Anmeldelse

Conker: Live and Reloaded

Conker var kanskje vår tids mest kontroversielle helt, då han i 2001 introduserte seg sjølv i eit spel som gjorde banning til ei kunstform. Det var fire år sidan.

Side 1
Side 2

Eit brått stilskifte
Animasjonen er også veldig passande for teikneseriegrafikken i spelet. Det er så lett og ledig at det framhevar det grove språket og den pubertale humoren på eit ganske slåande vis. Dessverre er den fantastiske grafikken ikkje overført til Xbox Live på ein like overbevisande måte. Der spelet er fargerikt og innbydande, er fleirspelar-karta grå og kjedelege. Det er lett å undre seg over om det er heilt forskjellige folk som har laga desse to delane av spelet. Mange av karta er uoversiktlege, eller rett og slett kjedelege, noko som har stor del i at dei ikkje ser iunnbydande ut. Om du kunne sprenge ekorn til blodige dammar i eit grønt og triveleg landskap, hadde det stått i tråd med resten av spelet, men du blir sendt ut i noko som minnar meir om ein litt karikert versjon av Medal og Honor.

Sjølv om bretta kanskje ikkje har den same sjarmen som områda i einspelar-delen har, er det heldigvis nokre solide kart i spelet. Å storme stranda i kjent D-dag-stil vil raskt bli ein slager, og plasseringa av stasjonære våpen for å hindre fienden i å entre basen er eit fint pluss. Dessverre er ikkje spelet så balansert som det burde vere, og kontrollane kunne med fordel ha vore meir presise. Du får inntrykket av at du spelar eit litt forelda plattformspel, noko som ikkje er det optimale for eit spel der du er avhengig av å treffe fienden.

To enorme krefter
Over Xbox Live spelar du enten som Tediz (kosebamsar frå helvete) eller ekorn, og i staden for å velje våpen fritt frå bana, vel du klasse. Du har klassar i alt frå nærkamp til sniper, og kvar klasse har også eit lite utval med forskjellige våpen å velje mellom. Dette er både positivt og negativt. På den eine sida definerar det din plass i laget på ein bra måte, men du kan også lett innsjå at du har feil klasse for å hamle opp med fienden. Du kan skifte klasse når som helst, men dette tvingar deg til å vente i opp til femten sekund. Å miste så mykje tid i midten av ein kamp fordi du innser du har feil våpen, er noko ein ikkje alltid har tid til. Uansett er dette litt av utfrodringa. Før ein kamp kan du sjå kva alle deltakarar i spelet vil vere, ven eller fiende, og det er vikitg å bygge opp laget sitt deretter.

Om du likar køyretøy er det sjølvsagt rom for dette også. Du finn alt frå bombefly til bilar med maskingevær. Om du plukkar opp eit bombefly kan du gjere enormt med skade på fienden, men må samtidig passe på om fienden har satt opp våpen for å skyte ned fly. Responsen på kontrollane kunne definitivt ha vore betre, og det blir litt vinglete. Samanlikna med Xbox sitt store Live-spel, Halo 2, er det nesten som å køyre med rattlås. Trass i dette så er Conker: Live and Reloaded suverent betre over Xbox Live enn kva det er for Conker som soloartist. Når ein etter ei stund har lært seg dei forskjellige karta å kjenne, og ser dei forskjellige bruksområda til dei forskjellige klassane, opnar det seg eit ganske interessant spekter av moglegheiter.

Det er definitivt best å spele i lag med folk du kjenner i private spel, sidan spelet er bygd opp på ein slik måte at folk kan hoppe inn når som helst, noko som lett kan skape forvirring. I tillegg er det ganske mange som dessverre får erfare at Conker: Live and Reloaded er temmeleg kresent på kva utstyr du koblar deg opp med. Det er ikkje uvanleg å ende opp med å vente lenge tilsynelatande utan grunn. Dette kan ofte ordnast opp i ved å oppdatere drivarar for ruteren din, men det er ikkje alle som har denne kunnskapen. Når omtrent alle andre spel fungerar knirkefritt over Xbox Live, er det ganske slapt at ei storsatsing som Conker skapar unødvendige problem.

Konklusjon
Om du har venta lenga på Conker sin tilbakekomst, er eg redd du kjem til å bli skuffa. Det er ikkje nyskapande eller spesielt godt gjennomført på noko plan. Det er heilt greit, det er tidvis hysterisk morosamt, men det er ein humor det er lett å bli immun mot etter kort tid. Conker: Live and Realoaded er ei litt sær blanding av geniale gullkorn, kjedelege oppdrag, og område som er så vanskelege at du vil kaste kontrolleren i veggen (eg ser deg brontosaurus). Om det er sosialt spel i lag med andre du er på jakt etter, finn du det og, men der er veldig mange alternativ som er mykje betre. Alt i alt er Conker: Live and Reloaded eit sjarmerande spel som gir eit bra alternativ til dei seriøse spela der ute, men som dessverre er av litt variabel kvalitet. Ein god latter gjer kanskje livet lengre, men det fungerar ikkje så godt når den til slutt kvelar seg sjølv.

Delta i vår Conker: Live and Reloaded-konkurranse for å vinne spillet, et Xbox Live-kit og t-skjorte.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden