Mange er skuffa over ytinga til RTX 3090

Nvidia kom med in­for­ma­sjon om kor­tet da­gen før dei første tes­ta­ne kjem.

Nvidia

Nvidia an­non­ser­te RTX 3090 som ver­das første 8K-gaming-skjerm­kort, men har no gått ut med ei pres­se­mel­ding der dei ny­an­se­rer ut­seg­na ein smu­le. Det nye pres­se­ma­te­ri­a­let legg meir vekt på RTX 3090 som eit pro­duk­ti­vi­tets­kort for «ska­pa­rar».

RTX 3090 får 24 GB med GDDR6X-vi­deo­min­ne, og 10.496 cuda-kjer­nar. Pro­du­sen­ten går no ut med tal på kor kjapp RTX 3090 ei­gent­leg vil vere.

– For spe­ling i 4K vil GeForce RTX 3090 vere om­trent 10–15 pro­sent kjap­pa­re enn RTX 3080 i gjen­nom­snitt, og opp­til 50 pro­sent kjap­pa­re enn Titan RTX, hei­ter det i pressemel­din­ga.

Det komande kor­tet byr­jar på 17.000 kro­ner, og flei­re av tredjepartskorta kos­tar over dob­belt så mykje som RTX 3080. For dei som berre vil ha RTX 3090 for spe­ling, be­tyr det at ein får mo­na­leg mind­re for pen­ga­ne her.

Nvidia held på på­stan­den om at det er ti­de­nes første 8K-skjerm­kort, men uti­frå våre tes­tar av RTX 3080 er det nok først og fremst dei best op­ti­ma­li­ser­te, eldre spe­la ein kan køy­re i 8K med 60 FPS utan DLSS.

På so­si­a­le me­di­um som reddit og i kom­men­tar­felt på no­kre av dei stør­ste gamingsidene gir man­ge ut­trykk for å vere skuf­fa over at kor­tet ik­kje blir kraf­ti­ga­re i for­hold til RTX 3080.

Nvidia har latt no­kre You­Tube-ka­na­lar få vise fram kor­tet. LinusTechTips vi­ser blant anna fram at For­za Ho­ri­zon 4 kan køy­re med biletefrekvensen på 60 i 8K, men rik­tig nok ik­kje med det hø­gas­te inn­stil­lings­ni­v­ået.

Av­gren­sa be­hald­ning

Al­le­reie før lan­se­ring kjem Nvidia med ei unn­skyld­ning for at det blir få RTX 3090-kort på lan­se­ring. Dei har òg fått ein del kri­tikk for å ha lan­sert RTX 3080 utan nok på la­ger. Det same skjed­de ved lan­se­ring av dei første Turing-kor­ta.

– Sidan me byg­gja RTX 3090 for ei unik grup­pe bru­ka­rar, som Titan RTX før det igjen, vil me unn­skyl­de på føre­hand for at det vil vere av­gren­sa til­gang på kor­tet på lan­se­rings­da­gen. Me veit det­te er frust­re­ran­de, og job­bar med part­na­ra­ne våre for å auke be­hald­nin­ga i dei komande ve­ke­ne, skriv dei.

Siste fra forsiden