Feature

Desse godbitane kjem i august

Gamer.no gjev deg oversikt over kva som skjer på spelfronten i august.

Juli er omsider over, og om du har noko til felles med dei fleste i Gamer.no-redaksjonen har du tatt deg litt fri, nytt det gode været for dei som har blitt velsigna med slikt, eller berre kosa deg i sosialt lag. For spelindustrien er juli den kjipaste og sløvaste månaden der det nesten ikkje skjer noko som helst. Men der finnest unntak.

Microsoft har eit flott tiltak med sin Summer of Arcade, og i løpet av dei to siste vekene har vi fått glimrande titlar som Bastion og From Dust servert gjennom Xbox Live Arcade. Strengt tatt ser det ut til at sommaren har blitt den beste tida for Arcade-spel, noko som garantert har mykje å gjere med at det er svært lite å konkurrere mot på denne årstida og det difor er lettare å få merksemd.

I tillegg har EA prestert å avslutte Harry Potter-sagaen med ein saftig kalkun, medan CyberConnect2 har velsigna oss med actionrollespelet Solatorobo: Red the Hunter til Nintendo DS. Trass i den tradisjonelle sommartørka kan du sjå at du har hatt fleire gode grunnar til å halde deg innandørs i finveret.

Men no handlar det om å sjå framover, og august er endeleg her. Sommaren er på hell, og atter ein hektisk haust med alt for mange knallspel står i vente. Det blir kanskje litt stille i starten, men vi får likevel eitt av årets mest etterlengta spel før september kjem med haustfargane.

Vi byrjar derimot med det som kjem først i månaden.

Insanely Twisted Shadow Planet

Ute: 3. august

Kva i alle dagar blir dette for noko?

Sære og på alle måtar spesielle spel er noko som er i ferd med å bli eit varemerke for konsollspel som berre er tilgjengelege via digital nedlasting. Vi har allereie fått erfare det ganske kraftig med både Bastion og From Dust, og 3. august er det tid for enda eit snodig spel.

Frå det tilsynelatande litt skrudde hovudet til kunstnaren Michel Gagne kjem eit spel som i alle fall ser ganske spesielt ut. Insanely Twisted Shadow Planet er eit sideskrollande spel med stor vekt på både gåter og action. Utviklarane hevdar å vere inspirerte av gamle klassikarar som Metroid og Castlevania, noko som ein definitivt må kunne kalle positive inspirasjonskjelder. Her blir det livsfarlege feller, sinte fiendar og eit krav om å ha svært kort responstid mellom hjerne og finger.

Utviklarane lovar ei rik og kreativ verd, ei spanande historie, og samarbeid for opp til fire spelarar samtidig. Det er ikkje heilt godt å seie kva dette eigentleg er før vi får det i hende, men noko utanom det vanlege ser det definitivt ut til å bli.

Les meir om Insanely Twisted Shadow Planet.

Age of Empire Online

Ute: 16. august

Fargerik strategi for alle.

Etter at Ensemble Studios blei lagt ned av Microsoft for nokre år sidan var det mange som frykta for framtida for ein svært kjære strategiserie. Det var derimot ingen grunn til å frykte, for no er snart Age of Empire tilbake, om enn i eit noko anna format.

Dette blir ikkje eit tradisjonelt strategispel, men i staden eit onlinespel der du aleine eller saman med andre tek oppdrag, sankar erfaringspoeng, og låser opp nye eigenskapar som i eit typisk rollespel. Strategirøtene er derimot i god behald, og kvart oppdrag vil by på ei solid utfordring der du må byggje hus, stallar og brakker for å byggje soldatar.

I motsetning til dei fleste andre nettbaserte spel blir Age of Empires Online gratis å spele, medan det vil koste pengar for ekstra innhald som andre siviliasjonar og avansert utstyr og funksjonar.

Les meir om Age of Empires Online.

Xenoblade Chronicles

Ute: 19.august

Endeleg eit rollespel til Wii.

Det er ingen tvil om at dette er spelet eg gledar meg mest til i heile august. Dette japanske rollespelet frå Monolith Soft – studioet bak Xenosaga- og Baten Kaitos-spela – lovar å by på ei stor og opa verd som tyner Wii til det yttarste samtidig som det byr på meir fridom enn vi er vande med frå japanske rollespel.

Her vil fokuset liggje mest på å utforske verda og kjempe mot forskjellige monster, enn på å følgje ei historie, og spelets frie natur har blitt samanlikna med Final Fantasy XII. Vi finn derimot store forskjellar mellom ei to spela. Spesielt kampsystemet i Xenoblade Chronicles lovar å vere noko utanom det vanlege, der timing og det å posisjonere krigarane før eit angrep er ekstremt viktig.

Wii har ikkje akkurat vore velsigna med gode rollespel, så det skal bli spanande å gå hausten i møte med eit saftig beist av eit spel å setje tenna i.

Les meir om Xenoblade Chronicles.

Deus Ex: Human Revolution

Ute: 26. august

Adam Jensen er klar. Er du?

Dette er det mange som har venta lenge på, og ikkje utan grunn. Deus Ex satte ein ny rangorden då det imponerte og trollbatt spelarar verda over i 2000. I det nyaste Deus Ex-spelet blir du sendt inn i ei futuristisk verd der folk forbetrar seg sjølv med mekaniske armar, auge, og kanskje betre hjernekapasitet. Ein kan lett stille seg spørmålet om kvar skiljet går mellom eit menneske og ei maskin.

Noko av det viktigaste i Deus Ex: Human Revolution er val. Vi har sett dette før i mange spel, men om vi skal tru det vi har sett så langt, tek Eidos Montreal det heile eit solid stykke vidare. Du er aldri låst til ein framgangsmåte. Du kan drepe eller paralysere, du kan bryte deg inn eller klatre over ein mur. Det geniale er at du aldri heilt veit kva som er «riktig» framgangsmåte, og difor får ei sterk kjensle av at du gjorde det på din måte.

Les meir om Deus Ex: Human Revolution.

Resterande smågodt

Som du ser er det ikkje mange store spel i august, men nokre solide godbitar blir det. Det kjem derimot nokre fleire spel du kanskje vil finne interesse av. Månaden startar med piratspelet Pirates of the Black Cove, frå Paradox Interactive, før vi ei snau veke seinare får leike oss saman med Wesley Snipes i spelet Julius Styles: The International.

Seinare kjem oppfølgjaren til fjorårets Tower Defense-perle Toy Soliders; Toy Soldiers: Cold War, før månaden blir avslutta med det realistiske skytespeler Red Orchestra 2: Heroes of Stalingrad.

Andre verdskrig held fram i Red Orchestra 2: Heroes of Stalingrad.

Sommaren er snart over, men du har framleis tid til å plukke opp eitt og anna spel du ikkje har fått tid til å gå gjennom før arbeidsliv og skule startar igjen for fullt. Sjekk vår spelkalender og vårt artikkelarkiv for ei god oversikt over kva du kanskje har gått glipp av.

Noko av det vi gler oss mest til i heile august overgår derimot det meste vi ser av spel denne månaden, samanlagt. I midten av månaden reiser Lasse Lervik og Marius Kjørmo til Tyskland for å dekke den årlege Gamescom-messa – dette er Europas største spelmesse. Som vanleg på store messer kan vi vente oss kunngjeringar av nye spel, nokre store overraskingar, og ikkje minst fyldige førehandstestar av komande spel.

Sjekk vår Spelkalender for sleppdatoar. Her får du full oversikt over når dine favorittspel kjem!

Siste fra forsiden