Anmeldelse

Pandora's Tower

Vegen mot den store kjærleiken byr på vald, død og tentaklar.

Kjærleik er vanskelege saker. For å halde den sunn, ung og frisk krevst det innsats, dedikasjon og kanskje eit lite offer eller to. Det er sjeldan lett å ha kjensler for ein fager person, og spesielt ikkje når dette lyset i ditt liv byrjar å gro tentaklar på ryggen om du er borte i nokre timar. Det er litt vanskeleg å sjå føre seg noko verre eigentleg. Her spring du rundt med eit hjarte som spyr sommarfuglar medan du veit at om du vil unngå at sommarfuglane endar opp som svidd møll må du tvinge motbydelege og slimete kjøtstykke ned i halsen på din kjære.

Eg er fullt klar over at dette no kanskje høyrest ut som skildringa av ein luguber pornofilm frå landet i aust, men tru meg, bortsett frå nokre pulserande kjøtstykke og nokre ømme klynk når desse sig ned talerøyret er dette spelet alt anna enn erotisk.

Mmm, så vakkert, så ømt, så godt.

Kjensler og begjær

I Pandora's Tower møter vi Aeron og Elena. Aeron er din rimeleg stereotypiske helt med fancy rustning og eit ungdommeleg andlet, medan Elena er ei fager ung jente med sjarme i både pose og sekk. I ei perfekt verd hadde desse to fått lov til å leve ut sin kjærleik som alle andre par, der dei største vanskane var skatt, bilavgift og moglegvis eit huslån. Men neida, i denne forskrudde verda får Elena kasta ei forbanning over seg som sakte, men sikkert forvandlar ho til eit slimete og motbydeleg tentakkelbeist.

Det er berre ein måte å snu denne galskapen på, og det er ved å reise til den enorme kløfta The Scar der tretten tettståande tårn heng over juvet som eit monument over alt som er gale i verda. I desse tretten tårna må Aeron kjempe seg fram mot nokre massive beist for å grave ut kjøtet deira, og gi det til Elena som ved å ete heile sulamitten omsider vil bli frisk.

Heile konseptet er ganske uvanleg, og på sett og vis er det litt fråstøytande. Verda er lita, men omfanget er stort. Elena, Aeron og den litt småskumle demonkvinna Mavda slår seg ned i eit observatorium dei brukar som base medan Aeron reiser til det eine tårnet etter det andre for å kurere sin kjære.

Historia blir fortalt mellom turane til tårna, og den er både trist og mørk. Ingenting blir slengt i trynet på deg. Korte sekvensar grev sakte fram meir og meir om kva som eigentleg feilar Elena, og ein kan tidvis undre seg over kvar forfattarane får slike idear frå. Du står derimot ganske fritt til å utforske verda nærare. Du kan slå av ein prat både med Elena og Mavda, og dei fortel deg både meir om verda og meir personlege ting som let deg knyte litt tettar band til personane. I tillegg kan du lese små notat du finn rundt omkring. Etter kvart som timane går er det lett å leve seg inn i verda, og ein får genuin undring over kva meir spelet har å by på.

Mykje av grunnen til at spelet fungerer så godt er stemninga som i stor grad er viktigare enn sjølve historia. Dei mange tårna har alle sitt eige personlege uttrykk, og saman med dyster og mektig musikk skapar det ei kjensle av isolasjon som tidvis kan minne litt om ICO.

Om du er for tøff til å bruke henda, er kjettingen grei å ha.

Stemning på slottet

Pandora's Tower er kort fortalt kjærleiksbarnet du kan forvente deg om ICO, Shadow of the Colossus, Metroid og Castlevania endar opp i ein saleg og uregjerleg kjærleiksfirkant. Du vitjar det eine tårnet etter det andre, og dei byr alle på mange ulike og kreative utfordringar. Dette er på mange måtar eit actionspel, men det handlar minst like mykje om å finne den rette vegen fram. Du må klatre langs veggar, slenge deg frå krokar i taket, og skru på spakar for å opne dører.

Utgangspunktet er ikkje originalt, men det er uhyre godt gjennomført. Både arkitekturen på dei forskjellige områda du endar opp i, samt dei mange utfordringane du møter der er smarte og gjennomtenkte. Nokre gongar byr dei på seriøst hovudbry, men aldri i så stor grad at du ikkje klarar å kome deg vidare ved å sjå deg rundt, og prøve å feile litt.

Dette siste punktet kan derimot bli ei utfordring sidan spelet går på tid. I observatoriumet sit Elena og ventar, og medan tida går kjem forbanninga tilbake. Blir du borte for lenge vil ho bli forvandla til eit monster, og den einaste måten å forhindre dette på er ved å drepe diverse monster, ta kjøtet deira, og reise tilbake til Elena for å gje ho noko å tyggje på. Det er ein dynamikk som i feil hender lett kan bli rein irritasjon, men i Pandora's Tower gjev det deg ei konstant kjensle av livet til Elena heng i ein tynn tråd. Du blir stressa, men aldri provosert. Du veit kor god tid du har, og ein endar opp med å ha eit vakent auge med den vesle klokka som viser når du returnere til Elena.

Mykje av grunnen til at irritasjonen held seg unna er dei smarte grepa utviklarane har gjort for å gjere denne tidsklemma mogleg å handtere. Når du gradvis klatrar oppover dei forskjellige tårna vil du her og der finne stigar du kan sparke ned for å skape snarvegar for seinare. Det er eit genialt lite trekk som saman med nokre praktiske teleporteringssteinar gjer det lett å kome og gå.

Eit beist om dagen gjer godt i magen.

Flaggellering

På din veg mot toppen av tårna er det ikkje berre vegen vidare som byr på utfordringar. I dei mange etasjane vil du møte eit solid utval forskjellige monster som alle er ute etter deg. Her kjem eit anna essensielt element inn i spelet. Sjølv om Aeron kan spring rundt med sverd eller knivblad for å maltraktere fiendane, er det ein heilt annan gjenstand som tek merksemda di. Med ein spenstig kjetting kan Aeron ikkje berre slenge seg mellom krokar og avstikkarar, men og herje med fiendane på mange artige måtar.

Fleire av fiendane i spelet kan bli svært farlege om dei kjem nær nok, og det er difor svært viktig å halde dei på avstand. Med kjettingen kan du gripe tak i dei og byggje opp eit kraftig angrep før du riv til deg kjettingen igjen. Eventuelt kan du fange dei i kjettingen slik at du kan gå til hardare verks med sverdet ditt, eller du kan binde to fiendar saman for litt sadistisk moro. Om du slår ein fiende som er lenkja saman med ein annan får begge skade, og ved sidan av å kaste ein fiende rundt deg i ein liten virvelvind finnest det ikkje stort meir effektive måtar å angripe fleire fiendar om gangen på.

Kjettingen styrer du ved å enten bruke analogstikka på ein Classic Controller, eller ved å peike Wiimoten mot skjermen for å sikte inn kvar du vil sende den. Begge metodar fungerer utmerka, og der alt skjer via knappar med Classic Controller, blir det ein del vifting og rykking om du brukar Wiimote og Nunchuck.

Du får sjølvsagt løn for strevet. For kvar fiende du drep får du ein gjenstand, og det kan vere alt frå nokre kjøtstykke som kan halde Elena gåande ei stund til, eller diverse råmateriale som Mavda kan bruke for å enten konstruere nye gjenstandar, eller oppgradere våpna dine.

Prosessen du må gjennom for å byggje opp gjenstandar og våpen er uhyre straumlinjeforma og krev ikkje stort meir av deg enn å samle inn det du treng. Manglar du noko er det godt mogleg du kan byggje eit råmateriale av fleire andre, eller kjøpe det for nokre myntar. Det blir difor veldig lett å kome i gong med systemet, og det blir ein engasjerande prosess som lett kan sende deg tilbake til tårn du allereie er ferdig med utelukkande for å få tak i noko du treng.

Solide oppgraderingar kan kome godt med når du til slutt møter sjefen på toppen av kvart tårn. Pandora's Tower byr på nokre av dei mest kreative og engasjerande sjefskampane eg har erfart i nyare tid, og dei krev at du verkeleg nyttar alle dei triks du har til disposisjon. Nokre gongar må du skyte ned kanonar, og andre må du rive laus bitar frå monstra. Det kan av og til vere vanskeleg å finne rett taktikk, men når du først har funne den handlar det berre om å halde tunga beint i kjeften medan du dansar rundt fiendane sine stadig kraftigare angrep.

Eg vil ikkje gå så langt som å kalle Aeron den penaste porselensdokka i skapet.

Konklusjon

Pandora's Tower er noko for seg sjølv. Det skriv på ingen måte om regelboka, men det tek ein god og gammal sjanger som i seinare år har blitt neglisjert og bortgøymt, og revitaliserer den ved å pakke den inn i ei uvanleg mørk og alvorstung historie. Spelet endar opp som eit friskt pust som gjer små, men effektive grep for å skape ei heilt særeigen oppleving som garantert vil sitje ved deg i lengre tid.

Å springe rundt i dei tretten tårna er ei sann fryd, og å kjempe mot dei mange fiendane er ei utfordring du tek imot med opne armar sidan det er så mange måtar å handtere dei på. Samtidig er det ei enorm tilfredsstilling ved å kome seg gjennom eit tårn, og sjølv om ein strengt tatt ikkje sit igjen med mykje i form av fysiske gjenstandar og skattar, får ein verkeleg kjensla av å ha gjort noko viktig.

Om du saknar eit godt actionrollespel med fokus på undring og utforsking er Pandora's Tower eit essensielt tilskot til samlinga di. Det er eit sært og karismatisk spel som byrjar sakte, men aldri sluttar å gro.

Pandora's Tower er i sal for Wii.

Siste fra forsiden