Feature

Desse spela gler vi oss til i juli

Sola steikar, spela ramlar inn, det er sommar.

Gamer.no

Jamt over vil eg tru juni har vore så heit at berre dei med velfungerande aircondition har fått unnagjort mykje speling. Personleg har tida for det meste blitt brukt på hengekøya der eg omsider har fått somla meg til å lese Dune, eit par Discworld-bøker, samt pådratt meg ein brunfarge som kunne imponert ein grekar.

Likevel har vi fått tid til å teste nokre spel denne månaden. Command & Conquer: Remastered Collection imponerte med sin respektfulle nyversjon av gamle strategiperler. The Last of Us Part II leverte ikkje heilt uventa varene så det sang, medan Pokémon Sword and Shield-utvidinga Isle of Armor leverte god underhaldning, sjølv om det ikkje heilt innfridde forhåpningane.

Med det snur vi snuten mot nye og grønare (litt avhengig av om sommarregnet kjem eller ikkje), jaktmarker.

Trackmania

Plattform: Windows
Ute: 1. juli

Trackmania byr på racing på spinnville baner.
Ubisoft

Trackmania er ein god, gammal travar av ein serie. Her skal du ikkje berre køyre bil, du skal i tillegg bygge baner å køyre bil på. For dei riktig gamle av oss er det Stunts opp av dage, og du kan lage nesten kva det skulle vere. Med nye Trackmania lovar utviklarane enda meir moro og enda større moglegheiter, og ut av det vi fekk prøve er det absolutt ikkje umogleg at dei kan ha rett:

«Nye Trackmania kryssar umiddelbart av dei aller viktigatse punkta for kva ein kan forvente av et Trackmania-spel. Dette innebær at spelet har ei hissig fartskjensle, baner som stadig overraskar og medaljetider som konstant utfordrar spelarane til å jage tidelar. Alt syast saman av ein heilskapleg visuell stil som er like delar leikent og elegant. Her flyt de ulike stilartane og vegtypane saman i ein diger smeltedigel.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Trackmania

Deadly Premonition 2: A Blessing in Disguise

Plattform: Switch
Ute: 10. juli

Eit nytt mysterium må finne si løysing.
Toybox

Xbox-spelet Deadly Premonition er kanskje ikkje eit av dei beste spela frå 2010, men det er definitivt eit av dei mest minneverdige. Spelet har opparbeida seg ein solid kultstatus, og har fått mange nye fans i åra som har gått, mykje takka vere ein oppdatert og forbetra versjon til nye plattformer.

Oppfølgjaren vel å utvide det heile. Igjen møter vi FBI-agenten Francis York Morgan, men vi får òg bli kjende med agenten Aaliyah Davis som plukkar opp ei gammal sak. Nøyaktig kva spelet vil handle om er ikkje heilt klart, men det vil by på eit ope eventyr der du får utforske verda både til fots og via skateboard. Om vi skal tolke originalen rett, kan vi òg garantert forvente oss mykje David Lynch-inspirert ubehag og moro.

Les også
Anmeldelse: Deadly Premonition 2: A Blessing in Disguise

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Deadly Premonition 2: A Blessing in Disguise

Rocket Arena

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 14. juli

Rocket Arena byr på fargerik underhaldning for alle aldrar.
EA

Rocket Arena er eit intenst og spenstig actionspel der du i all hovudsak skal kjempe mot andre spelarar utan å heilt ta knekken på dei. Her har vi henta litt inspirasjon frå Super Smash Bros, og får heller eit blastmeter som bygger seg opp og sender deg flygande lenger og lenger vekk alt etter kor mykje du blir truffen av andre spelarar. Vi tok ein kikk på det, og blei veldig interessert i å sjå meir:

«Ved første augekast er Rocket Arena akkurat uskyldig, fargerikt og morosamt nok til å potensielt karre til seg ein plass i den stadig meir befolka fleirspelarsjangeren. Spelets fokus på lagbasert og ufarleg rakettkasting er eit tydeleg frieri til den yngre garde, samtidig som spelet også er djupt og utfordrande nok til å tilfredsstille dei litt eldre spelarane.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rocket Arena

Ghost of Tsushima

Plattform: PlayStation 4
Ute: 17. juli

Om ikkje anna, blir Ghost of Tsushima griselekkert.
Sony Computer Entertainment

Eit av årets mest etterlengta spel, og Sonys andre storspel denne sommaren, er Ghost of Tsushima frå Sucker Punch. Selskapet som er best kjend for Sly Cooper og Infamous byr no på ei reise tilbake til det gamle Japan, der du skal få ri på hest gjennom nydelege landskap, og utforske ei verd som prøvar å vise deg vegen på litt meir kreative måtar enn ei pil på eit kart. Du tek på deg rolla som ein samurai i ei mørk historie om Mongolinvasjonen av øya Tsushima. Vi tok ein kikk på det for eit par år sidan:

«Ghost of Tsushima er det penaste spelet på E3 2018, og det er ingen andre som kjem i nærleiken. Landskapet som strekk seg over øya er vanvittig lekkert, og det nærast skrik etter at vi skal kome å og utforske det.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ghost of Tsushima

Paper Mario: The Origami King

Plattform: Switch
Ute: 17. juli

Enda eit fargerikt eventyr med Paper Mario.
Nintendo

For ein gongs skuld har ikkje Bowser kidnappa prinsesse Peach. I staden har Kong Olly tatt kontroll over både slottet til Peach, samt soldatane til Bowser, noko som tvingar Bowser og Mario til å slå seg saman for å hindre Olly i å gjere heile verda om til origami.

Dette sender papirversjonen av Mario ut på eventyr i eit nytt rollespel fylt med trubaserte kampar og rare ting laga av papir. Eit nytt kampsystem lovar heilt nye måtar å få overtaket på fiendane på, og ei verd full av bretta papir bør by på mykje artig snacks for auga. På vegen vil Mario møte ei rekke hjelpsame skapningar som både kan delta i kamp, men og hjelpe til med å løyse utfordringar i verda rundt deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Paper Mario: The Origami King

Sommarferie

Eksentriske Catherine kjem til Switch.
Atlus

Sommaren er som regel ei litt tørrare tid på spelfronten, men akkurat i år er det lite som eigentleg tyder på det. Joda, det er kanskje bittelitt færre spel er normalt, men det kan på ingen måte kallast ei tørke. Ved sidan av det vi allereie har nemnt er det ei rekke interessant spel på veg.

Ta til dømes Bloodstained: Curse of the Moon 2, den nyleg avslørte oppfølgjaren til Kogi Igarashi's andelege Castlevania-oppfølgjar. Her blir det metroidvania frå ein som var med på å skape sjangeren, i tidsriktig 8-bit-stil. Litt heftigare grafikk reknar vi med å få når Marvel sender oss ut på eventyr i Iron Man VR.

Skal vi først over til noko heilt anna, kan vi like godt ta turen til Skater XL, eit spel som satsar på å skape litt entusiasme for skatespel igjen. Grounded blir noko heilt anna. I dette Early Access-spelet har du blitt krympa ned til størrelse med eit insekt, og må finne ein måte å overleve på, helst saman med nokre hjelpsame vener.

Hakket mindre hjelp blir det nok å få i Destroy All Humans!. I denne nyversjonen av spelet frå 2005 skal du framleis spele eit romvesen som likar folk dårleg, men det vil sjå nokre hakk betre ut. Dette er så visst ikkje det einaste spelet som får ein ny versjon denne månaden. Catherine: Full Body kjem til Switch, medan Death Stranding kjem til PC.

Othercide er eit ganske interessant taktisk spel der du skal styre ei gruppe «døtre» i brutale, taktiske kampar. Nokre vil døy, men dei som overlev vil bli forma av kampane og utvikle seg vidare for å forhåpentlegvis gå sigrande ut av neste slag. Med ein lekker, mørk visuell stil er dette eit spel å halde eit auge med.

Meir mørke blir det i skrekkspelet Maid of Sker som er basert på eit britisk sagn, og lovar å by på nokre nifse og utrivelege timar.

Lysare tider blir det i actioneventyret Fairy Tail som er basert på animeserien med same namn. Meir action og full rulle blir det i Rock of Ages 3 som for første gong lar deg bygge dine eigne baner.

Det var alt for juni, nyt sommaren, og spel med måte.

Siste fra forsiden