Kommentar

Er dette framleis CoD?

Call of Duty i identitetskrise

Serien lånar spelmekanismar frå både den eine og den andre, og mistar litt av særpreget.

Activision

For mange av oss betyr hausten den årlege returen til slagmarka i Call of Duty. Fjorårets Black Ops IIII bydde på ein del nye ting, og var den klart mest polerte opplevinga på lenge for PC-spelarar. Battle Royale-modusen, Blackout, var solid handverk. I alle fall nok til å halde oss vekke frå PUBG i nokre månadar.

Men var det Call of Duty?

Tja.

Dei to siste helgene har det vore ein betatest for restarten til Modern Warfare-serien. Einspelaren skal gi gjensyn med kjende fjes, slik som Captain Price, og er visstnok kontroversielle greier. Det lovar godt.

Derimot har ikkje fleirspelaren vore heilt det mange venta.

Laurdag introduserte Infinity Ward «Ground War»-modusen for første gong på fleire år, som samlar ein drøss med spelarar på same kart. Denne gongen er det 32 mot 32, slik som i Battlefield.

Klipp og lim

Både i fjor og i forfjor, skreiv eg kommentarar om at Call of Duty blant anna må få tilbake dei store kampane, på dei små, kaotiske karta. Det var kjernen av den ikkje-modda opplevinga i alle spela fram til Black Ops, og bydde på haugevis av moro.

Så då «Ground War» plutseleg var på plass igjen, var eg òg på plass. Men dette er ikkje Call of Duty sin «Ground War»-modus lengre. Dette er Conquest. Det er Battlefield.

Som er greitt nok. Men viss eg vil spele Battlefield, så speler eg heller Battlefield.

Nye Call of Duty hentar for mykje frå konkurrentane, og det går litt vel mykje utover identiteten. I fjor var det Battle Royale, i år Conquest. Kan me vente ein XCOM-modus neste år?
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I det du opnar opp «Ground War» no, blir du møtt med eit stort kart og ein drøss med flagg-punkt som skal fangast. APC-køyretøy susar rundt på slagmarka og peprar deg full med kuler, og helikopter fyller opp himmelen.

Mykje av dette bryt klart med designfilosofien til Call of Duty.

Sjølv med ein ny spelmotor, fungerer Call of Duty best på små kart. Våpenarsenalet er mest moro å bruke når ein får flanke rundt fiendar, og kjempe på kloss hald. «Quickscoping» med skarpskyttarrifler og «dropshotting» er irriterande, men det òg det som er Call of Duty. Det kan godt aule med fiendar over alt òg. Det skal vere kaos. Ein skal måtte irritere seg over å bli skoten i ryggen av og til, av å spawne på ein granat og få litt lyst til å knuse tastaturet til fillebitar.

Les også
Anmeldelse: Call of Duty: Modern Warfare

Identiteten viskast vekk

«Ground War» slik det er no, er gøy. Det skal eg ikkje nekte. Og det er heller ikkje slik at desse irritasjonsmomenta over er borte. Dei er framleis så til dei grader til stades.

Sjølv på eit såpass stort kart, går det kjapt. Dei av oss som er litt drivne i serien vil utvilsamt plukke kills i alle retningar, og ha det moro. Spawn-systemet er søppel av ei anna verd, men slik har det alltid vore i desse spela.

Modusen har framleis preg av å vere Call of Duty, for ting skjer kjappare her enn i Battlefield, men resultatet er likevel ein litt sånn rar mellomting. Her burde særpreget til spelserien kome fram meir tydeleg. No verkar det meir som ein klossete imitasjon av Conquest, enn noko som Call of Duty kan stå for sjølv. Det minner litt om «War»-modusen frå Call of Duty: WWII, som aldri slo heilt an.

Har Activision eigentleg noko interesse av at spela deira overlever i meir enn eitt år?
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I vanleg «Team Deathmatch», «Domination» og «Headquarters» ser me framleis at ting er som før, men sjølv her er det teikn til at dei hentar frå både den eine og den andre. Me kan sjå nokre hint av Rainbow Six Siege i handteringa av våpena, og dei har henta korleis du opnar dører frå Battlefield. Det er nesten så eg blir skuffa når eg merkar at eg ikkje kan sprenge vegger og tak, for det er som om eg forventar at det skal funke slik no. Spelet er blitt litt sånn Battlefield med grafikkinnstillingane på medium.

Om det er negativt at identiteten til Call of Duty er i endring, er eit anna spørsmål. Det seier seg sjølv at dei må krydre til opplevinga etter kvart. Dette er trass alt den 16. runden for spela. Men akkurat no syns eg Call of Duty finn seg på ein litt merkeleg stad. Kanskje er dei i ferd med å finne den rette vegen å gå, men sit litt fast i vegkrysset. Dette kjenst nemleg ut som ein smeltedigel av ulike spel.

Pengar framfor alt

Det er heller ikkje til å skyve under teppet at Call of Duty ikkje er eit nemneverdig seriøst skytespel lengre. Dette blir ikkje noko e-sport igjen på PC, slik det var før 2010. Serien har alltid vore arkade-alternativet til Battlefield, men dei gamle spela var likevel ganske beinharde greier. No er spela heller blitt reindyrka underhaldning. Kanskje er det like greitt.

Eg har ein mistanke om at strategien til Activision no, er å la spela skal gå i ein syklus av ulike typar opplevingar. Infinity Ward og Sledgehammer gir oss «boots on the ground»-opplegget, mens Treyarch gir oss Black Ops-opplevinga.

Activision har neppe interesse av at spela lever meir enn i eitt år. Dei vil heller selje nye utgåver av spelet, til neste haust. Slik kan dei hanke inn på både mikrotransaksjonar og nye sal på same tid, i ein evig runddans. Difor kjem me aldri til å sjå noko til den klassiske Call of Duty-opplevinga igjen. Då må ein over til spel som Battalion 1944 – eit spel som har visna vekk i periferien.

Call of Duty, slik det var i dei gode, gamle dagane, er tapt. Det betyr ingen moddeverktøy, ingen skikkeleg konkurransemodus før langt uti spelets liv – slik som skjedde med dei to førre spela, og ingen servernettlesar med det første. Funksjonar som me ventar skal vere der frå start, blir nytta taktisk for å lokke spelarane tilbake når me hoppar over på andre spel, i staden.

Pengane styrer. Det er trist, men slik er realiteten her. Eg trur Activision veit godt kva som skal til for å lage eit spel som held det gåande nett like lenge som Overwatch eller Rainbow Six Siege. Dei har berre ikkje noko interesse av det.

LES OGÅ: Sniktitt på Call of Duty: Modern Warfare »

Siste fra forsiden