FEATURE: Her er 11 spel vi ser fram til under E3 2019
Feature

E3 2019

Her er 11 spel vi ser fram til under E3 2019

Den årlege E3-messa er snart over oss, og vi ramsar opp kva vi gler oss til.

Den årlege E3-messa er rett rundt hjørnet, og med det kan vi vente oss eit vulkanutbrot av nye detaljar om spel vi ventar på, samt er rekke avsløringar av ting vi ikkje visste noko om. 

Årets messe kan bli ei av dei meste spanande på mange år. Sony har sjekka ut fullstendig, og vi kan difor sjå langt etter detaljar om PlayStation 5, The Last of US II og ikkje minst Hideo Kojimas Death Stranding.

Sonys fråvær gjev derimot mykje ekstra boltreplass til andre aktører, og i år er det kanskje noko uventa Google som er den store jokeren. Allereie torsdag 6. juni skal dei avsløre enda fleire detaljar om si straumeteneste Stadia. Her skal vi få viktige detaljar om pris, tilgang og ikkje minst kva spel vi kan vente oss.

Nintendo vil køyre sitt vande opplegg med å sende Nintendo Direct ut til heile verda etterfølgt av diverse livesendingar, og med det står vi igjen med ein einaste stor konsollaktør som tviheld på den tradisjonelle E3-pressekonferanse; Microsoft. 

Dette kan bli eit stort år for Microsoft. Dei har mange jarn i elden, og vi veit dei skal vise spel frå heile 14 interne studio, noko som er ein solid oppsving i forhold til den nokre spinkle førstepartibuffeten dei har diska opp med tidlegare. Sannsynlegvis får vi òg nokre detaljar om neste generasjons Xbox, samt ei lang rekke spel som kjem i nær og kanskje ikkje fult så nær framtid.

Sjekk også vår E3-seksjon for alt av E3-nyheitar og artiklar »

Og med det hiv vi oss laus på nokre titlar som ser spesielt interessante ut.

Cyperpunk 2077

Best å vere snill, elles kjem desse typane og tar deg. Foto: CD Projekt RED

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: Ukjent

CD Projekt RED har i ei årrekke bygd seg opp som eit av verdas største og mest respekterte rollespelstudio. The Witcher-serien har blitt ein enorm suksess, og med det er naturlegvis forventningane skyhøge før deira første spel utanfor The Witcher-universet.

Cyberpunk 2077 er noko heilt nytt for det polske studioet. Borte er sverd, monster og magi, og tilbake står eit framtidsretta sci-fi spel der du får skru saman din eigen karakter før du kastar deg ut i den opne verda spelet byr på. I motsetning til The Witcher-serien er Cyberpunk 2077 i førsteperson, og du vil kunne oppgradere kroppen din med ei rekke mekaniske modifikasjonar for å få overtaket på dei minst like modifiserte fiendane dine. Dette er eit spel som siktar seg mot eit vaksent publikum, med vaksne tema, mykje vald, sannsynlegvis gode doser sex.

Les meir om Cyberpunk 2077 »

Marvel's The Avengers

Tor er i alle fall med. Foto: Square Enix

Plattform: Ukjent
Ute: Ukjent

Vi veit ikkje mykje, men vi veit at det er Crystal Dynamics, studioet som i lang tid har styrt Tomb Raider-skuta, som no skal ta The Avengers inn i heimen. Etter Insomniac Games' fabelaktige Spider-Man-spel ligg lista ganske høgt, og med tanke på kor vanvittig populære filmane er blir forventningspresset enormt.

Kva vi har i vente veit vi ingenting om enno, men det ser ut til å blir eit actionspel i tredjeperson. Dette passar godt med kva Crystal Dynamics har gjort før, samt at dei har hyra inn folk som har jobba med blant anna Uncharted og Dead Space. Superheltar er i vinden som aldri før, og stormen ser ikkje ut til å ta slutt med det første. Crystal Dynamics har fått frie tøyler til å lage det dei vil, noko som gjer det veldig spanande å sjå kva vi har i vente. Den fulle avsløringa av spelet vil finne stad på Square Enix sin pressekonferanse.

