eit eventyrspel der du skal reise på tur til havets djup. Spelet hentar mykje inspirasjon frå Jules Vernes forfattarskap, og bør med det kunne by på ei spesiell oppleving.

Litt meir blod og gørre kan vi vente oss i Sniper Elite 4. Om du ikkje veit noko særleg om spel, er ein grei tommelfingerregel at om spelet har «sniper» i tittelen, kan du rekne med svært detaljert dekonstruksjon av menneskeleg anatomi. Koseleg.

Om det på ramme alvor er kos du vil ha, vil du strengt tatt ha meir hell med deg om du sjekkar ut Poochy & Yoshi's Wooly World som lanserast på 3DS denne månaden. Om du skulle vere usikker er dette ikkje stort meir enn ein 3DS-versjon av Yoshi's Wooly World som blei lansert på Wii U for eit par år sidan.

Heilt til slutt tek vi med litt meir japansk moro. Denne gongen frå gode gamle Omega Force som har laga eit nytt Dynasty Warriors-inspirert spel. Denne gongen er det den så og seie legendariske mangaen Berserk som skal til pers, i spelet Berserk and the Band of the Hawk. Eg skal ikkje seie noko for sikkert, men eg er ganske sikker på at dette blir det mest brutale Dynasty Warriors (også kjent som mosuo-stil)-spelet så langt.

Det var alt for februar. Spel med måte.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

The Astonishing Game Windows

The Astonishing Game iPhone

The Astonishing Game Mac

Halo Wars 2 XOne

The Astonishing Game Android

Poochy & Yoshi's Wooly World 3DS

Torment: Tides of Numenera Mac

Sniper Elite 4 Windows

Sniper Elite 4 XOne

For Honor XOne

Sniper Elite 4 PS4

For Honor Windows

For Honor PS4

Torment: Tides of Numenera Linux

Torment: Tides of Numenera PS4

Nioh PS4

Torment: Tides of Numenera XOne

Halo Wars 2 Windows

Diluvion Windows

Torment: Tides of Numenera Windows

The Astonishing Game Windows Windows Android iPhone Mac

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Dream Theater / Turbo Tape Games
  • Utvikler: Turbo Tape Games

The Astonishing Game iPhone iPhone Android Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Februar 2017
  • Plattform: iPhone
  • Utgiver: Dream Theater / Turbo Tape Games
  • Utvikler: Turbo Tape Games

The Astonishing Game Mac Mac Android iPhone Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Februar 2017
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Dream Theater / Turbo Tape Games
  • Utvikler: Turbo Tape Games

Halo Wars 2 XOne XOne Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. februar 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Creative Assembly

Beste priser

Ikke på lager 147,-
På lager 209,-
På lager 299,-
På lager 349,-

The Astonishing Game Android Android iPhone Mac Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Februar 2017
  • Plattform: Android
  • Utgiver: Dream Theater / Turbo Tape Games
  • Utvikler: Turbo Tape Games

Poochy & Yoshi's Wooly World 3DS 3DS Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 3. februar 2017
  • Plattform: Nintendo 3DS

Torment: Tides of Numenera Mac Mac Windows Linux PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2017
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: inXile Entertainment
  • Utvikler: inXile Entertainment

Sniper Elite 4 Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Rebellion
  • Utvikler: Rebellion

Beste priser

Nedlasting 579,-

Sniper Elite 4 XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Rebellion
  • Utvikler: Rebellion

Beste priser

På lager 348,-
På lager 349,-
På lager 394,-

For Honor XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 149,-
På lager 179,-
På lager 199,-
På lager 218,-

Sniper Elite 4 PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Rebellion
  • Utvikler: Rebellion

Beste priser

Bekreftet lagerdato 348,-
På lager 349,-

For Honor Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

Nedlasting 181,-
Nedlasting 212,-
Ikke på lager 478,-

For Honor PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. februar 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Ubisoft
  • Utvikler: Ubisoft Montreal

Beste priser

På lager 149,-
På lager 179,-
På lager 198,-
På lager 218,-

Torment: Tides of Numenera Linux Linux Windows Mac PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2017
  • Plattform: Linux
  • Utgiver: inXile Entertainment
  • Utvikler: inXile Entertainment

Torment: Tides of Numenera PS4 PS4 Windows Mac Linux XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: inXile Entertainment
  • Utvikler: inXile Entertainment

Beste priser

På lager 128,-
På lager 278,-
På lager 299,-

Nioh PS4 PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 8. februar 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Koei Tecmo
  • Utvikler: Team Ninja

Beste priser

På lager 333,-
På lager 345,-
På lager 398,-
På lager 398,-

Torment: Tides of Numenera XOne XOne Windows Mac Linux PS4

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: inXile Entertainment
  • Utvikler: inXile Entertainment

Beste priser

På lager 128,-
På lager 198,-
På lager 299,-

Halo Wars 2 Windows Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Microsoft
  • Utvikler: Creative Assembly

Beste priser

Forventet lagerdato 273,-
På lager 798,-

Diluvion Windows Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2. februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Arachnid Games
  • Utvikler: Arachnid Games

Torment: Tides of Numenera Windows Windows Mac Linux PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. februar 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: inXile Entertainment
  • Utvikler: inXile Entertainment

Beste priser

Nedlasting 51,-
På lager 399,-

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen