FEATURE: Desse spela gler vi oss til i mars
Feature
(Bilde: Montasje, Gamer.no)

Desse spela gler vi oss til i mars

Nintendo lanserar ny konsoll! Nok sagt!

Tjohei!

Ein ny månad veltar over oss, og vi legg bak oss røffe 28 dagar med mange timar suveren underhaldning. Creative Assembly gav oss eit glimrande strategispel i Halo Wars 2, og viste med det at sanntidsstrategi framleis kan fungere godt på konsoll.

Utover det gjekk det mykje i action i februar. Dark Souls-konkurrenten Nioh slo hardt frå seg, og det same gjorde Ubisofts heftige actinospel For Honor. Å få banke riddarar og samuraiar i rolla som ein skikkeleg viking går det ikkje å takke nei til. Om du likevel skulle gjere det, håpar eg du fekk inn nokre fulltreffarar i Sniper Elite 4.

Men no ser vi fram til dei komande spela, og ikkje minst ein flunkande ny konsoll frå Nintendo.

Nintendo Switch

Alt du treng for å kose deg med Nintendo Switch.
Alt du treng for å kose deg med Nintendo Switch. Bilde: Audun Rodem, Gamer.no

Ute: 3. mars

At det var? Switch? Ja, no skal du høyre. I mars månad 2017 lanserer Nintendo ein flunkande ny konsoll som i god tru får eit stort fokus på alternative spelemåtar. Det kanskje mest spanande med akkurat denne konsollen er at den kort sagt er ein berbar konsoll du kan kople til TV-en din som ein fullblods-konsoll. Som vanleg med Nintendo kan vi ikkje forvente oss ei kraftpakke som kan konkurrere med Xbox og PlayStation, men Nintendo satsar på å freiste oss ved å tilby noko unikt.

Vi kan vente oss ei spanande maskin som let oss spele spela våre der vi er, slik vi vil. Den byr på avansert rørslefunksjonalitet og ristemotorar, samt moglegheita for å kople saman fleire konsollar for sosiale samkvem. Kva spel som lanserast i første omgang tek vi føre oss lengre nede i artikkelen.

Horizon Zero Dawn

Gigantisk robot? Pfft, kven bryr seg?
Gigantisk robot? Pfft, kven bryr seg? Bilde: Guerilla Games

Plattform: PlayStation 4
Ute: 1. mars

Horizon Zero Dawn er Sonys store spel i år, og den ferskaste kreasjonen til Killzone-studioet Guerilla Games. Her reiser vi til ei apokalyptisk framtid der menneska praktisk talt har reverst til steinalderen, medan dei fleste dyr er byta ut med robotar. Festeleg? Ja visst, for vi har allereie testa det og funne ut at det er akkurat det spelet vi håpa det skulle vere:

«Dette spelet er bygd på solid grunn. Det skin på så godt som alle tekniske og kunstneriske måtar. Det smeltar saman sandkassesjangerens styrker på ein måte som kjennest både forfriskande og særeigen. Historia er best å oppleve sjølv, men eg kan røpe såpass som at her er mange politiske, religiøse og samfunnskritiske spørsmål som blir stilt – sjølv terrorverksemd er ein sentral nøkkel i historia på eit tidspunkt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Horizon Zero Dawn

The Legend of Zelda: Breath of the Wild

Ein kan praktisk talt lukte det friske graset.
Ein kan praktisk talt lukte det friske graset. Bilde: Nintendo

Plattform: Wii U, Switch
Ute: 3. mars

Godaste Link treng vel strengt tatt ingen introduksjon. Han har vore med dei fleste av oss sidan vi først forstod kva eit spel var, og han kjem til å vere ein del av liva våre i mange år enno. I hans nye eventyr brynar Nintendo seg på å lage ei stor og opa verd full av utfordringar for vår kjære helt. Breath of the Wild får fleire rollespelelement, men skal likevel vere lett tilgjengeleg for nye fans. Det falt i alle fall i smak hos oss då vi prøvde det i fjor:

«Dei 35 minutta eg hadde tilgjengeleg med The Legend of Zelda: Breath of the Wild på E3 forsvant utruleg fort. Då eg såg «Thank you for playing» rulle over skjermen slapp det ut nokre saftige gloser fordi alt eg ville gjere var å spele mer. Eventyrlysta var på høggir og eg ville så inderleg sjå kva meir spelet hadde å by på.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Breath of the Wild

Tom Clancy's Ghost Recon: Wildlands

Eit narkokartell eller to er ingen business for ein driven gamer.
Eit narkokartell eller to er ingen business for ein driven gamer. Bilde: Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 7. mars

Om du hatar kvitt pulver, er Ghost Recon: Wildlands spelet for deg. Her skal du hive deg ut i ei stor og opa verd der det overordna målet er å ta knekken på diverse narkokartell. Utstyrt med snasne duppedingsar og fancy våpen skal du aleine, eller saman med andre, gjere ditt beste for å lede an i krigen mot vinteren (for dei som ikkje visste kva Jokke sang om). Vi tok ein kikk på det i fjor, meinte at kven du spelar med vil få svært mykje å seie for kor moro det blir:

«Å attpåtil gjere dette til eit samarbeidsspel for opptil fire stykk er eit dristig trekk, som kun vil fungere om folk faktisk klarar å samarbeide. Det kan fort bli til at alle gjer si eiga greie, og den eineste grunnen til at min demonstrasjon i det heile lukkast var at vi hadde ein god lagførar som klarte å føre oss i riktig retning.»

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på Tom Clancy's Ghost Recon: Wildlands

Nier: Automata

NieR: Automata blir noko for seg sjølv.
NieR: Automata blir noko for seg sjølv. Bilde: Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Steam
Ute: 10. mars

Det var ikkje alle som heilt forstod kva i alle dagar Square Enix og Yoko Taro hadde kokt saman då dei lanserte Nier i 2010. Det stygge spelet med den uavsindig vakre musikken blei avskrive av dei fleste. Synd, for om du gav Nier ein sjanse, ville du etter kvart oppdage ei gripande historie i eit spel fullt av sjarme og kreative spelmekanikkar.

Sidan det første spelet fekk ganske lunken mottaking var det temmeleg overraskande at Square Enix i 2015 kunngjorde ein oppfølgjar. Enda større sjokk kom det over at rollespelstudioet hadde alliert seg med actionmeistrane hos Platinum Games for å få spelet utvikla. Om Nier: Automata blir eit suverent spel er for tidleg å seie, men solid action, fantastisk musikk og ei historie på kanten av normalen, det kan vi nesten garantere deg at du får.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Nier: Automata

Mass Effect: Andromeda

Stemningane kan kuttast med kniv.
Stemningane kan kuttast med kniv. Bilde: Electronic Arts

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 23. mars

Sjølv om den originale Mass Effect-trilogien er over, betyr det på ingen måte at BioWare er ferdige med Mass Effect-universet. I Mass Effect: Andromeda møter vi søskenparet Sara og Scott Ryder. Du får tre inn i rolla som ein av dei to, etter at dei har fått i oppdrag å finne ein ny heim for menneska. Dette betyr naturlegvis at du legg ut på ei omfattande og spanande reise ut i rommet, og slikt blir det bråk av.

For å handtere folk og fe som ikkje set pris på deg og dine planar får du ta i bruk det velkjende dialogsystemet frå Mass Effect-serien. Om det ikkje skulle duge får du skyte deg gjennom problema med eit kampsystem som nyttar tre våpentypar, og ei rekke ulike eigenskapar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mass Effect: Andromeda

Ein Switch takk

Det blir nok ikkje heilt slik å spele 1-2Switch i røynda.
Det blir nok ikkje heilt slik å spele 1-2Switch i røynda. Bilde: Nintendo

Du trudde vi var ferdige? Hah! Jaggu. Sidan vi no får ein ny konsoll er det naturlegvis på sin plass å sjå litt raskt og nært på kva spel du kan innvie din nye kloss med. Strengt tatt er det ikkje mykje å rope hurra for. Nintendo har valt å porsjonere ut spela over ein lengre periode, og difor er The Legend of Zelda: Breath of the Wild det einaste verkeleg store spelet ved lanseringa.