Les meir om Marvel's The Avengers »

Borderlands 3

Fleire våpen enn det finnest innbyggjarar i Nederland, var det nokon som sa ein gong. Foto: Gearbox

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 13. september

Sju år har gått sidan Borderlands 2, men no er endeleg Gearbox klare med eit nytt eigenutvikla Borderlands-spel. Med Borderlands 3 kan vi sjå føre oss at galskapen blir tatt til heilt nye høgder. Der vi tidlegare har herja rundt på planeten Pandora, eller teke ein tur til månen i sidespelet The Pre-Sequel, får vi no eit romskip til disposisjon, og kan reise frå den eine planeten etter den andre.

Der skal du naturlegvis skyte fiendar med eit stadig større arsenal av fantastiske og tidvis absurde våpen, og under årets E3-messe håpar vi på å få vite endar meir om kva vi har i vente. Serien er kjend for sitt massive våpenarsenal, men òg for sine høgst individuelle karakterar, og korleis dei kan brukast saman i den populære samarbeidsmodusen. 

Les meir om Borderlands 3 »

Final Fantasy VII Remake

Cloud er like blid som alltid. Blir artig å sjå han i kjole. Foto: Square Enix

Plattform: PlayStation 4, andre plattformer ukjent
Ute: Ukjent, sannsynlegvis seint 2019, tidleg 2020

Vegen har vore lang, vond og svært utfordrande for mang ein fan som har lengta lenge etter å få spele denne klassiske perla i ny drakt. Seigpining og tortur er stikkord som passar godt. Kven hugsar vel ikkje Square Enix sin sadistiske «teknologidemonstrasjon» for PlayStation 3? Vi snakkar om å helle solide mengder salt i såret her.

No er vi derimot veldig i gang, vi fekk nyleg ein flunkande ny trailer som endeleg viste oss nye glimt frå spelet etter fleire år med pinleg stille. Mykje tyder på at spelet er nært føreståande, om det så er seinare i år eller tidleg neste år, og med tanke på at Square Enix skal ha sin eigen pressekonferanse i år, er det høgst sannsynleg at vi får dei første inngåande blikka på kva vi har i vente.

Les meir om Final Fantasy VII Remake »

Baldur’s Gate 3

Er det Baldur's Gate 3 vi har i vente? Foto: Larian Studios

Plattform: Ukjent, sannsynlevis Stadia
Ute: Ukjent

Baldur's Gate 3 høyrest kanskje ut som ein draum for dei fleste, spesielt dei som godt hugsar kor vanvittig pen den aller første filmatiske traileren til det første spelet var på slutten av 90-talet ein gong. Heilt konkret veit vi ikkje at spelet er på veg, men akkurat no er det eigentleg berre ein dårleg skjult hemmelegheit. 

Rykta skal ha det til at spelet skal avslørast allereie denne veka under Google Stadia sin pressekonferanse torsdag. Sidan teamet som laga dei tidlegare spela i serien er spreidde for mange vindar, er sjølvsagt kven som skal lage det eit gigantisk spørsmål. Etter rykta å døme er det ingen ringare enn Larian Studios som står ved roret, og det bør vere godt nytt for alle som har spelt dei suverene rollespela i Divinity-serien.

Les meir om Baldur's Gate 3 »

Vampire: The Masquerade – Bloodlines 2

Vampyrar suger. Blod altså. Foto: Paradox Interactive

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: Mars 2020

Oppfølgjaren til kultklassikaren Vampire: The Masquerade – Bloodlines er eit spel som glatt hamnar i kategorien over spel vi aldri trudde vi skulle få sjå. Dette spelet er i aller høgste grad blant dei spela vi ventar spent på å få finne ut meir om. Det blir ikkje overraskande eit rollespel der du skrur saman din eigen vampyr nøyaktig slik du vil, heilt ned til kva kjønnsidentitet vampyren din passar inn under.

Denne gong reiser vi til den regntunge byen Seattle og må ta vår plass hos ein av seks ulike vampyrklanar som kjempar om kontroll over byen. Spelet er utvikla av det ganske ferske studioet Hardsuit Labs, men om bord har vi fleire av dei som i si tid skapte det originale Bloodlines. Vampire: The Masquerade-lisensen låg lenge hos islandske CCP, før svenske Paradox Interactive tok over og fekk i gong arbeidet med ein oppfølgjar.

