Sudeki

Eit kombosystem som fungerar
Sudeki blir promotert som eit stort rollespel, men er eigentleg eit action-eventyr. Det du først og fremst gjer er å drepe forskjellige monster. Når ein ikkje brukar spesialangrep (noko du må gjere ofte skal du i det heile tatt ha noko håp om å overleve), vil du enten hamre ut komboar med Tal og Buki, eller skyte fiendar i førsteperson-modus med Elco og Ailish. Førstepersondelen er kanske eit hopp frå det vi er vande med frå slike spel, men det fungerar heilt greit. Det blir etter kvart eit variert utval våpen å velje mellom, men ofte blir det kun å springe bakover medan ein skyt på fienden. Som Tal eller Buki bør benytte deg av kombosystemet. Ved å trykke på X og A i forskjellige rekkefølger tre gongar kan ein utføre forskjellige komboar, og ein kan lenke saman fleire komboar til enorme frontalangrep.

Det store fallet i kamp er når du møter ein sluttboss. Brått kan du ikkje lenger kombinere forskjellige taktikkar, men må kjempe med ein karakter aleine. Dette i seg sjølv er ikkje så ille, men når du innser kor simple desse kampane er, er det lett å føle seg undervurdert. I motsetning til vanlege kampar, der sterk kunstig intelligens kan gjere dei ganske uforutsigare, blir bossane etter kvart rein rutine. Du vil ikkje finne taktikkar å kjempe mot, berre førehandsprogrammerte mønster. Ta fiskemonsteret Nassaria som eit eksempel. Du blir ståande med Ailish på ei lita plattform, og må vente på at Nassaria skal dukke opp. Ho hoppar opp og ned av vatnet som for å forvirre deg, men du kan sjå på kartet kvar ho vil dukke opp. Du stiller deg i rett posisjon, ventar, og fyrer av det du kan av magi før ho forsvinn igjen.

Det er ikkje før du nermar deg midten av historia at noko anna enn kampane byrjar å bli interessant. Ikkje at historia er heilt på trynet dårleg ellers, men den bygger ikkje akkurat opp til eit spel av episke proporsjonar. Du føler deg som ein turist, som reiser fram og tilbake og ser seg rundt, og tilfeldigvis må slåst mot ein del monster undervegs for å finne krystallar. Det er ikkje gripande, det er ikkje imponerande, men det er koseleg. Det er ei behageleg reise som ikkje utsetter krev noko meir frå deg enn litt fingerferdigheit no og då. Rundt halvvegs i Sudeki skjer det i midlertid eit par ting. Sudeki består av tre verden den lyse, den mørke, og døsdsverda som for det meste fungerar som stoppestad mellom dei to andre. Det er først no vi for alvor får eit innblikk i den mørke verda, som er Haskilia snudd på hovudet.

Tid for å dytte på kassar
Rundt omkring i spelet vil du kome over forskjellige stader der dei fire heltane kan bruke sine spesielle eigenskapar. Ja, dei er frykteleg spesielle. Tal kan dytte på kassar, Buki kan klatre på visse veggar, Elco kan fly rett fram over mindre gap, og Ailish kan finne ting skjult av magi. Med desse fire eigenskapane har du potensiale for interessante situasjonar som krev samarbeid mellom dei fire heltane, men nei. Det einaste du får ut av dette er å sende ein og ein person på ein liten tur for å finne ei kiste. Høyrest ikkje det festeleg ut? Av og til blir det lett underhaldning av dette, som når ein må finne den raskaste ruta Elco må fly før han mistar drivstoff, eller korleis ein skal plassere kassar for å nå skatten, men alvorleg talt. Kassedytting har sett sine beste år.

Det er ei stor, mørk og bråkete sky som heng over Sudeki til ei kvar tid. Menneska ser alle ut som om dei har vore hos verdas mest udugelege plastikk-kirurg. Folk ser flate og ukarakteristiske ut, og huda ser ut som om den er strekt til bristepunktet. Det er slik resultatet blir når ein prøvar å krysse manga og realisme utan å heilt få det til. Det er også lett å sjå at mange av dei du møter har den same modellen, berre med anna hår. Folk er kjedelege og uinteressante. Du finn ikkje den kreative og tiltrekkande designen vi finn i mange andre spel, og det direkte resultatet av dette er at du enkelt og greit ikkje bryr deg om karakterane. Du blir ikkje glad i personane, slik du gjerne blir når du spelar rollespel, og dette er eigentleg Sudeki sitt største problem.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen