Test

HTC Vive Pro 2

Den beste VR-opplevinga pengar kan kjøpe

Men er det verd dei 14 000 kronene?

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er no fem år sidan HTC lanserte det første VR-headsettet sitt, Vive. Sidan har dei kome med mykje ekstrautstyr og fleire nye variantar, men har møtt aukande konkurranse frå andre produsentar. Facebooks Oculus Quest 2 er blitt det desidert mest populære produktet på marknaden.

Trådlause «alt-i-eitt»-headsett ser ut til å vere framtida for VR. Heldigvis er det framleis ein del å velje mellom for dei som har kraftige datamaskinar og vil ha den aller beste opplevinga av spel i VR. Valve Index kom aldri til Noreg, men HP Reverb G2, tallause produkt frå Pimax, Oculus Rift, HTC Vive Cosmos og HTC Vive Pro har latt ein få det vesle ekstra for nokre tusenlappar meir.

No er HTC endeleg ute med eit nytt flaggskip. Vive Pro 2 leverer eit betydeleg løft i skjermoppløysing, synsvinkel og brukaroppleving, samstundes som det kjem med ein prislapp på 8500 kroner berre for visiret. Skal du ha heile pakka med visir, kontrollarar og basestasjonar må du bla opp 14 000 kroner.

Design

Med det nye beresystemet er Vive Pro 2 både større og tyngre enn originale Vive, men dette er utan tvil det mest komfortable headsettet eg har prøvd så langt. Visiret er festa til ein plastbøyel som det er veldig enkelt å justere. Noko av det mest irriterande med VR-headsett er å måtte endre på headsettet medan ein brukar det, men her er det null problem å gjere endringar undervegs.

Ein skruknapp på baksida av bøyelen styrer kor mykje plass du treng på langs av hovudet ditt, medan ei reim med borrelås på toppen lar deg endre på høgda. Viss noko blir skeivt under bruk er dette den klart beste løysinga for å fikse det i farta. Eg får justere i alle moglege retningar, og det same gjeld dei innebygde lydelementa. Dei kan eg stille både opp og ned, samt ut i breidda.

BEHAGELEG: HTC Vive Pro 2 er det mest behagelege VR-produktet me har prøvd.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Justering av distanse mellom augo gjer du med eit rullehjul på sida. Linsene går frå 57 til 72 millimeter avstand.

Bøyelen og reimene er polstra med eit mjukt stoff både bak, på toppen og mot ansiktet. Det fungerer særs bra. Sveitte vil naturleg nok vere ei utfordring viss du speler lenge, men sjølv om beresystemet gjer at du er meir «innestengd» enn med første generasjon Vive, så var forskjellen mindre enn eg hadde venta. Luftinga er såpass god at det skal litt til for at du blir sveitt i panna.

Det som trekkjer ned er at det er meir styr å ta headsettet av og på enn hos konkurrentane. Eg må stort sett justere alt på nytt når eg tar det av.

Designet er tilsynelatande identisk med det ein får på første Vive Pro, utan at eg har testa det sjølv. Me fekk aldri låne det av HTC då det kom i 2018. Samanlikninga blir då basert på bilete av produktet. Eg har heller ikkje fått bryne med på Valve Index, men dette er i alle fall eit klart steg fram samanlikna med Oculus og HP sine headsett når det kjem til komfort.

Brukaroppleving

Vive Pro 2 brukar eksterne basestasjonar for å spore headsettet. Det sikrar at ein får meir nøyaktig og effektiv sporing, samstundes som du er avhengig av å ha ein drøss med dingsar rundt i spelerommet ditt. Den lange prosessen med å installere og rigge til er grunnen til at den originalen Viven min har støva ned i ei hylle sidan eg kjøpte han i 2016, og eg har ein mistanke om at dette ville lidd av den same skjebnen.

Trådlause headsett med intern sporing er framtida for VR. Det har eg liten tvil om. HTC har utvikla eit adapter som gjer Vive-headsetta deira trådlause, men på Vive Pro 2 gjer dette at oppdateringsfrekvensen blir avgrensa til 90 hertz. Difor er det strengt tatt ikkje verd det. For meg har uansett basestasjonane vore verre enn kablane.

EKSTERN SPORING: Basestasjonar er tungvint.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det tok meg rundt 15 minutt å pakke alt ut av eska og installere det eg trengde den første gongen. Elles brukar eg rundt fem minutt på å pakke opp og ned alt. For dei som har plass til å ha basestasjonane på ein stad heile tida er jo ikkje det noko problem, men på min mikroskopiske hybel blir det litt vel mykje rot.

Ein må framleis ha minst 2 x 1,5 meter ledig areal for å spele i romskala, noko som heller ikkje harmonerer så godt med små leilegheiter. For meg går det greitt, men eg likte at konkurrenten HP Reverb G2 opna for eit mindre speleområde.

Når ein først kjem inn i SteamVR eller Viveport går ting av seg sjølv. Eg likar framleis betre hubben til Steam enn Viveport, men HTC har gjort mykje for å forbetre opplevinga dei siste åra. Eit nytt element er likevel programvara Vive Console, der du blant anna kan definere kva oppløysing og oppdateringsfrekvens headsettet skal bruke. Utstyrt med eit Gigabyte RTX 3080 TI Gaming OC-kort har me gjort vår testing på høgaste nivå.

Skjerm

Linsene til HTC Vive Pro 2 er det fremste trekkplasteret til produktet. Med ei oppløysing på 2448x2448 per auge har dei endå høgare oppløysing enn det HP Reverb G2 har, og byr på ei heilt anna oppleving enn det tidlegare Vive-headsett har gjort.

SKJERM: HTC Vive Pro 2 har den mest skarpe skjermen me har testa så langt.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

I spel merkar eg at skjermen er endå skarpare enn på Reverb G2, og fokuspunktet er noko større. Det er framleis litt for uskarpt i sidesynet til at det kjenst heilt naturleg, men det er jamt over skarpare enn på alle andre headsett eg har prøvd så langt. Dette merka eg først når eg festa headsettet ein del fastare enn kva eg har gjort med andre, for det er viktig å kome så nærme linsene som mogleg. Sjølv då klarte eg fint å ha på meg dette i ein time i strekk før auga byrja å bli skikkeleg slitne.

Skjermdøreffekten – altså at ein ser linjer mellom individuelle piksel – er ikkje merkbar i det heile.

Med overgangen frå OLED på Vive Pro til LED-panel på Pro 2, er det framleis godt med liv i fargane. Det er sjølvsagt veldig mykje som kan bli betre, for dette er trass alt ein ganske fersk teknologi, men i spel som Half-Life: Alyx er den visuelle opplevinga så bra med linsene at eg eigentleg ikkje tenkjer over grafikken. Skjermen leverer nok kvalitet til at eg lever meg heilt inn i spelet.

Dessverre merkar eg ein del gjenskin på linsene frå lys i rommet mitt. Dette kjem først og fremst i mørke scenar, men kan vere irriterande. Det viser seg som ein sirkel som omringar store delar av linsene, litt som store refleksflekkar. Gjenskinet er ikkje noko du ser ofte, men eg merkar det spesielt godt i hub-arealet til SteamVR.

Sporing og kontrollarar

GAMLE: Desse burde HTC ha skifta ut.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

HTC har ikkje gjort ein tøddel med verken basestasjonane eller kontrollarane sidan førre Vive Pro. Eg har eigentleg ikkje noko å klage på med sporinga, for eg har ikkje merka trøbbel med det i det heile, men eg syns verkeleg det er på tide at HTC lagar nye kontrollarar.

Til dømes verkar Valve Index sine kontrollarar langt meir interessante. Eg forstår ikkje kvifor ikkje HTC har produsert noko liknande. Index-kontrollarane fungerer faktisk med Vive Pro 2, så å handle dei på eBay er kanskje like greitt som å kjøpe heile kittet til HTC med headsett, basestasjonar og kontrollarar.

Den einaste forskjellen mellom første og andre generasjon av basestasjonane er storleiken på romskalaområdet, så ein kan alltids plukke med seg første generasjon billig på Finn.no òg.

Lyd

Dei integrerte lydløysingane me har blitt vande med dei siste to åra har vore ei betydeleg forbetring for VR. Det å sleppe å ha eit eige headsett i tillegg til VR-headsettet gjer komforten monaleg betre.

ELENDIG MIKROFON: HTC kunne spandert på oss ein skikkeleg mikrofon.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Som nemnd er det store tilpassingsmoglegheiter for lydelementa på HTC Vive Pro 2. Dei speler veldig høgt viss ein tar dei nærme nok, og det er imponerande lite lydlekkasje. Lydkvaliteten er òg generelt god. Dessverre er det ein del skurring når det ikkje blir spelt noko gjennom høgtalarane, men det blir det stort sett så lenge ein har dei på.

Mikrofonen er det verre med. Lyden av stemmen min i mikrofonen er flat, nasal og ubehageleg å høyre på, og det verkar ikkje som HTC har lagt mykje arbeid i mikrofonen i det heile.

Konklusjon

HTC Vive Pro 2 er sannsynlegvis den beste VR-opplevinga som du kan få tak i her i landet, men det kjem til ein heftig pris. Heile pakka med headsettet, basestasjonane og kontrollarane vil koste deg 14 000 kroner.

Det er veldig dyrt.

For meg er framleis det største problemet med VR ein akutt mangel på gode spel, for her kan du telje AAA-opplevingane på ei hand. VR-entusiastane finn alltids noko å kose seg med, og det er mykje moro indie-innhald, men for dei aller fleste er VR i ein for tidleg fase til å gjere slike investeringar.

Eg hadde heller investert i eit HP Reverb G2 i dag. Skjermen på det er ikkje fullt like bra, men forskjellen er relativt liten. Reverb G2 fungerer med dei same kontrollarane og basestasjonane som HTC Vive Pro 2, samstundes som du får moglegheita til å spele utan basestasjonar. Oculus Quest 2 vil naturlegvis gi endå meir for pengane, men du får ikkje heilt den same premium-kjensla.

Totalt sett er HTC Vive Pro 2 eit særs komfortabelt VR-headsett med ein imponerande skarp skjerm, men som rett og slett kostar meir enn det smakar i dag. Eit lite priskutt og nokre nye kontrollarar kan nok gjere mykje for produktet, så eg trur kanskje eg ville venta ein generasjon til.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

7
/10
HTC Vive Pro 2
Høg oppløysing. Høg komfort. Høg pris.
Veldig komfortabelt
Imponerande skarpt bilete
Høg oppdateringsfrekvens
Gode høgtalarar
Marknadsleiande sporing
Gjenskinn i linsene
«Sweetspot»-området er framleis for lite
Svindyrt
Same, gamle kontrollarar
Elendig mikrofon

Siste fra forsiden