Les meir om Vampire: The Masquerade - Bloodlines 2 »

Fable IV

Får vi endeleg ta turen tilbake til Albion? Foto: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows, sannsynlegvis neste generasjon
Ute: Ukjent

Fable-serien er kanskje ikkje den aller mest populære serien til Microsoft, og den blei køyrt ganske hardt ned i grøfta med produkt som Fable: The Journey og spelet som gjorde slutt på Lionhead Studios; Fable: Legends, men no er det svært mykje som tyder på at Fable er tilbake igjen, og det i stor stil.

Utviklinga er det Forza Horizon-studioet Playground Games som står for, og dei har rusta opp ved å lyse ut mange stillingar som passar godt for eit spel som Fable. Vil vi endeleg få det gigantiske rollespelet i Albion vi har venta på? Om rykta snakkar sant kan vi vente oss eit massivt rollespel som sender oss ut på eventyr i ei hakket meir fargerik og laussluppen verd enn kva digre rollespel ofte byr på. Det store spørsmålet er naturlegvis om den britiske sjarmen er godt på plass.

Les meir om Fable IV »

Halo Infinite

Det einaste vi veit om Halo Infinite er at det heilt sikker blir pent. Foto: Microsoft

Plattform: Xbox One, Windows, sannsynlegvis neste generasjon
Ute: Ukjent

Halo-serien har hatt seg ei pause på nokre år, men no er Microsoft klare til å vise fram kvar vegen går vidare. Halo Infinite blei offisielt avduka i fjor, men utover ein bitteliten trailer var det ikkje mykje vi fekk vite om spelet. Det vi så langt kan seie med sikkertheit er at spelet er bygd på ein flunkande ny motor som skal glatte ut overgangen frå Xbox One til neste generasjon.'

I neste runde kan vi konstatere at sjefen sjølv, Master Chief naturlegvis er tilbake for å rydde opp i inergalaktiske konflikter. Spelet skal by på ein fornya visuell stil, og ei rekke endringar av gameplayet for å ta serien inn i ei ny tid. Blant anna ryktast det at spelet skal ha enkle rollespelmekanikkar og verda skal til ei grad forme seg etter kva du gjer. Kor omfattande slike mekanikkar vil bli gjenstår å sjå. At spelet vil få eit stort fokus på fleirspelar er det derimot ingen tvil om.

Les meir om Halo Infinite »

Star Wars Jedi: Fallen Order

Ny helt, nye problem. Foto: EA

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 15. november

For ihugga Star Wars-fans blir årets E3 ein god sjanse for å endeleg få vite meir om dette spanande actionspelet. EA har produsert nokre Battlefront-spel i Star Wars-universet, men der har fokuset vore på å samle mange spelarar til strid. Fallen Order har derimot fokuset på å fortelje historia om jedien Cal Kestis, og blir eit historietungt spel for ein spelar.

Historia startar kort tid etter hendingane i Episode III: Revenge of the Sith, og blir fortalt av eit solid lag med erfarne utviklarar. God of War III-regissør Stig Asmussen står ved roret, og på forfattarsida finn vi blant anna smått legendariske Chris Avellone som har jobba for blant anna Black Isle Studios og Obsidian Entetainment. At det blir mykje action og leiking med jedikrefter kan vi vere ganske sikre på, men kva anna spelt har å by på vil blir avslørt under EA sin pressekonferanse.

Les meir om Star Wars Jedi: Fallen Order »

Astral Chain

I dette spelet skjer visst alt i tandem. Foto: Nintendo

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 30. august

Frå actionmeistrane hos Platinum Games kjem enda eit nytt actionspel. Denne gong har dei kokt opp den nye termen «Synergetic Action» for sitt nye spel Astral Chain. Kva er så dette? Kort og godt påstår utviklarane at du får styre to karakterar samstundes. Om vi kjenner Platinum Games rett kan vi vente oss spenstige og ikkje minst visuelt overdådige kavalkadar av slag og spark mot ein haug med farlege skapningar ute etter å ta deg.

På utviklarsida har vi ein solid gjeng med erfarne folk som har stått bak spel som Nier: Automata og Bayonetta. Spelet skal lanserast allereie på seinsommaren, så vi kan sjå fram til at å få vite mykje meir om dette spanande og Nintendo Switch-eksklusive spelet i dagane framover.

Doom Eternal

Kven treng motorsag når ein har flammesverdet frå helvete? Foto: Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Switch, Xbox One, Windows, Stadia
Ute: Ukjent

Mange spel har eit stort fokus på dyster realisme, men ikkje Doom! Her er det rett til helvete med tung metal på 9-strengs gitar som backup. Doom Eternal tek opp tråden nøyaktig der Doom frå 2016 la den frå seg, og med det meiner vi det blir beinhard action frå første stund. Utviklarane lovar å dytte deg enda hardare inn i action-sekvensane enn kva dei gjorde i Doom. Om du vil overleve må du kjempe for det. Det nyttar ikkje å gøyme seg bak ein stein.

Doom Eternal blir det første spelet som dreg nytte av id Softwares nye grafikkmotor, og vi kan vente oss eit hakket større og meir omfattande spel. Om det er noko vi ser spesielt fram til å få vite meir om akkurat no, er det den nye fleirspelarmodusen, samt kor mange heftige våpen vi kan drepe demonar med. Vi blir forresten lova dobbelt så mange demontypar som førre gong.

Les meir om Doom Eternal »

Ei blodig lang liste

Dette blir moro! Foto: Nintendo

Det er vanvittig mykje spanande som skal visast fram under årets E3-messe, og å velje ut ei fornuftig samling spel har vore bortimot ei umogleg oppgåve. For ordens skuld har vi sila ut spel som kjem med årlege eller veldig regelmessige innslag. FIFA 20, Call of Duty: Modern Warfare, kanskje eit Battlefield-spel og eit potensielt Assassin's Creed-spel med vikingar er difor blant spela som måtte vike.

Men det er mykje meir å sjå fram til i år, og om vi startar hos Nintendo kan vi trekke fram Pókemon Sword and Shield som ser ut til å ta serien i ein ganske ny retning. Vidare håpar vi å få sjå meir av Bayonetta 3, The Legend of Zelda: Link's Awakening, Luigi's Mansion 3, og det nye Animal Crossing-spelet. Diverre ser vi på det som høgst usannsunleg at vi får sjå noko til Metroid Prime 4, men det er lov å håpe.

Microsoft har som kjent lova å vise spel frå heile 14 interne studio. Høgt på lista over spel som heilt sikkert vil bli vist fram finn vi Gears of War 5, enda eit spel som lovar å ta ein godt etablert serie nokre steg i nye retningar. Medan vi snakkar om Gears of War kan vi nemne at nokre rykte har svirra i stratosfæren om ein Gears of War-serie på Netflix. I tillegg veit vi at Showtime og Steven Spielberg jobbar med ein Halo-serie, og begge desse prosjekta kan vi godt mogleg få vite litt meir om under Microsofts pressekonferanse.

Eit par andre spel vi heilt sikkert får sjå meir av er Ori and the Will of the Wisps, og The Outer Worlds frå Obsidian Entertainment.

Ubisoft har òg spanande spel i vente. Watch Dogs Legion blei nyeleg avslørt, og saman med Ghost Recon: Breakpoint finn vi her to spel vi håpar å finne ut meir om. Er vi ekstra heldige får vi meir samarbeid med Nintendo, og tja, eit nytt Lets Dance-spel.

Til slutt tek vi med Remedy Entertainments ny actionspel Control, zombiekaoset i Dying Light 2, det spanande eventyrspelet Man of Medan, og ikkje minst det folkefinansierte skateboard-spelet Session.

Om ein ting er sikkert er det at denne lista med spel ikkje ein gong er i nærleiken av å ramse opp alt det spanande som skal visast til veka som kjem av både spel vi veit om, og store overraskingar ingen visste noko om frå før. Vi ventar i spaning, og vi kjem til å halde deg oppdatert på alt det spanande som skjer i E3-byen Los Angeles neste veke.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen