FEATURE: Desse spela gler vi oss til i januar
Feature
(Bilde: Montasje, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i januar

Japan går til angrep i årets første månad.

Godt nytt år folkens!

Vi håpar alle har kosa seg i jula, og har fått tid til å hygge seg med mange herlege spel. Desember gav oss endeleg det mykje diskuterte eventyret The Last Guardian, eit greit nytt innslag i Dead Rising-serien, skuffande ekstremsport i Steep, og den lovande starten på den nye The Walking Dead-sesongen.

Ved sidan av nye spel, har vi oppsummert året som har gått, og kåra dei beste spela frå 2016. I tillegg har vi ramsa opp våre personlege favorittar.

No er det sjølvsagt tid for å sjå framover igjen, og i januar har fans av japanske spel mykje å sjå fram til.

Gravity Rush 2

Gravity Rush 2 leikar med tyngekrafta.
Gravity Rush 2 leikar med tyngekrafta. Bilde: Sony Interactive Entertainment

Plattform: PlayStation 4
Ute: 18. januar

Det er berre å feste bilbelta, for her kjem det til å gå unna. Gravity Rush 2 tek opp tråden der det første spelet slutta, og gjev oss nye akrobatiske eventyr med hovudpersonen Kat. Gravity Rush 2 er eit tredjepersons actioneventyr, men det som først og fremst gjer spelet unikt, er korleis du kan ta kontrollen over gravitasjonskreftene.

Når som helst kan du hive deg opp i lufta, og suse i nøyaktig den retninga du vil. Dette gjev enorme moglegheiter når du skal utforske verda rundt deg. Om du skulle ha lyst til å prøve ut spelet før du handlar, ligg det ein demoversjon på PlayStation-butikken. Ein anime-film som skal vise oss kva som skjedde mellom det første og andre spelet, har òg blitt produsert.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gravity Rush 2

Kingdom Hearts HD 2.8 Final Chapter Prologue

Nye eventyr i Kingdom Hearts-verda.
Nye eventyr i Kingdom Hearts-verda. Bilde: Square Enix

Plattform: PlayStation 4
Ute: 24. januar

Square Enix kan dette med å lage speltitlar du verkeleg hugsar. Dei praktisk talt rullar av tunga, og slikt set vi pris på. Kingdom Hearts HD 2.8 (vi kortar ned litt) er den tredje Kingdom Hearts-samlepakka, men første gong serien kjem til PlayStation 4. Her får vi ein oppussa versjon av 3DS-spelet Kingdom Hearts: Dream Drop Distance, og ein film om kva som skjedde før det første Kingdom Hearts-spelet.

Mest spanande for fansen er nok likevel pakkas tredje del; Kingdom Hearts 0.2; Birth by Sleep – A Fragmentary Passage. Dette er ein ny episode der du får spele som Aqua frå Kingdom Hearts: Birth by Sleep. Dette vesle spelet nyttar teknologi frå Kingdom Hearts III, og vil gje oss eit godt innblikk i kva vi har i vente når det neste store spelet i serien landar i fanga våre.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kingdom Hearts HD 2.8 Final Chapter Prologue

Resident Evil 7: Biohazard

Uggen stemning i Resident Evil 7: Biohazard.
Uggen stemning i Resident Evil 7: Biohazard. Bilde: Capcom

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 24. januar

Med Resident Evil 7: Biohazard utfører Capcom ein gedigen snuoperasjon for si store mjølkeku. Der serien opp gjennom åra har gått i ei stadig meir actionorientert retning, går utviklarane tilbake til røtene med Resident Evil 7. Dette blir grøss av den sakte sorten, der heile målet er å få deg til å pisse i buksa med regelmessige intervallar. Det var dei nær ved å oppnå då vår mann testa spelets VR-versjon under fjorårets E3-messe:

«Eg skal ikkje påstå å vere ein VR-veteran, men av spela eg har prøvd så langt er demoen for Resident Evil 7: Biohazard ein klar vinnar. Blandinga av fryd og lammande redsel som eg følte der eg vandra rundt i det gudsforlatte skrekkhuset var ulikt noko oppleving eg nokon gong har hatt i eit spill – det vere seg i VR eller ikkje.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Resident Evil 7: Biohazard

Yakuza 0

Yakuza 0 sender oss inn i den japanske underverda.
Yakuza 0 sender oss inn i den japanske underverda. Bilde: Sega

Plattform: PlayStation 4
Ute: 24. januar

Yakuza-serien har av ein eller anna bisarr grunn aldri fått solid fotfeste i vesten. Det hindrar likevel ikkje Sega i å prøve. Denne månaden lanserer dei Yakuza 0 i vestlege trakter, og dette spelet vil vere ein god inngangsportal for dei som ikkje har kjennskap til serien. Spelet utspelar seg før dei andre spela i serien, og vil sende oss til japanske storbyar på slutten av 80-talet.

Her kan du vente deg intriger mellom kriminelle organisajonar, brutale slåssekampar, og to hovudpersonar i ei opa verd. I tillegg til å la deg farte rundt i byen for å jakte ned nye offer, kan du roe det heile ned ved å varte opp damer, synge karaoke, og ikkje minst spele bowling om du tek turen til ein av spelets mange utestadar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yakuza 0

Tales of Berseria

Velkjend action i Tales of Berseria.
Velkjend action i Tales of Berseria. Bilde: Bandai Namco

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 27. januar

Bandai Namcos viktige rollespelserie er tilbake med ei ny verd, eit nytt persongalleri, og mange nye problem som må løysast. I spelet møter vi den unge kvinna Velvet Crowe som for tre år sidan blei vitne til at den unge broren hennar blei drept i eit rituale. Etter det blei ho smitta av ein sjukdom som har gjort ho om til ein demon, og som om det ikkje var nok blei ho kasta i fengsel.

Ved sidan av ei historie som ser ut til å bli hakket mørkare enn dei nyare spela i serien, vil vi få servert mykje av det vi kjenner frå Tales of-spela. Det klassiske kampsystemet er tilbake, sjølvsagt med nye element lagt til, og historia vil bli fortalt både gjennom filmsekvensar og seriens tradisjonsrike dialogboksar som kan dukke opp når som helst.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tales of Berseria

Litt attåt

Kan du finne ut av kva som har skjedd i Memoranda?
Kan du finne ut av kva som har skjedd i Memoranda? Bilde: Digital Dragono

Som om denne samlinga med japanske spel på krigsstien ikkje var nok for deg, lanserer Square Enix Dragon Quest VIII: The Journey of the Cursed King på 3DS i januar. Dette er som du kanskje har skjønt ein 3DS-versjon av det nydelege PlayStation 2-spelet med same namn.

Vi er framleis ikkje ferdige med Japan. I neste spel skal vi ikkje til Japan, men heller til eit spel inspirert av den japanske forfattaren Haruki Murakami. Memoranda er eit tradisjonelt peik-og-klikk-eventyr med ein særeigen grafisk stil, og ei historie om ei kvinne som gradvis innser at ho held på å gløyme sitt eige namn.

Heilt til slutt denne månaden tek vi med at norske Funcom gjer seg klare til å lansere sitt ferske spel Conan Exiles på Steam Early Access. Som med andre Early Access-spel er dette ein uferdig versjon av spelet. Om du vil lage deg ein krigar, og gjere det du kan for å overleve i den brutale Conan-verda, kan dette godt mogleg vere spelet for deg.

Det var alt for denne månaden. Vi sjåast i februar.

Memoranda

Windows
Slippdato: 25. januar 2017
Sjanger: Eventyr
Utvikler: Digital Dragon
Utgiver: Digital Dragon

Kommentarer (8)

Black Week

onsdag

Følg salget på Gamer.no

Vi har oversikten over alle de beste gaming-tilbudene under hele Black Week og Black Friday.

Se alle tilbudene

Forsiden akkurat nå

Til toppen