Test

Beyerdynamic MMX300 V2

Knakande god gaminglyd

Eit av marknadens minste gamingheadsett er òg eit av dei beste.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Beyerdynamic er eit av dei største namna innan audiofilverda, og har så vidt dyppa tåa si i gamingmarknaden med eit par headsett. Dei har likevel eit særs godt rykte når det kjem til kvalitet og lyd.

Det er på overtid at me tar ein runde med Beyerdynamic MMX 300 V2, som er flaggskipet til produsenten retta mot gaming. Dei har for så vidt framleis eit headsett til sals i Noreg til 10.000 kroner mynta på speling, men det er snart 10 år gammalt no. Så me hoppar over det.

Du kan plukke med deg MMX 300 V2 til rundt 3000 kroner, eit prisnivå som har vore ganske stabilt heilt sidan det kom ut i 2018. Det er lite innovasjon i gaminglyd, så at det har fått godgjere seg nokre år gjer eigentleg ikkje så mykje. Men prisen kunne gjerne vore skrudd ned litt.

Beyerdynamic har laga eit stereoheadsett med strålande lydkvalitet og ein effektiv mikrofon, men det er ikkje alt me likar like godt.

Design og komfort

MM300 V2 er eit lite og enkelt headsett. Dette er sannsynlegvis det aller minste av alle gamingheadsetta eg har prøvd så langt, og når det kjem til utsjånaden er det vanskeleg å sjå at dette skal koste såpass mykje som det gjer. Til gjengjeld er det ingen teikn til noko «gaming»-preg her. Det vil nok mange setje pris på.

At noko er enkelt, er heller ikkje negativt. Det berre gjer ikkje så veldig mykje ut av seg.

Øyreklokkene er i hardplast, og putene i eit mjukt stoff. Dei er behagelege og lokkar så tett at det meste av lyden rundt forsvinn. Dette er nok ein av dei meir effektive formene av passiv støydemping eg har vore borti. Putene og klokkene er svære samanlikna med resten av headsettet, og det er rikeleg med plass til øyra.

LÅG VEKT:
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Med ei vekt på knappe 290 gram kjennest MMX 300 V2 òg særs lette på hovudet. Problemet mitt med MMX 300 V2 er berre at det er eit ganske kraftig press mot øyra mine når eg har dei på. Det er ikkje direkte ukomfortabelt, men eg syns ikkje det klarar å konkurrere heilt med andre gamingheadsett i same prisklasse når det kjem til komfortnivået.

Når det kjem til byggjekvaliteten er det openbert at Beyerdynamic har brukt skikkelege materiale i produksjonen. Det verkar som headsettet kjem til å halde ei stund, og det gjeld både putene, bøyelen og kunstlêret under bøyelen.

Dette er solide greier.

Tilkopling og knappar

LITE EKSTRAUTSTYR: MMX 300 V2 gir deg det du ser.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ikkje så mykje å seie når det kjem til ekstrafunksjonalitet på MMX V2, men det gir deg det du treng. Ein liten kontrollar på leidningen har rullehjul for volum, dempeknapp for mikrofonen og ein multifunksjonsknapp som du kan bruke for å til dømes skifte song.

Du får val mellom ein 3.5-millimeter-kabel som dekkjer både mikrofon og headsett i eitt, og ein med mikrofoninngang og 6.3-millimeter separat.

Det aller største irritasjonsmomentet mitt med MMX 300 V2 er eigentleg at 3.5-millimeter-kabelen er altfor kort. Mesteparten av tida har eg hatt det kopla til ein Sennheiser GSX 1000-forsterkar med inngang oppå pulten, men når eg har køyrt headsettet gjennom AUX-porten på datamaskinen skjedde det fleire gongar at det nesten blei rive ut av AUX-porten, fordi leidningen er så kort. Dette kan ein sjølvsagt fikse med eit lite adapter, men irriterande er det.

Lyd

Det er ikkje spesielt overraskande at lydkvalitet og lydbilete er dei fremste styrkane til eit Beyerdynamic-headsett. Bassen har eit skikkeleg kick, og mellomtonane er balanserte og nøyaktige. Til musikkbruk er dette ei god investering.

Nokre høgtonar kan bli ein smule skingrande, men det har eg berre merka i nokre ytst få tilfelle, blant anna i introen til «Scarlet» av Periphery. Elles er dette fulltreff av Beyerdynamic når det kjem til lydkvaliteten. Med Windows Sonic som drivar for litt betre surroundeffekt så kan MMX 300 V2 bli ein fin kompanjong i einspelarspel òg.

FLOTT LYTTEOPPLEVING: Beyerdynamic veit at lyden er det mest viktige, og det har dei verkeleg fått fram med MMX 300 V2.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Når det kjem til rein stereolyd, er dette heilt i toppen i prisklassen rundt 2000–3000 kroner blant gamingheadsett. Det er òg eit trygt val til skytespel som CS: GO. Presise mellomtonar gjer at ein lett høyrer fiendar bak seg og gjennom vegger, sjølv om skikkeleg virtuell 7.1 kanskje kunne gjort det endå enklare.

Totalt sett gjer drivarane det skarpt både til speling, musikk og film.

Mikrofon

HABIL MIKROFON: Manglande støydemping er eit lite minus, men lydkvaliteten er det lite å seie på.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

MMX 300 V2 har ein av dei mest nøyaktige mikrofonane eg har høyrt når det kjem til å gjenprodusere stemma min. Lyden har få teikn til overdrivne sibilantar eller nasalitet, samstundes som volumet er høgt nok til at ein kan prate med vener på Discord utan at dei må skru deg opp.

Men det er absolutt ingen form for støydemping her. Bakgrunnsstøyen florerer med mikrofonen, som kan bli eit irritasjonsmoment viss det ikkje er heilt stille rundt deg. Derimot er dette eit ganske ubetydeleg problem i dag viss ein har eit Nvidia-skjermkort, for då kan ein berre bruke AI-støydempinga deira til å kvitte seg med alt slikt.

Konklusjon

Beyerdynamic MM300 V2 er ikkje det mest komfortable blant dei dyre headsetta, men komforten er meir enn god nok. Du venner deg til presset mot øyra etter kvart. Kort kabel er eit anna irritasjonsmoment, men elles er det lite å setje fingeren på.

Lydkvaliteten og lydbiletet lever opp til prisklassen, og skal du ha eit stereoheadsett er det få andre som kan konkurrere med dette blant andre gamingprodukt. Mikrofonen er òg blant dei beste me har testa.

Men til gjengjeld er det ikkje så veldig mykje konkurranse i denne prisklassen. Komfort er særs viktig når ein skal sitte lange timar framfor skjermen for å spele, og då er det lett å tenkje at headsett som SteelSeries Arctis Pro, Audeze Mobius eller Astro A50 kan vere betre val.

Det gjer òg prisen. MMX300 V2 kostar framleis det same etter snart tre år, og har ikkje vore lågare enn 2500. Det var til og med i 2018. Kjem det eit brukande tilbod i januarsalet er det berre å fyre på, men eg ville kanskje tatt ein liten tur i butikken for å kjenne på komforten først.

Sjølv om MMX 300 V2 byr på ei litt betre lydoppleving enn Arctis Pro og A50, blir det ein smakssak kva ein skal gå for. Arctis Pro lanserte på same tid som MMX 300 V2 til same pris, og har fleire gongar vore nede på 1500 kroner. Då får du langt meir for pengane (om ikkje hovudet ditt er for stort for headsettet).

Personleg ville eg nok heller plukka Mobius eller A50, men så er dette veldig ulike produkt. Uansett er dette alle val frå topphylla.

Er du på jakt etter noko lett og enkelt med knall lydkvalitet skal ikkje eg vere den som stoppar deg frå å handle MMX 300 V2. Her får du rett og slett knakande god lyd.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8.5
/10
Beyerdynamic MMX 300 v2
Glitrande gaminglyd i ei lett og kompakt forpakning, men ikkje heilt behageleg nok.
Flott stereolyd
Enkel og fin utsjånad
Veldig god mikrofon
Svært lett
Kompakt
Effektiv passiv støydemping
Kort kabel
Litt for mykje press mot øyrene
Manglar litt guff på volumet
Tidvis skarpe høgtonar
Mikrofonen har ikkje støydemping

Siste fra forsiden