Test

SteelSeries Rival 3

Endeleg ei budsjettmus det er verdt å kjøpe

Rival 3 er ei god gamingmus til låg pris. Det fyller eit tomrom i marknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

Det er ei stund sidan SteelSeries har imponert oss på gamingmusfronten. Me må heilt tilbake til januar 2018, då dei lanserte Rival 600, for å finne noko som verkeleg rista marknaden litt. Alle produkta deira med gummi på sidene har hatt problem med at festelimet lausnar etter kvart, som har gjort dei til ganske dårlege kjøp.

No byrjar ting å snu seg for danskane. Nye Rival 3 er ei vidareutvikling av klassiske Rival 110, og kjem til ein pris som får lommeboka til å smile. Her er det ingen slitedelar i gummi, vekta er kutta og RGB-lysa er i ein klasse som ligg langt over det ein kan forvente av prisen. Til 449 kroner (400 før valutajusteringa) er dette god valuta for pengane.

Men er endringane nok til å ta SteelSeries tilbake i konkurransen med dei mest innovative produsentane? Tja.

LES OGSÅ: Nordic Gaming Vapour er ein svinbillig kinakopi men resultatet er overraskande godt »

Design og komfort

Forma er omtrent heilt lik gamle, mellomstore SteelSeries Rival 110. Dei har lagt til nokre komfortgrover på museknappane, men elles er forma den same. Dette er ei ambidekstriøs form som har fungert i alle år, og som no er blitt endå betre. For meg ligg forma eit hakk under dei aller mest komfortable formene, men det finst definitivt dei der ute som dette kan vere «endgame»-forma for.

Forma er tungt inspirert av Rival 110.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Rival 3 passar best i handflategrep for dei med fingrar opp til rundt 18 centimeter, og til klogrep for dei fleste handstorleikar. Fingertuppgrep går det òg, men det kjem veldig an på kor høgt ein har handa i forhold til fingrane. Toppen av Rival 3 er nemleg relativt høg for å vere ei mellomstor mus.

SteelSeries har endeleg byrja å forstå at lette mus er det som er inn no, og har kutta av rundt femten gram frå Rival 110. Rival 3 veg 78 gram, som framleis er litt for mykje til å konkurrere med til dømes Razer Viper Mini, men lite nok til at dei som likar lette mus vil vere nøgde.

Dei fleste nye gamingmus av ein viss kvalitet kjem òg med skolissekabel no for tida, men det har SteelSeries sløyfa. Rival 3 har framleis gummikabel. Sjølv om den er mjuk og fleksibel til gummi å vere, er den langt frå like lett i bruk som ein skolissekabel er.

Det som bekymra meg mest før testing var byggekvaliteten. I motsetning til mange andre gamingmus frå SteelSeries er byggekvaliteten upåklageleg på Rival 3. Kutt av slitedelar som gummigrep på sidene, gjer at dette blir eit langt meir solid produkt, og eg har ikkje merka noko teikn til ulydar i knappar eller konstruksjonen.

Knappar

Sideknappane er plassert der dei skal vere, men dei er litt for små.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

SteelSeries Rival 3 har fem knappar og eit klikkbart rullehjul. Høgre- og venstre museknapp har ei behageleg tilbakemelding og ein skarp, hól lyd, som gjer at det kjenst tilfredsstillande å trykke på dei. PPT-knappen på toppen er i overkant langt bak for at den skal brukast i kampens heite, men den er i det minste vanskeleg å kome borti ved uhell.

Volumnivået på sideknappane er ikkje like høgt som før, og lydeffekten er slik den skal vere. Plasseringa er ganske så perfekt i forhold til tommelen min, men sideknappane er litt for små for min smak.

Gummirullehjulet har furer på midten som gjer hjulet godt å ta på. Trinna er korte og klart definerte. Gummihjul vil aldri kunne konkurrere med plasthjula som til dømes Logitech brukar på G502 og G900, men til å vere eit gummirullehjul er dette blant dei betre eg har prøvd. Hjulet er det same som ein finn på blant anna Rival 600.

LES OGSÅ: Dette er den beste gamingmusa til Logitech »

Sensor

SteelSeries har ikkje brukt sin beste sensor i Rival 3. TrueMove Core-sensoren i Rival 3 er ein variant av PixArt PMW3331, med ein sporefart på 300 tommar per sekund, og ei PPT-grense på 8500 (trinn på 100). På papiret er denne ein del svakare enn dei mest brukte sensorane i dyrare mus, slik som PMW3360, men ytinga i røynda er det ikkje så mykje å seie på.

Løftedistansen er eit minus.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Sjølv billigare sensorar er tilnærma feilfrie no for tida, og eg har ikkje klart å få den til å spinne ut. Pikselsporinga ser òg ut til å vere perfekt.

Derimot syns eg løftedistansen er altfor høg. Eg speler med låg følsemd, og flyttar musa mykje rundt på matta. Då må eg ofte løfte musa. Det har skapt litt trøbbel for meg i skytespel, då Rival 3 sporar peikaren når andre mus ikkje ville gjort det. Ein kan fint venne seg til dette eller ha litt teip under musa, men eg syns det er eit lite minus. SteelSeries har andre gamingmus der ein kan endre på løftedistansen i programvara, og det er ikkje mogleg her. Eg er usikker på kvifor dei ikkje har opna for det. Sannsynlegvis er det ei avgrensing med sensoren.

Programvare og RGB

Lite har endra seg sidan sist me testa SteelSeries Engine 3 til gamingmus. Programmet er enkelt å navigere, og endring av eigenskapane til knappane blir gjort på null komma niks. Ein kan ha fem ulike PPT-profilar knytt til PPT-knappen her, og kan endre på akselerasjon og rapporteringsrate.

RGB-fargane er ein klar styrke for Rival 3.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

RGB-elementa er lyssterke og har fine fargar, men SteelSeries har berre inkludert tre ulike modusar i programvara; ein for fast lys, ein pusteeffekt og ein som rullerer mellom forskjellige fargar. Me veit at SteelSeries har eit tonn av slike effektar å by på, så eg syns godt dei kunne spandert på oss litt meir å leike med her. Uansett er dette blant dei mest smakfulle RGB-lysa eg har sett på gamingmus – og dei visast sjølv med handa oppå konstruksjonen.

Konklusjon

SteelSeries har lært av tidlegare feil, og har gjort nokre små grep for å tilpasse seg nye trendar. Lågare vekt, betre komfort og ein kjekk prislapp gjer Rival 3 til eit slagkraftig innslag i budsjettklassen for gamingmus. Det er ikkje så mykje seriøs konkurranse sør for 500 kroner, så dette er uansett eit lurt kjøp.

Gummikabelen, den høge løftedistansen og nokre unødvendige kutt i programvara gjer at Rival 3 ikkje kan kjempe heilt blant dei beste, men det er eit trygt val for dei som likar forma eller som vil ha noko billig.

SteelSeries er nok ikkje heilt kome inn i notida enno. Likevel er Rival 3 ein lovande start, og det lovar godt for framtida. Eg gleder meg til å sjå kva det neste dei kokar saman blir.

Lyst til å lese meir om maskinvare og gamingtilbehøyr? Sjekk ut maskinvare-sidene våre »

8
/10
SteelSeries Rival 3
SteelSeries betrar ein gammal klassikar, og resultatet er ei god mus med få kompromiss.
Behageleg form
God programvare
Flott RGB
Feilfri sensor
Velplasserte sideknappar
Solid byggekvalitet
Skyhøg løftedistanse
Gummikabel

Siste fra forsiden