Det næraste vi kjem Zelda i storleik er faktisk Just Dance 2017, samt 1-2-Switch, ei spelpakke full av mindre spel som har for mål å vise deg kor mykje moro du kan ha med Joycon-kontrollarane til Switch.

Utover dette finn vi likevel ei kort, men artig rekke lovande spel. Racingspelet Fast RMX bør til dømes tilby fartselskarane noko saftig medan vi ventar på Switch-versjonen av Mario Kart 8. Vi finn samstundes nokre flotte indiespel som Little Inferno og Shovel Knight: Specter of Torment. Det bør i tillegg nemnast at eit nytt Bomberman-spel er på veg, samt at fjorårets nydelege rollespel I am Setsuna får Switch-versjon på lanseringsdagen.

Om du no er ein av dei som trass alle dei lovande spela vi har ramsa opp så langt ikkje ser noko som freistar, fortvil ikkje! Det er meir!

Tidleg i mars lanserast Crusader Kings II-utvidinga Monks & Mystics. Om det ikkje var tydeleg frå namnet, handlar den om religion.

Fjols til fjells med Styx.
Fjols til fjells med Styx. Bilde: Cyanide

Religion blir nok ikkje eit viktig tema i Styx: Shards of Darkness. I denne oppfølgjaren til Styx: Master of Shadows frå 2014 går vi igjen inn i rolla som goblinen Styx. Han skal atter ein gong snike seg gjennom fiendtlege område, og om forgjengaren er noko å døme etter, kjem du til å få enorm valfridom i korleis du navigerer deg gjennom dei vertikale områda.

Treng du større utfordringar og meir action bør actionfesten Toukiden 2, eller Dark Souls III-utvidinga The Ringed City by deg det du treng.

Vi avsluttar med ei nylansering. Heilt i slutten av månaden lanserer Square Enix samlepakka (trekk pusten no) Kingdom Hearts HD 1.5 + 2.5 ReMIX. Denne pakka byr på både Kingdom Hearts 1 og 2, samt ei rekke andre spel om den fargerike og merkelege Disney-serien.

Det var alt for mars. Lukke til.

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

1-2-Switch [Switch]

Kingdom Hearts HD 1.5 + 2.5 ReMIX [Playstation 4]

NieR: Automata [PC]

Mass Effect: Andromeda [Xbox One]

The Legend of Zelda: Breath of the Wild [Switch]

Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands [Playstation 4]

Mass Effect: Andromeda [PC]

Styx: Shards of Darkness [PC]

Styx: Shards of Darkness [Xbox One]

NieR: Automata [Playstation 4]

Styx: Shards of Darkness [Playstation 4]

Horizon Zero Dawn [Playstation 4]

Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands [Xbox One]

Tom Clancy's Ghost Recon Wildlands [PC]

Just Dance 2017 [Switch]

Mass Effect: Andromeda [Playstation 4]

I Am Setsuna [Switch]

The Legend of Zelda: Breath of the Wild [Wii U]

Beste priser

Ukjent lagerstatus 269,-
På lager 349,-
På lager 369,-
På lager 369,-

Kingdom Hearts HD 1.5 + 2.5 ReMIX [Playstation 4]

NieR: Automata [PC]

Beste priser

På lager 275,-
Forventet lagerdato 326,-
På lager 348,-
Ikke på lager 348,-

Beste priser

Nedlasting 120,-
På lager 179,-
På lager 218,-
Nedlasting 580,-

Beste priser

Forventet lagerdato 339,-
Nedlasting 386,-

Beste priser

Ukjent lagerstatus 299,-
Ukjent lagerstatus 299,-
På lager 349,-
På lager 349,-

Beste priser

På lager 178,-
På lager 179,-
På lager 345,-

Beste priser

Ukjent lagerstatus 257,-
På lager 312,-
På lager 429,-
På lager 445,-

Beste priser

Nedlasting 199,-
Ikke på lager 289,-
På lager 299,-
Forventet lagerdato 326,-

Beste priser

På lager 248,-
Ikke på lager 349,-
Ikke på lager 349,-
På lager 479,-

Beste priser

På lager 528,-
Forventet lagerdato 580,-
På lager 589,-
På lager 598,-

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen